Disney stoppar ytringsfridom og stengjer blogg

Ein bloggar sende ein e-post til m.a. AT&T, VISA og Bank of Amerika um det (m.a.) rasistiske innhaldet i radioprogrammet der dei reklamerte i. Då VISA trakk seg ut svara Disney-konsernet med å senda eit trugsmål til bloggaren. Ljodklippi han bruka (under «fair use») som prov, vart kalla brudd på åndsverksloven (copyright). Nettsida til bloggaren vart teki ned av nettilbodaren honom, ei «effektiv» måte å stansa ytringsfridom. Dette er endå ein maktdemonstrasjon frå eit stort fælt selskap. Å senda privatfolk i personleg ruin for å skremma andre hev vorte ei vanleg praksis for skruppellause amerikanske drittkonsern.

Spocko gjekk høfleg fram og viste nøye korleis radiovertane hadde fyrst snakka um dreping av muslimar, for å so gå yver til å lesa ordi frå føretaki. På den måten vert AT&T representert av denne radioverten, skriv bloggaren flogvetta.

«Familievenlege» (heller store, griske jævel-selskapet langt-til-høgre konservative ) Disney stiller seg bak programmet som spreier hat, eder og galle yver det folkeeigde radiobølgjenettet. Klippene Spocko (bloggaren) la ut er politiske i natur og sjølvsagt som prov for det han skriv. Disney på sin side hevdar det er kopiretta materiale, som sjølvsagt berre er tull. Alt dette handlar um er pengar og makt. Dei som hev reklamert på kanalen gjer det gjennom Disney, og godtok reklameringa av di dei stolte på Disney som «familievenlege». Ljodklippa som er lagt ut og sendt til dei som finansierer kanalen er mellom anna:

  • Oppfordring um å putta Nancy Pelosi (nyvald Speaker i USA (fyrste dame og alt det der)) i «siktet» (eit drapstrugsmål)
  • Diskutert skyting og torturering av ein neger (eg hatar dette tullet um at me ikkje fær nytta «neger», forresten)
  • Utrop um å hengja fleire bladstyrarar i store amerikanske avisar
  • Utrop um å myrda fleire millionar muslimar
  • Utbrodert korleis ein av vertane ville torturera ein araber ved å kutta av fingre og penis

Det er ikkje ulovleg å seia dette; men dei som reklamerer kann velja sjølv um dei vil stø dette. Når føretaki slutta gjelda pengane er det heilt ærleg. Men når digre Disney forsvarar sin eigen ytringsfridom (som eigentleg ikkje er poenget; radio er underlagt reglar nett som eit samfunn) kann dei ikkje berre so grovt mobba og sparka andre i andletet. Då ser me lett at det eigentleg ikkje gjeld noko anna enn makt og pengar. Og Walt Disney-konsernet er laaangt ute på høgresida og er eit slemt selskap. Æsj.

Dette var forresten eit sers bloggete, og endå meir keisamt enn normalt innlegg. Det skal ikkje verta so mange av dei, slapp av.

15 tankar om “Disney stoppar ytringsfridom og stengjer blogg

  1. Vebjørn

    Disney syg, inkje nytt under sola. Rotne filmar lagar dei òg. :P Men det er vel kanskje litt drygt å dra inn kvar Disney-konsernet står politisk i denne samanhengen?

  2. Odin

    Vebjørn: Radiokanalen er ein mørke-mørke-blå «right wingnut»-kanal. Dei hatar journalistar, utlendingar og smarte folk. Dette er jo typisk blått; det hev mykje med Disney sin politikk å gjera. Dessutan er jo dette fascisme Disney driver med; og fascisme er sterkt høgre (som Disney) – so det hev relevans. ;-)

  3. Vebjørn

    Nei, høgreekstremisme og fascisme er ikkje typisk blått. Ein kan seia at typisk blått er å setja individet framfor kollektivet, økonomisk vekst framfor miljø- og sosialomsyn, og privatisering av vare- og tenesteproduksjon. Ein annan ting som er typisk blått, er å framheva fridomen til einskildindividet. Om sistnemnde vert best ivareteken med høgrepolitikk, kan diskuterast, og det same kan spørsmålet om dei fyrstnemnde prinsippa er fornuftig politikk.

    Men sensur, fascisme og framandfrykt er på ingen måte tradisjonelle «blåe» verdiar, og at eit storselskap som Disney, som er mest oppteken av å tena pengar, utøver av ein eller fleire av dei, lyt difor heller ikkje brukast i mot høgresida.

