Ingar Arnøy. Helt.

Wow! Berre, wow! Eg kan ikkje ordleggja meg betre enn dei som ikkje kan ordleggja seg. Byter det ut med store augo, måpande munn og stadig gjentakande positive, enkle og overraska ord. Ingar Arnøy er helt. No er han ikkje den store altoppslukande helten, men når det kjem til målsak, å hava dritgode foredrag og ikkje minst det å engasjera, så er han superhelt.

Dette er skrive for ein månad sidan

Eg var på møte i Samlaget sine lokale med Vikværingen – eit slag «fylkeslag» for Oslo og omland. Midt inni programmet hadde Arnøy eit punkt om «Den tvospråklege staten». Det høyrast umåteleg døllt og keitt ut, men Ingar er ein kunstnar. Han får alle med seg i ei utruleg logisk og engasjerande tankjerekkje. Hadde dette vore i går, då eg heile dagen var i ekstase frå punktet, hadde eg prøvd å forklara noko av det sjølv. Men eg trur ikkje det fungerer so bra skriftleg. Iallfall ikkje frå meg, som ikkje kann denne engasjerande kunsten og som heller ikkje er noko stort god på få ord og tankar på papiret. Nei, de må berre oppleva han. Helten, Ingar Arnøy :D

4 tankar om “Ingar Arnøy. Helt.

  1. Egil

    Når me snakke om helter så har jo Time magazine kåra Linus Torvalds som ein av verdens helter de siste 60 årå, på lik linje me f eks Nelson Mandela.D e skills d!

    Forøvrig bør tidspunktet for artikkelen stå øverst, ikkje nederst. Du får ikkje satt innlegget i et tidsperspektiv om du får vita tiden etter å ha lest det.

  2. Odin

    Egil: Slik, fiksa på. Din flisespikkar.

    Ja, det Time gjorde med Linus er heilt supert! Han er jo òg ein helt. RMS (Richard M. Stallman) òg.

  3. Skjalg

    Eg høyrde rykte om at Ingar Arnøy var på skulen (RVGS) i dag! Er det du Odin som har invitert han??

  4. Tilbakeping: ARGH! Hekkans stygge posten, no er eg SO LEI! - Velmont

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.