Nokon hev visst fritidsproblem

I går natt fekk eg vita at det faktisk bur nokon ved sidan av hybelen min. Eg la meg kl. 3 (sat oppe og hacka på Stavanger Casting, starta på botn. No med mitt eige rammeverk!) og då høyrde eg høgt og klårt stemmar i det andre rommet. Dei snakka høgt, og smalt med dørene, men i natt var det verre.

Eg hadde lite svevn frå i går, og i dag skulle eg opp tidleg for å rekkja utferda til Utøya der eg skal på matteseminar. Eg hadde det allereie vanskeleg for soving grunna bråket ute. Lukka vindauget. Men etter ei stund var bråket innanfor mykje høgare. Langt utpå natta starta fæle smelleljodar frå siderommet. Han gjekk inn og ut or rommet. No er det rett sagt ekstremt lytt og ein enorm akustikk i gangane. Ein kvar ljod (spesielt den høge nykellåsen) vert utruleg forsterka. Same kva, han gjekk inn og ut. Inn og ut. Laga digre ljodar av alt. Etter eg hadde irritert meg lengje – og kanskje øydelagd ein del av morgondagen stakk han ut. I dag såg eg så vidt kor skiti [sic] badet hev vorte. Heldigvis skal eg ikkje bu her lengje.

Dette er skrive for lengje sidan, 22. september yver ei og ei halv månad sidan. Eg hev truffe naboen min, som er dritkul. Kjekk kar. Og han stressa med å flytta inn desse dagane. Matteseminaret var dritkult.

12 tankar om “Nokon hev visst fritidsproblem

  1. Odin

    Jarle: Eg hadde brukt evig lang tid på å læra meg det, men eg fekk ikkje til mange-til-mange på ein enkel måte. Det skal gå an, men eg klarte ikkje tenkja på CakePHP-måten lengre, og fann ut eg trong litt god gamal SQL for å rydda opp i hovudet mitt. Akk. Det hev gått drit med det prosjektet, diverre. Eg er særs lei meg :/

  2. Odin

    Karlsen: Haha, det er lengje sidan. Men, hmm. Eg veit jo iallfall ein som ville synast det var greitt å lesa. Kanskje eg skal skriva om det då, om eg fær tid.

  3. Odin

    Egil: Wtf? Utbrodér. Mange-til-mange er ikkje stygt, det er noko ein hava i databasar. Det er faktisk ein fin måte å gjera ting på.

  4. Egil

    Eg kan ikkje forklara særlig bra siden eindel av pensum har gåt i glemmebogå, men siden d e Skagestein som har faget kan du jo bare spørre han i pausen på 1040, så får du sikkårt et fullgodt svar.

  5. Odin

    Egil: Høyrast ut som ei søppeldynge av dritt. Eg trur ikkje på det; eg hev høyrd INF1050 er drit. Ein må taka det spesialiserte database-kurset for å få noko skikkeleg. Mange-til-mange er den einaste rette måten å gjera mange-til-mange-forhald på. Ein brukar ein assosiasjonstabell, ja, det er den einaste lure måten å gjera det på i ein relasjonsdatabase – men det er òg kva ein jobber med i mange-til-mange.

    Eit kjapt søk på nettet vil fortelja at mange-til-mange er vegen å gå. Korleis skal ein elles representera «eit innlegg hev mange taggar, men kvar tagg kan òg brukast på mange innlegg».

  6. Egil

    1050 e kanskje drit (eg syns ikkje det var særlig spennande, nei), men du lære eindel du får nytt av seinere (dog kan du sikkert masse fra før). Men dette me at mange te mange e så bra (ikkje at eg bryr meg egentlig, e alltid åpen for nye løsninger), kordan kan du laga sterke skranker? D ekje meint som et spørsmål for å prøva påstanden din, eg bare lure. Forøvrig finnes d jo ein rekke tilfeller kor selve mange-te-mange forholdet inneholde eindel data slik at d e hensiktsmessig å oppretta et eksta begrep.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.