Nyklane mine er tulla vekk

Eg tok t-banen til Kringsjå, ingen nyklar. Uff, eg hev lagt dei igjen ein plass. So eg vart lei meg og såg på klokka, 00:30. Tok siste t-bane attende til Ping. Der sat Morten og Erik framleis, og no sit eg her med dei. Klokka 02:30. Fyrste skuledag gjekk greitt, men det hev vore lite soving i det seinare. Eg veit endå ikkje kva eg skal imorgon, anna enn at det vert mykje og stress. Elles hev eg Universitas-jobben på topp.

… Og so mista eg alle idèar. Eg hadde eigentleg ikkje lyst å skriva, eg berre kjende eg burde oppdatera. So det vert eit av dei sers dårlege innleggi. Dei det byrjar flomma yver av. Eg fær skriva av det nyaste i boki mi, det eg skreiv dagen eg kom til Oslo for under ei veka sidan;

Dagen då eg kom «heim att(????)» til Oslo

Rart er det – eg hev ikkje hatt føtene på Oslosk jord lengje fyrr eg kjenner for å skriva eit par uleselege ord ned i blokki mi. Ikkje ein (1) einaste gong etla eg det i Stavanger. Er verkeleg herleg korleis ein er forskjellege personar på forskjellege stader.

Eg veit det er banning i kykja – men eg kjenner meg eigentleg litt glad for å vera attende i tigerstaden1. Eg hev store planar for semesteret og hev mykje å sjå fram til. Trur eg. Elles hende det noko rart nett. Sidan eg no er yver 19 år (offameg), må eg skaffa meg studentkort til transport. Det er ikkje lett. Eg kann ikkje få tak i det no. Difor stod eg framføre automaten og lurte; kva er lurast, flexi- eller dagskort? Eg visste ikkje kva som løna seg for meg. So eg stod og grubla hardt.

«Lurer du på noko?», kom plutseleg ei søt jenta2. Oi! Hæ? Dette er eg ikkje van med! Eg er van med at ingen snakkar med einannan i Oslo. Eg er van med at folk ikkje gjer slik. Men her kom ei blid jente og vilja hjelpa meg. Fantastisk! Eg elskar slik!

Sidan eg mista flyget heim tok eg altso no tog. Eg såg filmar eg hev hatt lengje på maskini; The Insider, Bandidas, Over The Hedge og The Coperation del 1/3. Alle bra, men The Coperation var sers tankjevekkande og fekk meg oppildna. Den dokumentaren må de sjå! Kjempeflott. The insider var ein stilig film, den lyt du sjå um du berre vil verta underheldt og ikkje provosert.

…og umtrent der slutta teksten. Eg starta vel lesa i boki eller noko.

Neste dag

Eg stakk på Ping og sat der heile dagen trur eg. Vart invitert på hyttetur, sa ja.

Fredag, hyttetur

Eg hadde sove på Ping, rakk ikkje siste t-bane. La meg kl 0500, som normalt og stod upp 1000. Eg sat og hacka Universitas til eg drog heim for å henta alt eg trong til hyttetur på hytta langt uppå fjellet utan korkje dass, vatn eller straum. Eg hadde ikkje ete den dagen og vart difor glad då me stoppa på ein Statoil for litt mat. Eg åt ei pylsa. Me køyrde vidare – plutseleg laga bilen ein rar ljod og all motorkrafti forsvann.

Me stoppa opp (sjølvsagt, bilen gjeng ikkje framyver utan motor) og undra oss. Me var langt frå Oslo og langt frå hytta. 2–3 timar båe vegar. Bilen såg ut til å vera ufiksbar. Ringde NAF, dei kom med bil og han kunna seia at reima som koplar stempla var ryke. Måtte byta ut heile motoren; for stempla hadde visst slått hól i han.

Ingen gnåla. Det var sers bra. Var sers løysingsviljuge; som kanskje er noko ein burde venta av folk på Ping. Meg, Håvard og Carl vart igjen på den lille plassen, sat der og venta i tvo timar fyrr Geir var attende (då hadde han sett av Magne og Jan i Hønefoss for å taka buss heim). So køyrde me heim att til Oslo… Var litt av ein hyttetur, – ingen hyttetur altso. Hadde kaupt mykje mat.

Eting av maten

La meg seint. 0500. Dagen etter hadde me funne ut at me skulle hava pokerkveld hjå Geir. Drog ut og åt middagen som vart laga. Måtte bruka ein del av maten me hadde kaupt til hytteturen. Me spelte poker lengje, – det gjekk sers bra for meg i starten. So heldt eg på å mista alle sjetongane mine, men klara lura til meg fleire igjen. Men so gjorde eg ein feil, prøvde å lura nokon, men det gjekk ikkje. Då mista eg alt. Ute av spelet (ikkje fyrst heldigvis ;-) ). So det blei ikkje 500 kr i premie på meg, men det får so vera. Var sers moro iallfall. Koseleg.

Eg sat oppe med Carl, Håvard og Geir. Eg drakk ein liter kakao som eg laga. Synest eg var flink. Eg la meg i 5-tida. (Anar eg eit mynster?).

