Månadsarki: desember 2006

Litt dagbok dei siste dagane (trass lite nytt)

No er eg nett ferdig med boka eg las; The Litte White Horse, og hev dimed ikkje noko å gjera på bussen/t-banen lengre. Dimed kann eg skriva. I går hang eg med Espen, me stakk på joleverkstad med SmiO. Eg fekk ikkje noko ut av det då – laga berre peparkaker og marsipan som eg la att. Men moro var det, og sers hyggeleg.

Dette er skrive i går, laurdag.

Rebecca var her dagen før det igjen, på fødedagen min (som eg synest eg hev skrive dritmykje om). Tidleg morgon etter hadde eg eksamen, traff mellom anna på Børge og Jo Andreas. Førre dag hadde eg fengje melding om at eg hadde fått hybel med internett på Kringsjå. Meg og Rebecca drog dit i regnet og fann ut korleis ein flytta. Ho drog heim att på kvelden, og eg stakk på/til Ping der dei gjorde seg klar til å sjå film. Genialt! Eg slang meg i sofaen og såg Clerks 2. Var ein grei film. Var ein herleg kveld. Hacka litt smått på den berbare før eg stakk heim.

Dagen etter, i går (fredag)

Eg hadde planlagt å flytta denne dagen. Slik vart det ikkje. Eg stod opp kl 1400 og kjende toget var gjenge. Dessutan var det superskittent og -rotete og vekeslutt. Eg hadde avtale med Espen, men han såg etter jolegåver. Oi, der er noko eg hev gløymd totalt! Sat meg på Fredrikke for å eta lunsj/frukost. Kaupte graut (billig, kr 25) og traff Synnøve. Eg fann mandel i grauten, gjekk til kokken og vart overlessa av ting eg eigentleg ikkje trong. Ah, utanom dei halvsteikte rundstykka då. Eg laga dei alle i dag og åt dei til båe frukost, lunsj og kvelds. Forresten hev eg putta alle kleda mine i vaskemaskina i kjellaren og gløymd det. Er sikkert stengd der no, so vonar eg fær sjå kleda igjen! Hadde vore litt stress utan…

Jaja, eg prata so smått om i går; eg la sausmugga og usb-koppvarmar-og-huben att på Ping og stakk for å treffa Espen. Me hang litt og eg traff ei kjend frå Universitetet på Kiwi. So nytta eg mi overlegne stadsans og fann fort fram til Sigbjørn og Margit. Joleverkstaden var absolutt ikkje i gang. Berre Anne Stine var kome. So å vera ein halvtime for sein, som meg og Espen var, er visst alt for tidleg. Men til slutt vart det livleg, og eg kunne ikkje unngå å dra fleire vitsar på Espen sin kostnad. Nett som gode gamle dagar. Til slutt fór me heim. Kvar til sitt.

I dag (eller, eigentleg i går, men same det (laurdag))

I dag var ein u-god dag. Eg var på Ping kl 1500 og vart til 2400. Gjorde ikkje stort, hadde vore greitt elles. Men me åt jo pizza, såg ein Family Guy-episode, såg ein Mythbusters-episode og var ein ganske stor gjeng – so det var ikkje alt for gale. Dessutan fekk eg forska litt på Oracle-databasa. Men synd eg ikkje fekk migrert ho til MySQL. Jaja. Seinare.

Ekte i dag (dette er skrive rett inn, ikkje via boka (sundag))

Ja, hang største delen av i dag òg på Ping. Fekk henta kleda mine i kjellaren, og bretta dei fint opp. No ligg dei og stryk seg sjølv på rommet, nett slik eg hev lært av mamma. Morten sit til venstre for meg og hackar Sony PSP-en sin (han lagar eit spel som han hev fått masse pengar av filmfondet for å laga – det skal køyra på alle slags rare konsollar og datamaskiner – so han vil hava fleire stader å testa det enn berre Macen honom). Me åt burjare (hamburger) i dag. Stor og dyr som me plar kaupa. Håvard sa noko moro i går då me var so mange folk – han var heilt overvelda av folketalet – normalt sett er det jo berre «meg, Morten… og Odin som er fast inventar her i helgene». Haha :-) Då lo eg godt. Det er jo heilt sant. So herleg sant òg. Ping er ein herleg plass.

