Sida oppe igjen, i oppdatert godskap!

Sidan so mange hev vore lei seg for at sida hev fengje ei pustepause (spesielt Monique, Egil og Nader), so er ho no oppe igjen. Eg hev endeleg lagt inn den nye nettbunaden eg laga for eit halvt år sidan og gjort ei rekkje endringar i same slengen. Eg ventar litt med å skriva kvifor nettsida var nede ei veke, men det kjem.

Ny nettbunad, og snjo!

Den største endringa er nok nettbunaden. Men kanskje like stort er det at no kann alle gje innspel til innlegga mine utan å måtta registrera seg. Dette er noko eit par hev venta på, so versegod. Eg trur det vert fleire «slemme» innspel no, men det toler eg. Forresten er det framleis best å vera registrert, eg skal sjå om eg kjem på lure ting for å få folk til å gjera nett det. Eigentleg er eg særs nøgd med aktivitetsnivået på nettsida mi no, folk er særs flinke til å skriva innspel til innlegga mine. Det gjer at eg hev lyst å fortsetja å skriva. Elles takk til Nader for tips om å lata sida få litt snjo i juletider. Toppen av sida vil verta «normal» (som de aldri hev sett!) når jol er over.

Av andre ting syner eg no dei tri siste bileta frå biletegalleriet på framsida, eg skal prøva å oppdatera dette litt oftare enn eg hev gjort i det siste. Det er ganske daudt nett no. Eg fjerna eit par av dei statiske sidene, og hev lagt heile menyen nedst på sida. Eg trur ikkje ho vert brukt so ofte. Framsida i seg sjølv er renska kraftig opp; den viser berre dei tri seinaste innlegga. Arkivet hev eg ikkje fiksa heilt endå. Det lyt eg gjera fort, men eg må gå snart.

Vad tycks? (eller korleis det no skrivast :P)

Hmm. Ja, elles er det mange andre småfiks rundt omkring. Eg hugsar ikkje alt nett no, men det gjer lite. Eg vonar eg hev halde på hovudpoenget med sida mi framleis.

Litt hemmeleg, mellom oss, – eg er eigentleg allereie lei denne versjonen (18), so det kann henda det ikkje tek meir enn eit halvt år før eg hev oppdatert sida igjen (18.5, eller 19 – kven veit?).

Eg lurar sjølvsagt på kva de synest om dette, og om det er noko som no manglar. Er det noko som må endrast på?

31 tankar om “Sida oppe igjen, i oppdatert godskap!

  1. Nado

    Eg fekk faktisk litt av et glis på tryne når eg såg dette! Jess tenkte eg, han har begynt å blogga igjen! Såg me ein gang du har tatt me snøen! Det blei jo dridbra! Hehe, nå ska eg sje overdriva, men e kjekt å se forandringer på siå. Eg ska gje litt feedback i same slengen: * En link til BBCode om du bruke det på siden * En slags meny øverst eller på siden? * Edit funksjon på post? Eller e d kanskje best å bare la posten vær sånn an e første gangen den e posta, e jo gjerna mer naturligt.

    Ellers va d veldig sømløst (seamless?) å surfe mellom poster og hovedside, bravo!

  2. Nado

    Obs: eg la merke te at poster isje va liga skilla (seperat) fra hovedtekten som før, pluss bullets va altfor lys farge for å lese (eg måtte markere).

  3. Egil

    Kor e «logg inn»-knappen? Meget hack me nytt design, men syns den gamle kommentar-layouten va merr ryddig. E d Nado som har lekt me bb-code eller någet, eller ska halle innlegget hans ha 0 kontrast mod bagrunnen?

  4. Egil

    Ein aen liden ting, syns signaturen din satt et litt mer personlig preg på siden enn «Velmont».

  5. Skjalg Omdal

    Det var vemodig ja beint fram trist å sjå at sida var nere. Sian det er så lite me kan kommunisera på mobilen så vurdera eg å senda deg post (sånn gammaldags med papir og brev veit du). Men no er du på plass igjen til glede for mange og spesiellt mor og far din…. Eg brukte litt tid til å orientera meg, men det var fordi alt var nytt. Du må med andre ord ikkje endre for mykje og for ofte! Og bileta dine kjem godt til sin rett – vonar bare at du kan leggja ut fleire snart….