Tidleg opp

Me vart vekka, sjølvsagt. Dei andre hadde lagt seg i 12-tida og var tidleg oppe (a-menneskje (eg rullar augo)). Eg tok eit brød med meg, og ost. Låg i bagasjerommet i bilen, var ikkje plass til alle. Då me kom til Oslo drog eg til hybelen. Der vart eg sitjande. Eg starta jobba litt på Universitas og la meg kl…. ja, nettopp, 0500.

Fyrste skuledag, i går måndag – eller i dag på ein måte

Opp 0945, i dag det. Eller, eigentleg i går. No er klokka 0430. Snart leggjetid. Eg tek mange fag dette semesteret. Skal prøva å taka tvo semester i eitt. Tek eit fag med Egil mellom anna, det er jo sers moro. Egil og Karol. Fær sjå korleis det går med alle desse faga. Eg må opp til mange andre fag i morgon, må sova her på Ping til rundt 1000 – for å so gå på førelesing. Kom på, må sjekka nett kva dette er. Kva tid og kvar.

Slik. Off. Stress dag i morgon. Jaja. No byrjer eg verta trøytt. Klokka snik seg mot 0500, og eg skal tidleg opp imorgon. Dessutan bråkar det mykje her på Ping, so svevnen er ikkje god når eg hev gløymd øyreproppane mine i Stavanger ( :’-( ).

Natta.

Notar

1 Eg veit kvifor det heiter tigerstaden no! Hihi. Det var eit dikt av ein kjend norsk forfattar som snakka um kampen millom bøndene og byfolket. Han nytta eit bilete på store staden mot den lille, ein tiger mot ei geit (eller noko anna, rett meg). So, difor vart Oslo tigerstaden.

2 Når me snakkar um søte jentor, so gler eg meg stadig til den søtaste av dei alle skal koma og bu med meg.

15 tankar om “Nyklane mine er tulla vekk

  1. Rebecca

    Haha, bra redning med den fornota! Fyrste tanka som slo meg då eg leste «ei søt jenta» (er ikkje det grammatisk feil?)var: «Hafforno»?!» Men då eg las fotnota blei eg særs glad og letta ;)

    Har du høyrd om noko som heiter nyttårsforsett? Du kan ikkje holde på slik, leggja deg klokka 0500!! Det kjem til å bli eit reint helvete for deg når eg flyttar inn og forandrar sovevanane dine totalt. Med andre ord, gjer dei NORMALE.

  2. Odin

    Rebecca: Haha. Du er so søt. Men eg må jo få lov å få ytra tankone mine fritt? At det finst søte jentor i verdi er ikkje noko eg ser på som ein stor løyndom. Sjølv om det er mildt plagsamt, so tenkjer ikkje eg «KVA FAEN I HELVETTE SATAN!?!?!?!111» kvar gong du seier «Aaah, Johnny Depp er berre soo herleg!» eller «Ah, Johnny Depp er finaste mannen i heile verdi» eller «Oh, eg elskar Johnny Depp». Eg synest vel det er meir plagsamt at du vert lurt av å sjå berre ei sida av ein mann og på den måten vert so forført.

    Ein kann lett verta stormforelska i folk ein ikkje kjenner skikkeleg – men det skal meir til for at det skal halda. Nokon hadde kanskje vorte forelska i Stalin um dei berre hadde sett han når han leika med småungane og viste dei flotte sidone; men aldri såg all jævelskapen bak teppet. Når ein kjenner folk berre gjennom ei redigert og iscenesett (bokstaveleg talt!) røyndom, kann dei ikkje tenkjast på som meir enn ein draum. Dei er ikkje menneskje, dei er idealfigurar, symbol – og ja, draumar.

    På min side so synest eg det er kjempemange søte jentor rundt omkring. Mange herlege, morsomme og flotte jentor. Men eg er ikkje stort redd for det, for eg båe veit og kjenner at dei ikkje på nokon måte lever opp til deg. Dei tyder ikkje noko for meg utyver det eins kameratar og kjende gjer, og eg er heller ikkje meir for dei. Off. No vart det sers alvorleg og keitt. :p Same det, tingen er: ??Rebecca > *??

    Det heiter «ei søt jenta» på høgnorsk: ei jenta, den jenta, fleire jentor, alle jentone. Eg lurte litt på det, men vart fortalt slik er det. Er nok ein god grunn til det, sjølv um eg ikkje veit han ;-)

    Nyttårsforsett? Eg hadde vel ikkje nyttårsforsett um å leggja meg tidleg?

    Lat helvete koma når det kjem… Det vil verta etter sumarferien likevel, so det er ikkje noko problem. :-) Dessutan vil det berre vera moro um du må lera meg å leggja meg i god tid. :]

    No lyt eg prøva koma meg heim og inn i fellesarealet fyrr alle legg seg til å sova igjen, som i går! Vonar eg finn nyklane…

  3. Vebjørn

    Rebecca: Du veit, han Odin skriv slik museumsnynorsk der svake hokjønnsord i ubestemt eintalsform sluttar på -a i staden for -e. So det er ikkje feil, det er berre litt gamaldags (men han er jo ganske grei likevel, då). :o)

    Odin: For å spora fullstendig av, har du postlagt kvitteringane?

