Sjuke tider me lever i, helgi er ikkje lengre kva ho var

Eg hev seti konsentrert å jobba dei siste 6 timane. So kom eg plutseleg på ein ting; hekkan, det er jo måndag i dag! Eg fekk ikkje mild panikk og gjekk ikkje rett og la meg. Eg syntest heller ikkje helga var kort. Heller ikkje synest eg det var vanskeleg med masse «ikkje» strødd rundt i setningane. Men so kjem poenget, ja, for det er eit poeng, og det er at, hekkan so mange komma, det er. Hum. Eg kom utav det.

I dag er ikkje måndag! Eg hev ikkje ugunstig mange forelesingar i morgon. I dag er det nemleg laurdag. Laurdag av ein eller annan rar grunn, eg kann ikkje forstå korleis det framleis kann vera helg. Det rare er at helga nett starta òg, er berre 04:30 timar inn i helgi. Dette er heilt sjukt. Menmen, det fær no vera so. Betre tid til fristen for Universitas.

8 tankar om “Sjuke tider me lever i, helgi er ikkje lengre kva ho var

  1. Nado

    Du har vel vært for fokusert på arbeidet? E lett å bli sullete i håve hvis du fortsette slike døgnrytmer for lenge!

  2. Odin

    Nado: Tja, eg trur ein vert van til døgnrytma eg. Nett som at ein vert van til å eta mindre mat. Men det hev vori so herleg å få kome vidare med denne jobben, det hev vori ein farleg tidsfrist på onsdag. Men no ser det veldig bra ut. Eg hev ein god del igjen, men eg trur eg iallfall er halvvegs.

    So langt hev eg nytta yver 30 timar med koding. Fær sjå kor mykje det vert fyrr eg er ferdig. Men no er klokka 05:00, og me veit kva det tyder? «Liksomleggjetid», det er no eg byrjar tenkja på å leggja meg. Kann henda eg et litt eller finn noko anna å lesa um på verdsveven. Godt du sit oppe med meg, Nader. Du hev jo same døgnrytma sjølv, forresten. :p

  3. Egil

    Eg foreslår at du skaffe deg vanlig døgnrytme igjen så innholdet ditt kan komma seg opp igjen på sitt normale nivå. Lange netter, crappy musikk og blog-innlegg, du har blitt klisje-bloggår!

  4. Egil

    Hehe, var bare det at når eg sjekka netvibes på jobb og sjekka nyhetskjelden te Odin forventa eg eit høydepunkt i arbeidstiå, men blei skuffa. At du tar feil av mandag og laurdag er ikkje såååå spennanes.

  5. Odin

    Egil: Heheh. Godt ;-) Kanskje det burde stå «Kortnytt:» framfor dei innleggi i nyhendestraumen/-floden.

  6. Egil

    Det hadde vore någe ja. Forresten, ein post om den nye hybelen din hadde òg vore någe, me bildårr.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.