Pappa spammar i kommentarane, medan Yvonne ikkje vil skriva

Eg oppfordrar alle til å skriva under på oppropet/underskriftskampanjen til Schancheholen velforeningøyskjerming (same kvar du bur!). Men eg synest oppfordringa til pappa var malplassert i kommentarfeltet – dimed fjerna eg han og putta han heller er. Sidan eg allereie er på eit so bloggete tema, kann eg via resten av innlegget til eit blogg-navlete innlegg om Yvonne. :]

Eg hev ei god veninne. Ho heiter Yvonne. Ho er aktiv i Målsiddisane, og det var eg som fekk ho inn i målungdomen med det fyrste. Det var vel eg som fekk ho interessert i nynorsk òg. Smarte folk vert fort interessert i nynorsk når dei lærer kva det eigentleg er. Ikkje alt det hekkans tullet som vert undervist på skulen. Lærarar syg, normalt sett. Dei kan ingenting om nynorsk – det er jo ikkje rart når dei ikkje fær opplæring i det sidan dei skal kunna det frå ung.sk. og vgs (og det kan dei vel? (snus ironien)). Men det var ein diger avsporing; saka er at Yvonne ikkje vil skriva kommentar.

Eg veit ikkje om dette er slemt av meg, men no hev eg kjend Yvonne i godt over eitt år. Ho les det eg skriv på sida mi, men hev aldri kommentert. Til slutt registrerte ho seg etter sterkt press (off, fær meg til å høyrast superslem ut), men aldri nokon kommentar. Eg veit at registrering for å kunna kommentera er særs slemt og teit – men eg gidd ikkje fiksa noko betre nett no. Det er heller ikkje problemet. Yvonne kjenner vel at ho ikkje hev noko å seia – eller ikkje er del av «klikken». For det fyrste er det ingen klikk, av dei få som les sida mi, er det likevel ein god del som ikkje hev peiling på kven dei forskjellege er. Kann henda nokon berre kjenner meg; so det er inga krav om å kjenna ei løynd handrørsle for å skriva kommentarar totalt av tema (eller på, for den saks skuld).

Yvonne er tøff

Yvonne er vel òg den personen kjærasten min Rebecca kjenner best1. Kann henda ho kjenner Espen betre. Yvonne er forresten kul på fleire område:

  • Brukar Xubuntu Linux
  • Dritflink til å teikna
  • Er seg sjølv
  • Kreativ
  • Er med i NMU (som alle kule menneskje2 ;-) )
  • Lærer fort
  • Kann programmera (PHP og C++ (!) ) mrk3
  • Særs omtenksam
  • Elskar Fantasy
  • Lagar vakre nettbunadar
  • Særs god med xhtml og CSS

Ho er jenta eg snakkar 2. mest med i Stavanger. Pappa helsar på ho på skulen, der Yvonne hev vore med å organisera nynorskkurs og masse anna
tøft.

Yvonne, eg vil at du skal skriva kommentar når du hev noko å seia (som vera minst ein gong i månaden (hyhy :P)). Du er særs velkomen på sida; faktisk vil eg at folk som ikkje kjenner meg skal kunna skriva kommentarar òg. Det er slett ikkje reservert for
nokon få; sjølv om eg meir eller mindre forventer det av nokon (og du er blant dei…). :-)

Notar

1 Av dei venene eg hadde før Rebecca, sjølvsagt (Monique, Hege et al er ikkje originalt mine, dei er Rebecca sine).

2 Ok, då. Det finst eksempel på kule menneskje utanfor NMU òg. :-)

3 Eg kan ikkje C++ eingong :P

17 tankar om “Pappa spammar i kommentarane, medan Yvonne ikkje vil skriva

  1. Egil

    Du får laga et opprop for det på opprop.no og spamma fardins ikkje-eksisterande kommentarfelt.

  2. Skjalg

    Sånn ja. Det er fint det Odin.. No er hjartesaka mi godt kjend. Den står og i papirutgåva av Aftenbladet i dag. Det er bra å vera oppteken av viktige ting. Eg synes det er interessant å lesa Odin sine sider. Det forteller meg kva han og hans vener er oppteke av og somme tider er det jo sers gjevande å lese. Eg veit at fleire av mine vener (gamle, sånn mellom 40 og 50) somme tider les her. Eg passar på å fortelle om sida di ofte. Å bruke nettet til å samle folk og underskrifter for ei god sak er noko er synes er bra. Så skriv i vei…engasjer dykk i målsak og politikk! Saklegheit er sjølsagt naudsynt. Og eg oppfordrar alle til å skrive sine kommentarar – no har jo Unni (mor te Odin) og kome med fysste utspel….

  3. nado

    E godt forståelig at hu kanskje isje vett ka hu ska skriva. Jo flere som skrive det bere blir d for alle. Syns det e kjekt å lesa innleggane dine og ittepå lese/skrive kommentarer som følger me. Det gir et lite innblikk i hverdagen din som me ellers isje ville fått hørt.

  4. yvonne

    Nææ, seee hvem som skriver en kommentar Odin! :D Artig. Jeg synes òg det er gøy å lese på siden. Jeg skal bli flinkere (flink strengt tatt) til å skrive kommentar nå, ettersom jeg faktisk leser her hele veien – og fordi du er en god venn. Håper du blir glad nå. Btw, du er òg tøff. Hehe.

