Eg lurar på om eg tek fly frå Oslo til Stavanger

Eg lurar på kvifor flyvertinna ler so hjarteleg til mannen som sit på fyrste rad i flyget. Ho sit ganske nært òg. Eg tenkjer det er broren. Det var noko litt rart med han, så eg trudde ikkje det var kjærasten. Rar denne dømminga på førehand. Mannen snakkar. Han hev ei heilt utruleg flott stemme. Mørk, stavangersk, seriøs. Interessant. Hmmm. Diggar stemma.

Eg lurar på kvifor alle flyvertinner snakkar svensk. Eller, iallfall minst ei per fly, og ho nyttar alltid høgtalarsettet. Det er heilt utruleg. Det verkar som om flyselskap hev ein fast regel på dette. For ærleg talt – kva er oddsen om det hadde vore tilfeldig?

Eg lurar på kvifor ho seier “Please listen carefully, as the following security instruction will be in norwegian” for å so slå over til svensk og lesa instruksjonane. Svensk er fint og bra det, men ærleg talt, det er jo ikkje norsk!

Eg lurar på om det hadde vore flaut å mista dette flyget. Eg hev ei lang historie for det. Dessutan var eg sjekka inn og ferdig over ein time fyrr avgang. Likevel fekk eg meg ein støkk. Eg sat og las “oppfylgaren” til “Johnatan Strange and Mr. Norell” (eigentleg ikkje oppfylgar, men bryr du deg? Nettopp) då eg plutseleg høyrde “calling out to passangers to Stavanger on… gate is closing”. Eg hoppa opp, la boka frå meg og sprang til utgang 23. Wow. Eg hev alltid dårleg tid til slutt.

Eg lurar på korleis det er å vera blind. Flyvertinna sa til mannen på fyrste rad “sjå her”, når ho skulle vise han noko. Men han var blind. Difor lo ho. Ho orsaka og lo av den teite hendinga. Han smilte bredt og forklarte at det ligg i språket som “undersøk dette” – og at han ikkje vart støtt. Store deler av flyturen hadde eg lyst å setja meg med han for å snakka. Sat meg der originalt, men dei aller fyrste var visst haldt av spesielt.

Eg lurar på kvifor lokale flyreiser skal vera så utruleg personlege, når dei er ekstremt mykje kortare enn det meste av andre reisar. Eigentleg likar eg det, og tykkjer bussar, tog og båtar hev noko å taka igjen.

Eg lurar på om folk hev dårleg blære, eller om dei gløymer å gå på do fær dei kjem på flyget. Ærleg talt. Desse dassane er jo håplause. Nesten.

Eg lurar på kvifor alle reiser seg panisk i det sekund setebeltelampa slukkast. Trur dei terroråtaket kjem no, nett når flyget hev stoppa og er klart for å gå av? Teit.

Eg lurar på kvifor eg stend fyrst i denne teite køen av folk som skal ut or flyget. Hm.

Eg lurar på om eg hev teke for mykje fly, når eg kjenner igjen flyvertinnene. Kjenner dei igjen godt.

Eg lurar på om eg fær ei kjekk halv veke her i Stavanger.

Eller. Hm, nei. Det fær eg.

4 tankar om “Eg lurar på om eg tek fly frå Oslo til Stavanger

  1. Karlsen

    Du lurer på så mye, du. Du er kanskje en lur person.

    Jeg har svar på de fleste spørsmålene dine, men det har nok du også, så jeg skal ikke skrive svarene her.

    Forøvrig synes jeg det er besynderlig at du lar det fascinere av en annen manns stemme, men du velger jo selv hvilket lag du skal spille på. :-)

  2. Odin

    Karlsen: Hehe, du kjenner meg godt nok til å vita at eg hev svara ja. Eg kann helsa til båe familien og Rebecca.

    Og, jo, eg vart røynleg fascinert av stemma honom. Men før du førehandsdømmer, må du hugse at eg hev ei veldig feminin og superdeilig kjærast som faktisk (!) er jente. Ei heilt fantastisk ei. :-)

  3. Egil

    Hehe, ein gang eg sko fly heim fra Camilla, klarte eg å stå utenfor sikkerthetssonen når det var gate closing. Då var det bare å forta seg igjennom, og springa som bare faen te andre enden av flyplassen. Stavanger får alltid den gaten som e langst vekke. typisk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.