    Eit anna poeng, som kanskje er endå viktigare i forhold til relevansen, er at Disney ikkje er eit politisk parti, organ eller vesen. Disney er eit kommersielt, kulturkolonialistisk selskap, med størst mogleg profitt og marknadsdel som overordna hovudmål. At dei nyttar anti-demokratiske verkemiddel for å unngå negativ omtale (som igjen kan gå ut over profitten), gjer dei ikkje til eit høgreparti. Det bør vel òg nemnast at det ikkje berre er høgreekstremistiske regime som har vore og nytta seg av verkemiddel som er totalitære, anti-demokratiske og fridomskrenkjande. Soleis er det berre vinklinga i den nemnde radiokanalen som knyter Disney til høgreekstremisme, og Disney sin hypotetiske plassering i det politiske landskapet er dimed irrelevant.

  4. Egil

    Det eg syns var mest lame var at webhosten fjerna siå. I USA, kor kvert firma sende ut cease&desist-brev mange ganger te dagen, burde et seriøst firma ikkje ta ner ein side av den grunn,uten eingang å ta opp saka med vedkommende. Eg ville anmeldt dei. Piratebay e geniale på dette området,dei publisere jo alt de får :)

  5. Egil

    Forøvrigt, har du tid te å lesa bloggår, har du tid te å mekka loginboks :)

  6. Odin

    Vebjørn: Nei, du hev vel rett. Men Disney som selskap er medvite på kva dei sender av dokumentarar og anna på kva dei eig; det er republikansk og konservativt. Dei held seg på den sida, sjølv um dei ikkje er noko politisk organ sjølv – so hev dei kann henda endå større makt enn dei. Og dei tolererer heilt klårt mykje betre konservative og blå program, dokumentarar og nyhende.

    Media er nok diverre noko av det mest politiske som er, dei hev ekstrem påverknadskraft.

  7. Vebjørn

    Disney er då ikkje ein ordinær mediekanal? Eig dei nokre aviser? Driv dei TV-kanalar (teikneseriekanalar gjelds ikkje)?

    Disney har sjølvsagt ein viss påverknadskraft, gjennom å kunna stoppa eigne dokumentarproduksjonar, styra innhaldet i produksjonane dei gjennomfører, etc. Og denne nyttar dei naturlegvis for alt han er verd, då Disney, som alle andre tilsvarande kommersielle selskap, har som einaste mål å tena mest mogleg pengar. Konsekvensen vert naturlegvis at Disney er medvitne på å ikkje distribuera politiske bodskap som kan vera hemmande for profittauken. Men motivasjonen her er som sagt truleg økonomisk, og ikkje politisk. Dersom det hadde løna seg økonomisk for Disney å driva propaganda for venstresidepolitikk, so hadde dei gjort det.

  8. Nado

    Odin då, dette va litt triste måde å starta nyåret på! Foresten, eg foreslår du tar ein skikkelig «unboxing» når du får Wii! Noen på forumet ville at eg sko jør d me min jaffal. Men litt mer on-topic, Disney er akkurat som andre i USA bak det familievennlige imaget. Komme isje som någen overaskelse, men feil e d. Bloggeren kan vel gå til sak mot Disney, evt kreve erstatning fra dem. Er ikke helt uvanligt i USA ;)

  9. Odin

    Nado: Nei, han kann ikkje ganga til sak mot Disney. Systemet i USA er slik at dei med mest pengar vinn – han hev ikkje pengar til å finansiera ein diger sak mot Store Mus. Dei er ekstremt sterke og kann knusa han lett. Men no som han fær hjelp av EFF vert ting litt betre.

    Trur eg avtingar Wii, eg hev ingen TV. Eg fann det var litt teit å hava Wii utan noko å sjå det på. Ping sin prosjektor er for ljossvak òg – dessutan vert nok folk fort lei meg her um eg skal sitja spela heile dagen.

    Vebjørn: Dei er ein mediekanal, dei eig millom anna ABC. Dessutan eig dei jo sjølvsagt mange radiostasjonar og sikkert ein haug anna. Menmen, – absolutt alle kooperasjonar, digre selskap er vonde. Det er forma som er gal – dei forklarar det godt i filmen ««The Corporation»»:http://imdb.com/title/tt0379225/. Same det, dei «sux anywayzzzz».

  10. Egil

    Odin: De har billige tver på elkjøp denne ugå. 28″ crt til 1800kr. Kjøpte ein te soverommet igår :D

  11. Odin

    Egil: Ohh. Men… Då må eg gjelda lisens! Det vil eg ikkje, eg likar ikkje sjå på TV. Eg må hava ein TV utan tuner. … Ganske enkelt ein monitor. Det fær eg nok ikkje billig.

  12. Tilbakeping: » Blog Archive » Kommunikasjonsoppgåve 1: Tekst for web

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.