  5. nado

    Eg og bruge Xubuntu! Syns det e den beste linux-distroen fram te nå. Argh, lige isje dobbeltposting men ville få fram kor bra Xubuntu faktiskt e.

  6. Odin

    nado: Flottflott. :-) Forresten var det jo ingen dobbelpost, sidan Yvonne hadde skrive mellom. Dessutan var det god informasjon dèt. Sjølv nyttar eg Ubuntu, men eg er vel meir i Ion3 no, enn Gnome – so det er jo /eigentleg/ ikkje standard Ubuntu. Men når eg skal imponera folk, eller gjera ting den lette måten så startar eg Gnome.

    Lurer på om eg skal få pappa til å installera Xubuntu på fetteren min sin laptop, han hev installert Ubuntu – satt opp DVD-stønad og masse anna (kjempeflink! :D) på ein gamal bærbar datamaskin. Eg må seia eg vart imponert av det. Men sidan maskina er so gamal, er det kanskje betre å køyra lette og snøgge XFCE i staden for Gnome.

    yvonne: Hehe, no vart eg glad ;-) Eg jobber stadig med den nye sida :] Men er eigentleg lei av han allereie (før han er ute!) – so det kjem nok ei oppdatering om ikkje for lengje.

  7. nado

    Alltid liga kjekt å hørra at linux gir nytt liv til gamle maskiner! Kom på en ide til bloggen din; konne du lagt sånn snowflakes-mønster rundt ramma på hovedvinduet din som slags jule-skins? Eller blir d kanskje for mye Coca-Cola feeling? Hehe… Hadde uansett vært tøft! Foresten må eg sei at det har blitt veldig naturligt å lesa nynorsken du skriver på blogg/irc, trodde isje eg ville komme te å sei det! =)

  8. Egil

    Eg har og sagt at an kan friska opp designet litt. Han jobbe på et nytt, og nå som juleferien komme har han ingen unnskyldning for ikkje å setta d i drift innen nyttår :p Nå har an jo blitt nettansvarlig for universitetsavisen òg. Odin, mekk innlegg om d!

  9. Monique

    Ah, sånnja, NÅ kan eg kommentera igjen!:) E makkverk med det der navnet.

    Eg kan saktens kjenne meg igjen i det å ver redd for å kommentera her. E ein gjeng skumle folk så skrive t tider. Eller egentlig ikkje då. I begynnelsen va det vertfall skummelt. Nå har eg vel funne ut at de faktisk ikkje skade meg fullt så mye så eg antok før. Wee.

    Eg hadde faktisk tenkt å ver på et eller annet møte som NMU sko ha (eg tror vertfall det va de. Nynorskgreier va det vertfall) Men i og med at eg sko ha prøve neste dag, så funka det heller dårlig. Plakaten de hang opp va i det minsta stas!:D Eg får se om eg ikkje fere avsted på någe neste gang de henge opp ein lapp:)

    Oh, eg e nevnt. Stas!

  10. Odin

    nado: Haha, båe til «snowflakes» og nynorsken :p Jo, tja. Eg skal tenkja på det. Om det kjem eit juletema (litt snjo eller noko) er det din forteneste.

    Egil: Skal skriva om det. Men eg hev ikkje alltid lyst/tid.

    Monique: Wii-hii (hehe, vising til Nintendo). So du seier ingen hev kome og banka deg opp grunna kva du hev skrive i kommentarfeltet? Wow, eg må seia venene mine hev haldt seg særs stille. Dei plar jo banka opp alle som kommenterer… (ikkje)

    Hum? Kva møte? Stod det noko meir? Aaah… Ja, ope møte på torsdag? Eg hadde tenkt å gå på det, men so skulle eg i middagsselskap. Fin plakat? Interessant, dette må eg finna ut av. Før var det eg som laga alt slik til Målsiddisane – men no er jo eg vekk.

    Nemnde deg ja, – er alltid kjekt å verta nemnd; so eg tenkte – kvifor ikkje utbrodera?

  11. Monique

    Hmmdå, eg ane et visst preg av sarkasme eg. Eg trodde ikkje de sko banka meg nei, egentlig ikkje. Så skumle kan de umlig ver.

    Det stod nok ein del mer, men det hugsar eg ikkje. Et eller annet med at de lurte på koffor alle skurkene på barne-TV va fra Østlandet. Grunn nok t å gå spør du meg! Eg lo litt når eg leste det:) Me, som sagt, feil dag og feil tidspunkt. Neste gang går eg!

    Joda, me like litt utbrodering i ny og ne. Minne meg litt om å sy.

  12. Odin

    Monique: Sarkasme, ja. (Men skreiv ikkje i slutten, var redd nokon skulle tru det var slik). Aaahh!! Det ja, – veit du kva? Rebecca var på det. :-) Men eg trur det hadde 18-årsgrense. Diverre.

    Eller. Hm. Nei, det var noko anna. Det var det SmiS (Studentmållaget i Stavanger) som hadde. Menmen, det er godt. :) Sy? AAahh, eg trudde du var litt frekk (på ein rar måte) og sa spy. Eg klarte ikkje trekkjane linene; men sy forstend eg jo.

  13. Karlsen

    Jeg forstår problemet til Yvonne. Mange av folkene her (les: nado og egil) kan virke skumle og fæle.

    Vanligvis vet jeg ikke helt hva jeg skal si, så jeg bare skriver noe kvasikoherent og håper på det beste. Omtrent som nå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.