Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
- skjalg on Vaflar og loppemarknad
- skjalg on Hussjåing
- Egil on Tri ting i dag
- Odin Hørthe Omdal on Svelor på Fjord1, omatt
- Anonym on Svelor på Fjord1, omatt
- skjalg on Attende i Oslo
- Egil on Attende i Oslo
Yearly Archives: 2006
Var oppe heile natta og vakna til godt statsbudsjett
Tja, litt rar tittel. Men poenget er at eg sat oppe i heile natt og gjorde INF1040-oblig. Eg er framleis ikkje heilt ferdig; så det må eg bli. Kl 06:00 la eg meg, og vakna av Kristin Halvorsen som la fram statsbudsjettet. Her var mykje bra! Eg må seia eg fekk fornya tillit til regjeringa no. Dette her er bra!
Continue readingForseintkoming til fly, normalt sett ikkje lurt
Faen, faen, faen! Eg sit og ventar på T-banen og er alt for seint ute til å nå flyet mitt til Stavanger. Faen! Eg fekk eit sjokk tidligare på kvelden og trudde eg var for sein. Det var eg slett ikkje og tenkte eg måtte gjera meg ferdig med matte-obligen i staden. Det er jo forsåvidt litt lurt, i og med at eg stryk om han ikkje leverast imorgon. Sidan eg dreg, iallfall teoretisk, i dag må han dimed vera fordig no. Aaaargh. Faenskap.
Continue readingPå Ping heile natta
Siste t-bane er gått. Siste buss er gått. Morten er gått. Med andre ord, siste mogleik for å koma til byen er vekk. Siste mogleik for å koma heim er vekk. Og siste (gode) mogleik for å koma seg ut or bygningen er vekk. Så, eg får vel berre bli her på Ping heile natta, då. Her er det i det minste sofa, farris i kjøleskap, store høgtalarar, musikk, videoprosjektor og anna digg då. Så det skal ikkje bli noko stort problem. God natt!
Grünerløkka til Blindern
Når eg skal til Blindern tek eg buss fyrste etappe. Etter det trikk og så beina. Eg brukar beina på veg opp til bussen óg – slik eg nett gjorde for nokon minutt sidan. Det er ein herleg dag i dag. Sola skin og eg såg ei lita jente som absolutt skulle over gjerdet til bedet mdan foreldra hennar absolutt ville gå vidare og babla til ho på arabisk eller noko. Det fekk meg til å smila. Bredt.
Continue readingEg hev fått tildelt hybel!
Jepp, då var ventetida over. Eg fekk epost frå SiO (studentsamskipnaden) for litt sidan om at det var ~30 ledige hyblar. Eg svara med ein gong, men fekk ikkje hybel. Men så, fire dagar seinare fekk eg tilbod på Bjerke studentby. Eg kjem truleg ikkje til å bli buande der (ingen internett), men no er det mykje enklare for meg å byta buplass sidan eg er inne i systemet!
Inne her på IFI, heile natta og meir
Det er ein konspirasjon. Eg er låst inne i Informatikk-bygningen, ikkje berre inne i bygningen – men inne i ein liten del av han. Her fins ikkje anna enn Coca Cola. Eg som ikkje liker Coca Cola. Eg liker ikkje Cola generelt, faktisk. Og så mat, då. Ingen. Elles umogleg å koma ut. Jodå, eg kan utløysa brannalarmen, men så slem er eg ikkje. Hadde sikkert berre sett meg i masse problem same kva. Semesterkortet mitt ligg truleg i posten, hadde eg hatt dèt hadde alt gått bra, men ikkje no – nei.
Continue readingUgh! MAT1100? Neitakk, trur eg.
Ooh. Eg er så usikker på alt, det hev vore ein flott start mtp. INF-faga. Dei er nemleg utruleg enkle. Men eg fekk vita at eg trong MAT1100 (vanskeleg Kalkulus-matte) for å taka Digital Bileteanalyse seinare. Dimed måtte eg byta frå MAT1000 (som er enklare) til MAT1100. Det var ingen enkel sak. I dag var eg på fyrste forelesing i MAT1100 (etter eg hadde mista 4 stk), og woow. Kva skal eg seia? Det forsto eg ikkje mykje av, dei er allereie fleire månadar forbi det eg kan.
Continue readingOsloinnvandrarar og språkforståing
Eg forsto det var lengje sidan eg hadde ete då eg reiste meg opp. Lengje sidan eg drakk vatn òg. Eg svimla lett ut på golvet og fann ut eg måtte eta før eg drog på pub-runde. Greitt nok, eg kjende til ein kebab-plass rett før Grønland T-banestasjon. Stod og såg inn på prisane eit par minutt, 80 kr, det var ikkje særleg billig. Akk – tenkte eg, eg treng jo mat – dessutan treng eg ikkje kjøpa brus.
Continue readingSkyting på Aker Brygge
Eg var med Maria og Øystein og solgte nynorsk, økologisk supergod is på Aker Brygge. Me stod i fleire timar. Då meg og Maria endeleg satt på veg heim gjekk me rett i nokre politi-sperringar. Det var menn i kvite frakkar og masse utstyr, kamera og anna politi-greier. Her hadde det visst vore skyting på Aker Brygge, rett bortfor oss medan me solgte is. Kanskje difor det plutseleg blei så få kundar?
Eg hev flytta til Oslo
Ugh, eg er sjuk. Av andre nyhende bur eg no i Oslo, ikkje i eigen hybel eller noko. Nei, på golvet til Ola. Eg sit mykje på skrivarstova, faga mine hev ikkje starta endå – er fadderveke no. Eg var på ein samakomst på Majorstua, hev fått ei omvising og lunsj. Elles var me tri stykk på gruppa under velkomstsermonien til UiO, det er rart i og med at me eigentleg er 20, trur eg.
Continue reading