Men eg hev ikkje gjort noko stort i dag heller

Ikkje-jævlig fødedag (går det?)

So vart ikkje fødedagen min jævlig lell. Eigentleg hadde eg berre trudd han ville verta småtrist. Var på årsmøte i Ivar Assen-sambandet, var hyggeleg, Elisabeth var der. Etter det skulle eg på pub. MEN! Så fær eg ein telefon; eg måtte henta ei pakke på fyrr dei stengde. Eg sprang ned og fann Rebecca(!) i butikken!

Eg vart kjempeoverraska og superglad. Det vart eit kjekt døgn (no er ho vekk). Eksamen i INF1040, eg fær ikkje A, og vil ikkje hava C. So tek han gjerne om att om det vert C. Takk for alle dei koselege innspela (kommentarane) forresten! Dei siste dagane hev vore fantastiske på heimeside-fronten ;-)

Eg hev fødedag i dag

Eg hev fødedag i dag … om enn, ein superkei ein. Imorgon er det eksamen i 1040. Noko eg ikkje trur gjeng like bra som eksamen i INF1000 (der reknar eg med A). Eg vert likevel skuffa om eg fær ein C i 1040 no, då vil eg truleg taka faget om igjen. No skal eg snart på årsmøte i Ivar Aasen-sambandet (eg er med i Høgnorskringen), og går diverre glipp av avslutninga med Universitas. Jaja, kann henda eg fær treffa dei på pub-en etterpå. Eller gjera noko anna. Same kva. Eg kjenner meg utruleg åleine her på fødselsdagen min. Er ikkje kjekt å vera i Oslo då. :-(

Eit musehakk mindre einsamt på Bjerke

Wohoo! Eg hev snakka til fleire i blokka mi! Rektig nok berre «Good night» med svar attende; men det var jo noko. Eg kjenner meg eitt hakk mindre totalt åleine på denne plassen, Bjerke Studentheim.

Eg hev ein kamerat på Bjerke, det vil seia ein eg pratar med då eg stundom ser han. Han er frå Asia og gjeng på BI. Eg hev prata ein del med han om «norwegian-danish and norwegian» og korleis dei fleste nyttar den fyrste. I dag såg eg han på Bjerkebussen og helsa der eg sat med den absolutt forferdelege maten frå Deli de Luca (nei, det vert kebab fast etter dette! Det er mykje billigare òg).

Full heis

Me fekk veksla eit par ord i inne i heisen, full av dei asiatiske venene honom. So gjekk han av i andre etasje – og eg var igjen i heisen med ein flokk supersøte asiatar. Ho eine hadde lent seg på knappane, så halvparten av etasjane var markert. «Haha, you pushed them all», lo dei andre. Eg gliste breitt – desse folka var riktig herlege! Dei krangla litt om det, for det meste på engelsk, men med eit par ord på eitt eller anna asiatisk språk imellom. Eg ville gjerne bryta inn med ein hyggeleg setning, dei virka so opne og mottakelege for det.

Men eg var snart på mi etasje – og det var berre tvo av dei att. Rett før døra lukka seg bak meg fekk eg glad ynskja dei god natt med svar attende. Superkos! No kjenner eg at eg hev fleire å kunna småprata med enn asiat-venen min og naboen min (som eg ikkje hev sett på lengje! Verkar fordufta)…

Likevel er det langt ifrå nok til å få meg til å tenkja at Bjerke er ein kei, kei, trist og einsam plass. Ugh, eg vil flytta.

Dessertdraum; Wii!

Eg draumde masse i natt, mellom anna hang eg med Fredrik og tvo jenter, sikkert veninner av han sidan eg ikkje hugsar dei. Det er likevel den seinare delen eg hugsar best og mest av, då Fredrik plutseleg vart byta ut med Falke og me stod på ein parkeringsplass…

I butikken

Slikt er jo heilt logisk og lovleg i draumar – eg tenkte ikkje over det ein andre gong. Datoen var 1. desember (eg såg på klokka) og me gjekk inn i butikken (som var på plassen). Såg litt ut som ein bensinstasjon/kro, men var visst ei slags leikeforetning. Mamma var der allereie – kann ikkje hugsa pappa. Det stod ein liten kø framfor disken og nedi disken låg ein haug forskjellege titlar i spreke fargar. Til høgre og alt for langt inn på bordet stod ein slags dessertliknande skål med vaniljeis, mørk, varm, mjuk og tjukk rennande sjokolade og bringebærsyltety. Eg fann ei tynn bakevare og lente meg over bordet slik dei små gutane før meg hadde gjort. Dei hadde grisa det til.