  6. Odin
    • Punkt fiksa, er no mogleg å lesa dei i innspel.
    • Endra innspel er ikkje mogleg; men JA! Det vil eg hava på registrerte brukarar! So er det vits å registrera seg for å kunna fiksa skrivefeil (og ikkje meir, då er det betre å posta nytt innspel)
    • Meny øvst? Hmmm. Det er tingen, er det nokon som brukar ein slik meny? Kva er det du treng øvst? Neste innlegg? Eehh. Hum, du må forklåra kva du tykkjer manglar av navigasjon i toppen (kanskje «til botnen» eller «til innspel»?). Same kva, det vert meir rotete.
    • BBCode, det hev eg ikkje. Eg nyttar Textile. Kann kanskje heller hava ein liten tekst/lenkje for uregistrerte.
    • Innspel/Innlegg-skil, eg forstår ikkje heilt. Eg trur dessutan ikkje at det er noko stort problem. Ser jo at det er innspel og ikkje innlegg.
    • Logg inn-knapp. Ja. Heilt sant Egil. Må finna ein plass å putta han. Kanskje heilt nedst på sida?
    • Fær sjå om eg puttar ein signatur på toppen av sida.

    Elles synest eg óg at bunaden til innspel-lista ikkje er optimal no, det er «stress» å sjå kven som hev skrive innspelet. Men gidd ikkje å fiksa på det no. Dessutan hev eg ei eiga lita sak for Internet Explorer no, hyhy. … Meir?

    Eg lyt hava med kor tid innlegg vart lagt ut.

  7. Nado

    Odin: Dette såg allerede mye bedre! Men eg må nok sei meg enig med Egil – dem gamle kommentar layout var mer ryddigt. Veldig bra med markering av ord på innlegg, d va ein sånn liten ting som gjør ting mye bedre. Når eg meninte menyen hadde eg isje sett Sider heilt nederst. Eg e så vant me å ha den på en sidebar.

  8. Odin

    Nado: Eg veit ikkje om eg skal gidda å endra på bunaden til innspel, kann vel gjera det om det vert plagsamt nok. Markering er ganske enkelt berre ny måte å visa <strong>-taggen på. Eller tekst med tvo stjerner på sidene ( * ). Det er greitt.

    • Fiksa søkjeboks. Han er no øvst oppe på sida. Eg må få eit fungerande arkiv òg. Nett no er det enklast å berre navigera i t.d. 2006 med å putta /2006 på sida. «http://velmont.net/2006»:http://velmont.net/2006, slik.
  9. Nado

    Odin: Eg har bare testa litt og fant ut at d va fonten min som va for stor, alt blei bra itte eg jor den mindre :)

  10. Odin

    Egil: Veit ikkje. Eg likar søkjeboksen overalt.

    Kortnytt-knappen i seg sjølv er ei lenkje til innlegget. Men kva meiner du eigentleg? Eit arkiv?

  11. Monique

    Eg kan ikkje sei eg vett om dette e någe bra, sånn reint teknisk. Syns det ser knall ut eg. E godt å ha deg tbage igjen, va liksom ikkje det samma uten innblikk i Odins hverdag:) Sleppe eg å stressa med passord og slikt og, klage aldri på det. Nå e det bare opp t meg å klara å orientera meg rundt alt det nya.

    Welcome back, Sunshine!

  12. Odin

    Jarle: Hehe.

    Eg likar alt som ser vænt ut i både Gaupa og Kattebjørn!

    Eg tek det at du meiner Opera og Firefox? Morosam omskriving! – Det er ein spesialversjon (ikkje so veldig spesial, men litt) for Internet Explorer då, er kanskje noko å få med seg ;-)

    Monique: Hehe. Godt at du likar det. Ser du at du er nemnd i ingressen? :D Eg vart særs glad når du skreiv innlegget ditt der du klaga so fælt over at sida mi var nede. Det var supersøtt! Takktakk :-)

  13. Odin

    Egil: Heheh. Ja, minn meg på det neste gong eg hev tid. (Difor måtte eg godkjenna innspelet ditt no – av di du ikkje var logga inn)

  14. Vebjørn

    Men toppen av sida … Kva tid skal me få sjå den «eigentlege» toppen? Ikkje er det jul lenger, og snøen ser vel ikkje ut til å koma lenger …

  15. Odin

    Egil: Nah, eg brukar aldri gjerelista i Netvibes…

    Vebjørn: Joli varar fram til 13. januar. Sjekka det i leksikonet for tri timar sidan, so de må nok venta ei veka til!

