Jadå, 0500 igjen! Hehe

No er klokka yver 0500 att. Hehe. Eg elskar å fortelja um dette på heimesida. Eg kunne kanskje like gjerne lagt ho ned til fordel for ein timeplan som viste kva tid eg la meg på dei siste dagane, i dag vert det 0530. Eg hev sitte og koda på Universitas og prata so smått med gode Nader, hev dårleg tidsfrist på Universitas-sida no. Det er masse herleg snjo utanfor, kram og god som lagar super ljod når du går på han!

Når me snakkar om ljod; eg høyrer for tidi på masse techno og trance igjen. Godt å vera attende til alt eg høyrde på som liten – eg må seia, det finst omtrent ikkje betre arbeidsmusikk enn trance! Dette her sovnar du ikkje av; men kjem inn i ein – ja – arbeidstranse. Heilt fantastisk. Men no lyt eg leggja eg, sjølv um eg eigentleg ikkje vil. Hev mykje å gjera imorgon òg (i dag var heilt sjuk, eg hev så enormt mange forelesingar parallelt!). Eg veit eg iallfall treng 4–5 timar fast søvn per døgn. MThiiis is my reeeeaaalityyyy, and it’s juuust a ravers faaaantasyyyy!!! (hehehe – sit og ler av meg sjølv ;D )

9 tankar om “Jadå, 0500 igjen! Hehe

  1. Odin

    Hekkan. Denne kortnytt-en var lang. Jaja. Eg må berre få seia at t-banen nett køyrde forbi vindauget mitt! Wohoo! So det var dagens fyrste t-bane. 05:40. Då veit eg kor tid han startar å gå um eg kjenner meg litt åleine og vil vera sosial på Ping (er jo folk der nesten alltid so ;-) ).

    Menmen, no hev eg fengje melki mi og lyt leggja meg. Na-na! :D

  2. Odin

    Haahah. Eg måtte berre; naboane mine står opp no. Hahah. Og eg legg meg. Skal stå opp 0900 for å dra på forelesing. Tri timar til…

  3. Egil

    Nå må du skjerpa deg Odin. Fortsette du sånt har du utfordringår når d komme te samboerskap. Då må du nesten skaffa deg ein ultraportabel laptop du kan ha på sengå og hacka mens reb sove, men te 0500 e nå litt i drøyaste laget. kan ikkje ha asynkron døgnrytme ;)

  4. Odin

    Egil: Det endrar seg nok automatisk når Rebecca kjem. Eg trur nok eg stressar ned på fagi òg då, kann ikkje taka so mange. Det gjeng nok bra. Dessutan vil eg ikkje sitja med ein berbar maskin når Reb søv. Eg lyt heller koma meg bort på pulten og sitja med maskini der.

  5. Odin

    Nado: Eg klarar ikkje laga e med hatt (^) med dette Dvorak-oppsettet. Det plagar meg. Lyt vel fiksa det, men eg gidd ikkje.

    Egil: Kvifor loggar du ikkje inn, no som eg hev fiksa det du klaga på? :P

  6. Odin

    Egil: Haha. Same det? Du manglar Ajax-y innloggingsboks som poppar opp? :p Eg ser du sit på Ping (ip-adressa di), vert du der lengje? Kanskje eg skulle taka meg ein tur ned.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.