Hovudgrunnen til butikkvitjinga

Men eg hev ikkje fortalt hovudgrunnen til alt dette; dei selde Nintendo Wii! Det var nok difor me var der. Falke hev prata stort om dette fælt so lengje, men sjølv var eg ikkje sikker på om eg skulle kaupa mi eiga. Ingen i butikken trudde det iallfall, for dei ville ikkje at eg skulle eta av desserten. Eg såg at kunden framfor meg såg etter spel å kaupa med. Då fekk eg eit sjokk; kvar var Zelda!? Einaste grunnen til at eg plar kaupa Nintendo sine maskiner. Eg såg heller ikkje Wiigames minisport-spelet som eg trur vert ein stor hit. Dama bak disken ga den andre dama eit spel som heitte «Tribal» (??). Kauparen sa at det ikkje såg moro ut. Då vart den tilsette dama særs fornærma og braut ut; «Jo, det er kjempebra!!».

Eg vart endå meir usikker på om eg skulle kaupa boksen. Falke ville jo gjera det likevel – dessutan hadde dei ikkje Zelda. Men då ville jo alle få rett om at eg ikkje skulle kaupa Wii, men berre åt masse dessert lell. Og det var jo eigentleg-eigentleg feil. For eit dilemma!

Fine dagen

So vakna eg av at hest 2 visstnok vann laupet rett nedpå Bjerke-banen. Hmm. Klokka 11. Lyt vel koma meg ned på Ping…

Sida oppe igjen, i oppdatert godskap!

Sidan so mange hev vore lei seg for at sida hev fengje ei pustepause (spesielt Monique, Egil og Nader), so er ho no oppe igjen. Eg hev endeleg lagt inn den nye nettbunaden eg laga for eit halvt år sidan og gjort ei rekkje endringar i same slengen. Eg ventar litt med å skriva kvifor nettsida var nede ei veke, men det kjem.

Ny nettbunad, og snjo!

Den største endringa er nok nettbunaden. Men kanskje like stort er det at no kann alle gje innspel til innlegga mine utan å måtta registrera seg. Dette er noko eit par hev venta på, so versegod. Eg trur det vert fleire «slemme» innspel no, men det toler eg. Forresten er det framleis best å vera registrert, eg skal sjå om eg kjem på lure ting for å få folk til å gjera nett det. Eigentleg er eg særs nøgd med aktivitetsnivået på nettsida mi no, folk er særs flinke til å skriva innspel til innlegga mine. Det gjer at eg hev lyst å fortsetja å skriva. Elles takk til Nader for tips om å lata sida få litt snjo i juletider. Toppen av sida vil verta «normal» (som de aldri hev sett!) når jol er over.

Av andre ting syner eg no dei tri siste bileta frå biletegalleriet på framsida, eg skal prøva å oppdatera dette litt oftare enn eg hev gjort i det siste. Det er ganske daudt nett no. Eg fjerna eit par av dei statiske sidene, og hev lagt heile menyen nedst på sida. Eg trur ikkje ho vert brukt so ofte. Framsida i seg sjølv er renska kraftig opp; den viser berre dei tri seinaste innlegga. Arkivet hev eg ikkje fiksa heilt endå. Det lyt eg gjera fort, men eg må gå snart.

Vad tycks? (eller korleis det no skrivast :P)

Hmm. Ja, elles er det mange andre småfiks rundt omkring. Eg hugsar ikkje alt nett no, men det gjer lite. Eg vonar eg hev halde på hovudpoenget med sida mi framleis.

Litt hemmeleg, mellom oss, – eg er eigentleg allereie lei denne versjonen (18), so det kann henda det ikkje tek meir enn eit halvt år før eg hev oppdatert sida igjen (18.5, eller 19 – kven veit?).

Eg lurar sjølvsagt på kva de synest om dette, og om det er noko som no manglar. Er det noko som må endrast på?