  16. Vebjørn

    Nisj … Trettande dag jul (altso i dag) er vel sluttstreken, er det ikkje?

    Men uansett, det er ikkje jul lenger i nokon annan forstand enn at ingen har gidda å bera ut juletreet enno. Det er ikkje vinter sjølv om det er januar, om du skjønar kva eg meiner.

  17. Odin

    Vebjørn: Nisj. Det er tjugande dag jol, altso 13. januar. Kvifor trur du eg sjekka det i leksikonet nett? Her i Noreg er 13. januar slutten på joli. Forsovidt kann eg hava snjobanneret der heilt til våren kjem – for å nytta det som vinterspesial i staden for jolespesial. Men eg kann heller taka det vekk når eg ikkje hev joleferie lengre.

  18. Vebjørn

    Odin:

    «Kva tid jula slutter varierer mellom ulike kulturar. I dag er det ofte nyttårsfeiringa og nyttårsdagen 1. januar som avslutter jula.» «I Skandinavia *vara* høgtida heilt til 13. januar, tjuandedag jul eller Knuts dag. Sjølv om moderne juleferiar som regel er over ved denne tida, feirer ein fortsatt dagen med julgransplundring i Sverige.» Kjelde: Wikipedia

    Tilleggsopplysning: I dag har jula vorte rydda ut heime hjå meg. Aldri høyrt ordtaket «trettande dag Knut feiar jula ut»?

    Karlsen: Kva tid dei ortodokse feirar julaftan, og dimed kva tid dei meiner Jesus vart fødd, er i grunn nokso irrelevant for når jula eigentleg sluttar eller ikkje. At 6. januar var Jesus sin fødselsdag er éin teori, fleire andre (og for den saks skulde kanskje vel so sannsynlege) peiker ut ein del datoar i april som trulege fødselsdatoar for Jesus. Dimed kan ein påstå at jula faktisk varar heilt til påske med like stor rett som ein kan påstå at jula varar til 13. januar.

  19. Odin

    Vebbis: So eg hadde heilt rett ;-) Det er sjølvsagt at me ikkje gidd hava joli fram til 13. januar i dag – men jol er eigentleg ei tid, og den tidi varar til 13.

    Det du seier til Karlsen er heilt rett; høgtidi i joli og lengda på ho hev ikkje noko med kristendomen å gjera. Men for at dei hedenske folka skulle taka i bruk denne nye, flotte, skinnande kristne høgtidi måtte prestane vera lure. Dei fann ut at ved å leggja tidi til ein eksisterande høgtid ville det verta mykje enklare å få folk med seg.

    Dette med religion og kristendomen er sers forvitneleg (interessant); mamma kann mykje um dette og snakkar ofte um det ved frukostbordet.

    Joli vart rydda ut hjå oss òg i dag – me gidd ikkje halda det til 13. jan. :-) Og 13. dag jol hev vorte ei slags byte i desse dagar. Kann henda det vert endå litt meir offisielt endra med tidi.

  20. Vebjørn

    Hadde du rett? Hm? Velvel, deg om det. Uansett, no er det 13. januar. Få sjå det ordentlege blogghovudet no.

    (Men sånn elles, ja, religion og kristendom er svært interessant, spesielt kristendomen sitt tilhøve til jula. Korkje juletreet, -gåvene, eller -maten er kristne skikkar, Jesus var ikkje eingong fødd på julaftan, ei heller i år 0, og til alt overmål kranglar bibelforskarane no om Jesus i det heile vart fødd i Betlehem — det syner seg nemleg at han kanskje vart fødd i nærleiken av Nasaret (trur eg det var) i staden. Dimed er det ganske morosamt når kronargumentet mot kommers-jula er at forbruket dyl «julebodskapet» … :o))

  21. Odin

    Vebjørn: Der minna du meg på det. Eg skal endra hovud med ein gong. Diverre vert du nok skuffa… (Heilt rett det du seier forresten, skikkeleg moro! :-D.

    Oppdatert, Egil: So, no er det litt informasjon – og tadaa: Lenkja til å logga seg inn!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.