Eit musehakk mindre einsamt på Bjerke

Wohoo! Eg hev snakka til fleire i blokka mi! Rektig nok berre «Good night» med svar attende; men det var jo noko. Eg kjenner meg eitt hakk mindre totalt åleine på denne plassen, Bjerke Studentheim.

Eg hev ein kamerat på Bjerke, det vil seia ein eg pratar med då eg stundom ser han. Han er frå Asia og gjeng på BI. Eg hev prata ein del med han om «norwegian-danish and norwegian» og korleis dei fleste nyttar den fyrste. I dag såg eg han på Bjerkebussen og helsa der eg sat med den absolutt forferdelege maten frå Deli de Luca (nei, det vert kebab fast etter dette! Det er mykje billigare òg).

Full heis

Me fekk veksla eit par ord i inne i heisen, full av dei asiatiske venene honom. So gjekk han av i andre etasje – og eg var igjen i heisen med ein flokk supersøte asiatar. Ho eine hadde lent seg på knappane, så halvparten av etasjane var markert. «Haha, you pushed them all», lo dei andre. Eg gliste breitt – desse folka var riktig herlege! Dei krangla litt om det, for det meste på engelsk, men med eit par ord på eitt eller anna asiatisk språk imellom. Eg ville gjerne bryta inn med ein hyggeleg setning, dei virka so opne og mottakelege for det.

Men eg var snart på mi etasje – og det var berre tvo av dei att. Rett før døra lukka seg bak meg fekk eg glad ynskja dei god natt med svar attende. Superkos! No kjenner eg at eg hev fleire å kunna småprata med enn asiat-venen min og naboen min (som eg ikkje hev sett på lengje! Verkar fordufta)…

Likevel er det langt ifrå nok til å få meg til å tenkja at Bjerke er ein kei, kei, trist og einsam plass. Ugh, eg vil flytta.

12 tankar om “Eit musehakk mindre einsamt på Bjerke

  1. Nado

    Har de isje sånn fellesarrangement? Trodde det pleide å vær sånt på slike studenthjem. Det e kanskje lettaste måden å få bli kjent me de du bor me.

  2. Jurg

    Koselig at du har blitt venner med flere i blokken din :D Vil forresten nytte anledningen til å gratulere deg med dagen og håpe at din første dag som !tenåring blir fin!

  3. Egil

    Well, problemet e at Bjerke e ein gammal sovjetblokk som e sistevalget hos de fleste. Du får masa merr på SiO då Odin. Sikkårt eindel master-studenter som forsvinne etter jul.

  4. Odin

    Eg fekk nett melding frå SiO om at eg hev fengje hybel på Kringsjå! So eg kann opp og henta lyklane no!

  5. Nado

    Du må prøva babben nere ved politistasjonen i stavanger. Schwarma Kebab e eid, beste kebaben eg har smakt her i landet udenom de som foreldrene lage hjemma.

  6. Odin

    Jurg: Du blei take som søppelpost(!), men no skal det vera greitt. Hyggeleg! Du er den fyrste til å gratulera meg utanom SMS! (ah, pappa nytta epost) No er snart dagen over, og det hev vore ein forferdeleg keisam dag. Vond dag i morgon; tidleg opp til vond eksamen. Usj!

  7. Simon

    Gratulerer med dagen!

    Bra du har fått en ny plass å bo! Den blokka var teh kjedelig. Dessuten bråkte heisene midt på natta :(

  8. Skjalg

    Det er ikkje kvar dag er ser på kva du har skrive her. Eg har no gratulera deg på E-post. Og SMS.Leit at eg gløymde bloggen. No veit eg at du fekk ein veldig kjekk «presang» i går kveld. Den opplevinga må du fortelle meir om. Fint at du kan flytta til Kringsjå – og TVI TVI for dagen i dag!

  9. Egil

    Off, flerne folk som skal ha kjedelig eksamen idag. Min er 15.30, så heile dagen blir jo ødelagt.

  10. Skjalg

    Og nå e klokkå i Stavanger 15.29, så nå e eg og Kitty Karina spent om du er nøgd med eksamen i dag!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.