Etevanar, nei -uvanar

Eteuvanane mine når nye botnpunkt. For det er det det er (sic); eteuvanar.Etevanar hev eg ikkje. Nada. Finst ikkje. Det einaste ein kanskje kann kalla ei vane er det å ikkje eta. Off-off. Uvanar.

I dag, etter eg hadde stått opp åt eg ei (1) bolle. Ei bolle. Greitt nok. Heilt flott om lunsjen er litt større. Er han det? Nei, lunsjen er ingenting – berre hacking på maskina mi på Ping. Morten inviterte meg heim for å sjå Star Wars ep. III. Me kaupte chips. Superchips. Såg film og åt litt chips.Så spelte me Jak X. Klokka vart mykje og eg vende nasen heim medan eg prata med mamma i telefonen. Vel innanfor blokka tenkjer eg «ah, gidd eg eta?». HÆ!? Kva faen? Kva er det for eit spyrsmål? Du hev ete ei, ei, bolle og litt chips i heile dag din stygge satan! Og i går åt du omtrent heller ingenting – fire rundstykke med ost. Og eg merkjer det jo sørenmeg ikkje. Eg tenkjer at eg ikkje gidd stressa med mat? Ugh.

Eg kom på at eg hadde tri boller med ost i sekken. Sat meg ned og åt dei medan eg kom på at eg omtrent ikkje hev ete i det siste. Kroppen seier ikkje frå. Hmm. Når eg tenkjer meg om, synest eg å hugsa eg åt ein hold-it på Ping. Ahh. Det endrer jo saka. Ikkje rart eg ikkje var svolten. Hadde jo ein heil hold-it til middag. Det kallar eg eteuvanar…

14 tankar om “Etevanar, nei -uvanar

  1. Unni Elisabeth

    Nei, dette går ikke. En ansvarlig mor, og det er jeg jo, kan ikke lese dette uten å gjøre noe aktivt ved å kommentarer her… Grovt brød, ost er bra og leverpostei med agurk. Noen grønnsaker må også til, for eksempel gulrøtter. Du kan med fordel spise fuglefrøene dine (havregryn) framfor BOLLER! Odin, her MÅ DET bli andre boller. Frokost og middag er det minste du må ha.

  2. Odin

    Hehe. Eg hev ost, eg lyt berre kaupa brød. Havregryn og heil-mjølk hev eg heime. Eg åt stor middag i dag (det er jo trass alt ikkje helg!). Skal eta betre når eg kjem so langt. Må berre få vanar. Gode vanar. Etevanar.

  3. Skjalg

    Nå er det berre to dagar til du kjem heim til far sine gryter!! Då vert det anna enn boller……..

  4. Egil

    Du kan i det minste ta ein tur bort på Fredrikke og kjøpe deg middag om du ikkje orke å mekka någe sjøl Odin. Du får masa på sio så de kan skaffa deg et skikkelig hjem snart.

  5. Odin

    Rebecca: Wtf? Kva for eit ljos?

    Egil: Heile poenget er jo at Fredrikke held stengt i helga. Normalt sett et eg jo middag der. :-)

  6. Rebecca

    Odin: DUH!! I lange tider har du snakka helt ubekymra om spisevanene dine. Jeg fikk helt sjokk da jeg var hos deg sist; jeg sa at vi måtte kjøpe brød så vi kunne spise frokost neste morgen, og da sa du: «Trenge du frokost?» Jeg mener, oh my god! men nå ser det ut til at du har forstått at både frokost og andre måltider er viktig. Ergo, du har sett lyset ;)

  7. Nado

    Har dokker isje felleskjøkken på kollektivet? Begynne du å laga mad bler du som regel mer sollten og! ;)

  8. Odin

    Nado: Jo, eg hev det (gralla med stor N og blogg!), men eg plar jo ikkje hengja på hybelen. Eg er på Ping heile dagane. Men det er sant det du seier, eg er dritsvolten no, sjølv om eg hev ete mykje i det seinare!

    Eg vaknar opp på morgonen og er skrubbsvolten. Det er ganske forferdeleg.

  9. Nado

    ja, d va på tide eg fiksa kallenamnet mitt! Eg hive meg isje på blogbølgen me d samma, men tenke eg kan jaffal oppretta og se koss g går. Eg fant http://middagforen.no/ her om dagen, va ganske mange enkle, raske og billige middager som passe fint te studenter o.l. som bare lage någe enkelt for en person. Så d e bare å begynna å laga mat, eg e dårlig me d sjølv men har begynt å «mekka» mad på kjøkkenet mer og mer i d sista! Go for it!

  10. Karlsen

    Jeg tror at jeg (og Espen) endelig har fått svar på dine usedvanlige dovaner. (Tenker spesielt på avføringen din som visstnok kommer én (1) gang i uken!)

  11. Odin

    Nado: Flott! Denne skal eg sjå nærare på. :-) Såg bra ut.

    Karlsen: Hum, truleg. Men eg trudde de hadde funne ut det for lengje sidan? Elles må eg vel få seia at eg synest dine dovanar er endå rarare – eg hev sjeldan møtt nokon som skiter halvparten av det du gjer. :>

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.