Mista det forbanna Norwegian-flyget

Aaargh! Eg vert so sint. For tvo månadar sidan fekk eg ein epost av Norwegian som sa at ruta mi var endra til eit tidlegare tidspunkt (kva faen?), eg skreiv det ned. So ringde dei og sa det, greitt nok – hadde jo skrive det ned. Men no i går då eg sjekka tidi for avgang såg eg jo sjølvsagt på billetten min; og dei hadde ikkje sendt meg ny billett, so klokka var sjølvsagt feil. Så eg rakk ikkje det stygge flyget.

Ja, eg høyrer korleis du klagar og syt yver at det var min feil; men ærleg talt – det er sørenmeg ikkje vanskeleg å laga ei ny PDF-fil når avgang er endra, er det vel? Det er so enkelt som å setja inn ein customer.attachToMail( Ticket.PDF.generate( customer.number ) )-funksjon. Heilt sikkert. So kvifor inni granskauen gjorde dei ikkje det? Ikkje spør meg, men det er iallfall utruleg plagsomt. Lommeboki mi, der det stend um kva tid flyget går hev vore borte. Eg fann han hjå Rebecca i går – dimed hev eg ikkje sjekka han, men den (“liksom”) endå meir pålitelege eposten min. Hadde berre stygge Norwegian sendt ei påminning um at det var kl 0845, og ikkje 0940 flyget gjekk so hadde alt vore greitt. Det hadde ikkje kosta dei eitt øre.

Då vert det tog

So eg fær taka tog til tigerstaden då. Eller kanskje vera her i Stavanger endå ein dag – eg treng jo ikkje dra attende til Oslo fyrr neste veka. Må rådspyrja Rebecca. Eg kann jo redigera endå litt meir på prosjekti eg driv med.

5 tankar om “Mista det forbanna Norwegian-flyget

  1. Egil

    Dårlig kundeservice kalle me d! Nye billett burde jo låge ve mailen de sendte om endring av tidspunkt. sløvt.

  2. Skrivarstova (S & O)

    Kvifor driv du og tek fly heile tida? Er ikkje du med i Grøn ungdom eller noko slikt, og generelt oppteken av miljø? Du har det ikkje travelt ein gong! Korleis kan du forsvara valet ditt av transportmiddel?

  3. Odin

    Synnøve og Ola: (?) Eg er ikkje med i Grøn ungdom, nei. Desse billettane var tinga for tri-fire månedar sidan, då hadde eg ikkje peiling um eg hadde dårleg tid eller ikkje. Elles var det ikkje eg som kaupte dei, men mamma.

    Dessutan er det slik at når noko er mykje billigare, so tek ein det ofte. Å gjelda 600kr for 8 timar i tog er litt kjipt når ein fær 1 time i fly til 299. Dette synest eg er ein feil med systemet; fly lyt vera dyrare og tog billigare. Og so lyt me få høgfartsbane til Oslo.

    Men altso, eg er litt pragmatisk, lat og lite viljug til stress inni mellom. Difor flyg eg so mykje. Som heilt klårt er ein kjempedum ting; kritikken er rettskaffen.

  4. Morten

    Om du planlegg i sopass god tid som du nemnte, skal vel toget kosta temmeleg nøyaktig 199 kr.

  5. Odin

    Morten: Når eg planlegg i sopass god tid so hev eg ikkje peiling på kva som hender i Oslo medan eg er vekk. Og toget tek framleis 8 timar, som godt mogleg er den største grunnen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.