Litt dagbok dei siste dagane (trass lite nytt)

No er eg nett ferdig med boka eg las; The Litte White Horse, og hev dimed ikkje noko å gjera på bussen/t-banen lengre. Dimed kann eg skriva. I går hang eg med Espen, me stakk på joleverkstad med SmiO. Eg fekk ikkje noko ut av det då – laga berre peparkaker og marsipan som eg la att. Men moro var det, og sers hyggeleg.

Dette er skrive i går, laurdag.

Rebecca var her dagen før det igjen, på fødedagen min (som eg synest eg hev skrive dritmykje om). Tidleg morgon etter hadde eg eksamen, traff mellom anna på Børge og Jo Andreas. Førre dag hadde eg fengje melding om at eg hadde fått hybel med internett på Kringsjå. Meg og Rebecca drog dit i regnet og fann ut korleis ein flytta. Ho drog heim att på kvelden, og eg stakk på/til Ping der dei gjorde seg klar til å sjå film. Genialt! Eg slang meg i sofaen og såg Clerks 2. Var ein grei film. Var ein herleg kveld. Hacka litt smått på den berbare før eg stakk heim.

Dagen etter, i går (fredag)

Eg hadde planlagt å flytta denne dagen. Slik vart det ikkje. Eg stod opp kl 1400 og kjende toget var gjenge. Dessutan var det superskittent og -rotete og vekeslutt. Eg hadde avtale med Espen, men han såg etter jolegåver. Oi, der er noko eg hev gløymd totalt! Sat meg på Fredrikke for å eta lunsj/frukost. Kaupte graut (billig, kr 25) og traff Synnøve. Eg fann mandel i grauten, gjekk til kokken og vart overlessa av ting eg eigentleg ikkje trong. Ah, utanom dei halvsteikte rundstykka då. Eg laga dei alle i dag og åt dei til båe frukost, lunsj og kvelds. Forresten hev eg putta alle kleda mine i vaskemaskina i kjellaren og gløymd det. Er sikkert stengd der no, so vonar eg fær sjå kleda igjen! Hadde vore litt stress utan…

Jaja, eg prata so smått om i går; eg la sausmugga og usb-koppvarmar-og-huben att på Ping og stakk for å treffa Espen. Me hang litt og eg traff ei kjend frå Universitetet på Kiwi. So nytta eg mi overlegne stadsans og fann fort fram til Sigbjørn og Margit. Joleverkstaden var absolutt ikkje i gang. Berre Anne Stine var kome. So å vera ein halvtime for sein, som meg og Espen var, er visst alt for tidleg. Men til slutt vart det livleg, og eg kunne ikkje unngå å dra fleire vitsar på Espen sin kostnad. Nett som gode gamle dagar. Til slutt fór me heim. Kvar til sitt.

I dag (eller, eigentleg i går, men same det (laurdag))

I dag var ein u-god dag. Eg var på Ping kl 1500 og vart til 2400. Gjorde ikkje stort, hadde vore greitt elles. Men me åt jo pizza, såg ein Family Guy-episode, såg ein Mythbusters-episode og var ein ganske stor gjeng – so det var ikkje alt for gale. Dessutan fekk eg forska litt på Oracle-databasa. Men synd eg ikkje fekk migrert ho til MySQL. Jaja. Seinare.

Ekte i dag (dette er skrive rett inn, ikkje via boka (sundag))

Ja, hang største delen av i dag òg på Ping. Fekk henta kleda mine i kjellaren, og bretta dei fint opp. No ligg dei og stryk seg sjølv på rommet, nett slik eg hev lært av mamma. Morten sit til venstre for meg og hackar Sony PSP-en sin (han lagar eit spel som han hev fått masse pengar av filmfondet for å laga – det skal køyra på alle slags rare konsollar og datamaskiner – so han vil hava fleire stader å testa det enn berre Macen honom). Me åt burjare (hamburger) i dag. Stor og dyr som me plar kaupa. Håvard sa noko moro i går då me var so mange folk – han var heilt overvelda av folketalet – normalt sett er det jo berre «meg, Morten… og Odin som er fast inventar her i helgene». Haha :-) Då lo eg godt. Det er jo heilt sant. So herleg sant òg. Ping er ein herleg plass.

Men eg hev ikkje gjort noko stort i dag heller

17 tankar om “Litt dagbok dei siste dagane (trass lite nytt)

  1. Skjalg

    Du har det travelt ser eg – håper du får tid til å lese noko til din siste prøve før jul. Elles så må du ikkje kjøpe julegåver – me har avlyst gåvejula i år….. Det finst ikkje noko me kan kjøpe – me hev alt me treng, det einaste me eigentleg treng er kvarandre…. Det sko dei fleste merka seg. Det er ikkje mange som eigentleg treng noko (ting) her i landet….. Me ser fram til å få DEG heim til Jul Odin!

  2. Nado

    Det stemme, men eg syns d e alltid liga kjekt å se reaksjonen te de små når de åpne julegavene sine! Eg glede meg sinnsykt te julemiddag og feiring me familien! :)

  3. Skjalg

    Jo, den samankomsten i familien e det viktigaste. Det hadde vore kjekkt om me tona ner denne hysteriske kjøpefesten! I går såg eg at dei har byrja sette ute hjartestartarar på kjøpesententer. Det er fleir og fleir som får hjartestopp som følge av kjøpegalskapen! Eg lage ein film i 1975 (!) som heitte «O Jul med din glede». Den gong synest eg det var gale – i dag er det bortanfor ein kvar fornuft!