  4. Odin

    Vebjørn: Haha, du er ein morosam skrue. ??Museumsnynorsk??. Fær meg til å le hardt og brutalt ;-D Godt å høyra eg er grei lell. Forresten er eg ein stor, lat idiot som ikkje hev postlagt nokon kvitteringar endå. Eg burde hatt ris.

    h4. Elles, i andre nyhende: Eg fann nyklane!!!

    Sit heime no. Ahhh. Godt. Låg uppå kjøleskåpet, nett der eg la dei. Godt eg fekk ein hyggeleg nabo til å opna døri inn i fellesgangen for meg. No trur eg at eg treng ein dusj, og so må eg jobba med Universitas-sida.

  5. Vebjørn

    Hehe … No er eg eigentleg ganske positiv til konservativ rettskriving, men eg tenkte at det vart so mykje artigare om eg erta deg litt for det i staden.

    Men her har du ein fin avtale: Om eg får kvitteringane mine snart, so skal eg byrja å skriva dinosaurnyno— eg meiner høgnorsk — i kommentarfelta på bloggen din. No har du sjansen.

  6. Nado

    Hahaha, genialt! Synd me hytteturen, men jaffal gjekk d greit me all maden dokker kjøpte. Eg bler stadig mer nysjgerrig og misunnelige på det miljøet dokker har på Ping; bler nesten oppfordra te å se om det e någe sånt på UiS også. Hmm. Faktisk så undra eg på koffer du va så seint oppe de siste nettene, men det e bare koseligt någen andre e oppe siden eg har tendens til å ødelegge døgnrytmen te tider eg og. La meg før 10 igår faktisk, må tidligere på skolen idag :|. Eg e ett B-menneske som kjemper for å bli litt mer A. Kan du legga opp någen flix av Ping foresten? ;)

  7. Egil

    Nado: Du får flytta te Oslo ;) Odin: Tar du ikkje exphil og? Kva er dyd? Kan dyd lerast? heck, dette blir keisamt. Ellers må du melda deg opp i INF3190 om du kan, så tar du heile semesteret mitt. Ser fram te å retta obligane dine i objektorientering :)

  8. Skjalg

    Nå må den karen ta seg saman! Det er fint at du kjem heim til Stavanger så hyppig – så får du røynt deg på den normale døgnrytmen… Og så trur eg at Rebecca kan hjelpe på akkurat det problemet….

  9. Odin

    Vebjørn: Hahaha.

    Nado: Ping eig.

    Egil: Eg tek Exphil, ja. Platon er hax. Eg sov kjempegodt i den forelesinga. Eg kann ikkje melda meg opp i INF3190; krev introduksjon til OS.

    Skjalg: Eg fylgjer same rytma heime, berre du sov – so du merkar det ikkje. :-) Menmen, det fungerer jo godt.

  10. Vebjørn

    Ikkje noko fjas no. Eg åtvarar deg, om kvitteringane ikkje kjem, so vert det ikkje berre mangel på høgnorsk, men då skal det verta Snylfest-normalen i mange, lange kommentarar til kvar bidige post. Berre so det er sagt. :)

  11. Odin

    Egil: Ja. Kann vel, – men det er vel for hax for lille meg. :-) Kjenner gjerne eg lyt kunna litt av det i Intro til OS for å taka eit slikt kurs.

  12. Torstein

    Nok eit flott innlegg av deg Odin, du skriv ned typiske situasjonar ein kan kome bort i det daglege. Av ein eller anna grunn har eg ikkje klart å rota bort mobil, lommebok eller nøglar mens eg har bodd no i Trondheim, men eg fekk eit tilbakefall da eg var heime i Stavanger i jula.

    Ellers vill eg påpeika at det ikkje er lov å sova på PVV i areitstida som følje av NTNU sine reglar. Det er litt dumt med tanke på hakking som kan drøya ut i dei små timane før ein kan falla til ro.

  13. Odin

    Torstein: Eg kann fortelja deg ein løyndom med Ping; me fær ikkje sova der. Bygget er ikkje godkjend for yvernatting. Det gjeng greitt å sitja oppe heile nettone, men ikkje sova. Menmen, so lengje ingen seier det vidare so gjeng det godt. Alle på Ping veit at eg søv der ofte; folk utanfor er aldri innom. Ping er nett som ei eiga øy mitt inne i Universitetet, ingen tør gå inn der um dei ikkje er medlem. Men hev ein skummel datamaskin som må loggast på for å koma inn, og eg sleg sjølvsagt av ljoset og lukkar vindaugi når eg legg meg.

    Elles er eg fæl til å mista ting; men eg var «endå verre då eg var mindre»:http://org.velmont.net/artikler.php?art=44, som ein kann lesa på ei av dei eldre nettsidone mine.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.