Dessertdraum; Wii!

Eg draumde masse i natt, mellom anna hang eg med Fredrik og tvo jenter, sikkert veninner av han sidan eg ikkje hugsar dei. Det er likevel den seinare delen eg hugsar best og mest av, då Fredrik plutseleg vart byta ut med Falke og me stod på ein parkeringsplass…

I butikken

Slikt er jo heilt logisk og lovleg i draumar – eg tenkte ikkje over det ein andre gong. Datoen var 1. desember (eg såg på klokka) og me gjekk inn i butikken (som var på plassen). Såg litt ut som ein bensinstasjon/kro, men var visst ei slags leikeforetning. Mamma var der allereie – kann ikkje hugsa pappa. Det stod ein liten kø framfor disken og nedi disken låg ein haug forskjellege titlar i spreke fargar. Til høgre og alt for langt inn på bordet stod ein slags dessertliknande skål med vaniljeis, mørk, varm, mjuk og tjukk rennande sjokolade og bringebærsyltety. Eg fann ei tynn bakevare og lente meg over bordet slik dei små gutane før meg hadde gjort. Dei hadde grisa det til.

Hovudgrunnen til butikkvitjinga

Men eg hev ikkje fortalt hovudgrunnen til alt dette; dei selde Nintendo Wii! Det var nok difor me var der. Falke hev prata stort om dette fælt so lengje, men sjølv var eg ikkje sikker på om eg skulle kaupa mi eiga. Ingen i butikken trudde det iallfall, for dei ville ikkje at eg skulle eta av desserten. Eg såg at kunden framfor meg såg etter spel å kaupa med. Då fekk eg eit sjokk; kvar var Zelda!? Einaste grunnen til at eg plar kaupa Nintendo sine maskiner. Eg såg heller ikkje Wiigames minisport-spelet som eg trur vert ein stor hit. Dama bak disken ga den andre dama eit spel som heitte «Tribal» (??). Kauparen sa at det ikkje såg moro ut. Då vart den tilsette dama særs fornærma og braut ut; «Jo, det er kjempebra!!».

Eg vart endå meir usikker på om eg skulle kaupa boksen. Falke ville jo gjera det likevel – dessutan hadde dei ikkje Zelda. Men då ville jo alle få rett om at eg ikkje skulle kaupa Wii, men berre åt masse dessert lell. Og det var jo eigentleg-eigentleg feil. For eit dilemma!

Fine dagen

So vakna eg av at hest 2 visstnok vann laupet rett nedpå Bjerke-banen. Hmm. Klokka 11. Lyt vel koma meg ned på Ping…

7 tankar om “Dessertdraum; Wii!

  1. Nado

    E kanskje någe i den drømmen! Udenom at eg fekk sygt lyst på vaniljeis så e d egentlig bare Zelda som friste! Eg e spent på kossen kontrollen blir iforhold til vanlige Zelda-spel. Det virke i det minste veldig befriende! Eg har lenge vært skeptiskte te Wii, men samtidig e det veldig spennende og interessant. Får nok prøve Wii etter jul, kanskje i januar. glede seg

  2. Egil

    E uansett ikkje vits å selga Sports for seg sjøl, d komme jo bundla me wii.

  3. Skjalg

    Unni hadde ei oppleving på Spaceworld nett om Nitendo Wii. Kan hende det er noko her? Elles så får eg rosa merking av hest 2 og glede seg (i Egil sitt innlegg). Kva tyder det?

  4. Skjalg

    Du må gjerne noko med klokka .. den viser ein time feil – Eller har dei Moskva tid i hovudstaden?

  5. Odin

    Nado: Skeptisk til Wii? Hæ? Kva er du!? Det er ingenting å vera skeptisk over, berre å fryda seg grenselaust over. Åååh. Eg gler meg so! Spesielt til «Wiimote-en»:http://en.wikipedia.org/wiki/Wiimote. Ganske enkelt genialt! Kontrollen eig nok!

    Egil: Hum, neivel. Tøft. Men eg trudde ein fekk ein ekstra Wiimote saman med Wiigames.

    Skjalg: Kva for ei oppleving var det? Det skal vera rosa på hest 2 og glede seg. Dessutan er det Nado som skreiv det, ikkje Egil.

    Klokka ein time feil? Kvar ser du klokka i det heile take? Det er ein ting eg må hugsa å få attende; nett no kann ein ikkje sjå kor tid eit innlegg vart lagt ut.

  6. Odin

    Skjalg: Faktisk, du hev rett. Klokka er feil, — på innspela kann ein halda musa over tida og få den ekte tida – og den er ein time feil.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.