  4. Nado

    Folk har misforstått ka julen dreie seg om. Men leketøy, elektronikk og spill blir jo dyrere og mer vanlig å gi i presang. Det kommer noe nytt flere ganger i året som folk bare må ha, akkurat som den stygge mobiltrenden der folk kjøper mobil oftere enn de kjøpe sko. Det ødelegge julestemningen, blir mindre jul og mer materialistisk.

  5. Rebecca

    Hm, er vel forsåvidt enig med dere begge, men jeg kan ikke for at jeg syns det er litt moro og koselig med forskjellige ting og tang. Jeg forbinder dem alltid med noe fint, og enkelt ting gir meg inspirasjon. Men inspirasjon kan en jo få av alt mulig rart, da. Men jeg er heldigvis ikke så shoppegærn som mange andre og jeg er enig i at det er for mye materialisme rundt og går!

    Odin: Hva slags ting fikk du av kokken??? :P

  6. Nado

    Rebecca: Det e ingenting gale me gaver! Eg bare syns det e mange som overdrive. Det e koselig å få gaver te jul, spesiellt når du får någe morsomt eller någe du isje hadde forventa. De fleste eg snakke me mislige å handla julegaver, men folk føle seg pressa te det. Som sagt, d e kjekt å gi ting til andre men d e mye kaos rundt kjøpeprossessen. Har blitt en del av den norske kulturen omtrent.

  7. Odin

    Skjalg: Særs einig. Herleg å hava ei kaupefri jol. Kann heller fokusera på andre ting :-) Eg hev skrive ein tekst om dette, som ikkje er ferdig og som eg heller ikkje er sikker på at er noko særleg. Det er berre nokre av mine tullete tankar omkring jol. Problemet er at eg vert so ueinig med meg sjølv heile tida.

    Men kann henda eg burde leggja det ut.

    Rebecca: Eg fekk ein usb-kopp-varmar-og-hub, ein sausskål til å hava i mikrobølgeovn, ein boks med te og 9 rundstykke. Om eg hugsar rett.

  8. Egil

    Problemet e vel egentligt at folk har så store ønsker. (Broren te Karol (ein kompis av meg) skreiv på ønskelisten at han håpte nissen hadde merr pengår i år.) Eg har jo «alt», så då har eg ingenting å ønska meg. Desto mer spennande å se ka eg får. I d lange løp e d jo mye kjekkere me nyttige ting enn whizbang-saker som e kule i et (halvt?) år. F eks den konfirmasjonspresangen eg definitivt har brukt mest e ein pakke me geilo skrujern.

  9. Skjalg

    Og med den julepresangen eg fekk i fjor har eg spart 12.000 kroner – og eg trur an kan vara i 15 år te….. 15×12.000=180.000,- Ikkje dårligt!

  10. Unni Elisabeth

    Egil: Skjalg fekk sykkel. Vi bytta liksom bare pengar i fjord. Eg fekk nemleg ein Mac lap-top av Skjalg. Det som er litt «løye» oppi alt dette julepakke-snakket er at Skjalg hadde vore kjempeskuffa i fleire dagar fordi det ikkje var nokre pakker til han under treet. Han hadde hinta meg mangfoldige gonger om ikkje eg trudde at det framleis mangla nokre pakker… Du skjønar sykkelen vart frakta til huset sjølve julekvelden og då vart den satt i kjellaren. Det einaste som låg under treet var ein lapp om at Skjalg måtte ta seg ein tur ned i kjellaren…. Han vart både glad og overraska. Jula var redda! Eg plar kjøpa og pakke inn mine eigne julepresangar eg. Det er kipt. (Men når sant skal seiast treng eg eigentleg ingen ting, men det går jo an å finne på noko som kan brukast opp til dømes sjampo, såpe, parfyme, mat osv Dette med presangar har like mykje med tradisjon å gjera. Problemet er at vi overdriv både pengebruken og antallet gaver.)

  11. Egil

    Sykkel, ja. Det kjøpte eg for konfirmasjonspengene, og den har eg også brukt mye. Men må nok ut med studentkort og, for å både sykla te skolen, jobb og hjem igjen fra sentrum makte eg ikkje.

  12. Nado

    Det sko eg gjerne fått meg, så konne eg sykla te skolen og spart 320 kr i mnd på busskort. Trenge mosjonen og.

  13. Odin

    Sykkel. Det er noko eg hev kjempelyst på, og vil kaupa meg i Oslo. Vil hava ein racersykkel. Diverre er ikkje dei so vanlege i Noreg, so det vert ikkje lett å finna ein brukt. Sykkelen vert raskt stole om dei er nye.

  14. Odin

    Karlsen: Eg er framleis heime, men som sagt; eg etlar ikkje skriva noko no. Det kjem vel meir når eg er attende i Oslo i morgon.

  15. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Denne posten viser seg å vera ekstremt populær for spammarar. Eg trur han er maks upopulær for alle andre. So eg slår av kommenteringsmogleik.

    Send meg epost til odin.omdal på google sin epostteneste viss du hev noko fullt av innsikt som burde stå her i innspelsfeltet på denne dritgamle posten :]

Det er ikkje høve til å kommentera dette innlegget.