Eg er på joleferie i heimen. Difor vert det lite aktivitet her. Eg ville gjerna leggja ut eit par tekstar her fyrr jolehøgtidi, men eg fekk ikkje tid. Kann henda eg gidd leggja det ut seinare. Elles hev eg byrja skriva i-mål. Eller, prøver iallfall ;-D Hihih.
God jul mann! Håpe du og familien kose dokker :D
Jaha? Du òg hev gjenge yver til i-maal? Eg segjer det igjen, det maa vera eitt eller anna med høgnorsk og maalungdomar fraa Rygjalandet. No finst det vel knappast ein einaste aktiv maalungdom att fraa desse trakterne som ikkje anten skriv elder hev godhug for høgnorsken (kannhenda utanum nokre av utvandrararne som studerer i granneamtet, men det du finn i Bjørgvin lyt vel ikkje takast for god fisk heilt utan vidare (berre tenk paa fisketorget)).
«Innpelet ditt venter på moderering»!? Kva skal det vere godt for? Nei, no blei eg så vonbroten at eg føler at eg må bruke masse e-infinitiv. Gjere, gulpe, skvulpe, kaste (opp), snufse, nyse, snyte. Nemlig. (Sjå! Ei unødvendig -ig-ending! Hah! Den tenker eg svei.)
Nader: Takktakk. Hadde det hyggeleg på byen 2. joledag :-)
Vebjørn: Det tok ikkje lange tida å godkjenna innspela dine. :p (ca 5 min) Men dei måtte verta godkjende av di:
Du ikkje var logga inn.
Du ikkje fylgjer eit fast mynster i informasjonen din når du poster innspel.
Og, ja… Det svir!
Wiii!