Skåpet datt og drap meg nesten

Skåpet rett i fjeset, knust andlet. Jævlig tungt. Berre at eg ikkje låg i sengi mi nett då, sjølv om eg skulle. Klokka er 01:10, på denne tidi ligg dei fleste i sengi. Meg og mamma drøser smått nede. Me høyrer eit enormt brak; trur det er skjedd noko med pappa og spring opp. Når me kjem inn på rommet mitt, ser det bomba ut. Totalt bomba – eit forferdeleg syn.

20’’ LCD-skjermen min hang i kabelen ned frå bordet med 4–5 digre dokumentmappar på plassen han stod fyrr. Eg trur han er knust. Endå verre (på ein måte) er det digre skåpet som ligg planta oppå puta i sengi. Glasdørene er kome fyrst, alt innhaldet er rast ned på puta saman med heile arsenalet av ting som låg oppå. Eg hev mellom anna mange bøker i og oppå skåpet; det seier litt om den enorme tyngda. Skåpet sjølv er i solid tre, med glassdører, det heng omtrent ein meter yver hovudet mitt der eg søv normalt.

Hadde skåpet dotti ned tjuge minutt seinare, ville eg vore i mykje smerte no. Hadde kanskje vore på veg til sjukehuset. Med knust andlet. Off. Nei. Kann henda eg legg eit lite bilete ut av skåpet imorgon. Dette gjorde meg skikkeleg redd!

Forresten, dette skriv eg frå Ubuntu Feisty Fawn live-cd på Fjell – hovudmaskini mi. Eg skal leggja inn Ubuntu på ho etter lang tid med Arch Linux. Men no lyt eg sova. Natta!

6 tankar om “Skåpet datt og drap meg nesten

  1. Nado

    Det va godt å hørra du isje blei knust! Dette minne meg om Final Destination, ganske skumle greier :|

  2. Odin

    Hadde skåpet dotti dagen fyrr, hadde kanten falli i andletet på Rebecca. Endå verre. :-o

    Karlsen: Nei, det var ekstremt godt rekna; kanten til det drittunge skåpet traff rett der eg plar hava hovudet. Hadde eg legi der hadde skallen vorte knust, heilt sikkert. Um kanten hadde treft tinningen… Då skulle ein vorte daud. :S

    Nei, men det er dumt å tenkja slik. Fær passa på å sikra betre etter dette. Ikkje hava daudsfellor yver hovudet.

  3. Egil

    Mekk bilde! Var nå godt du ikkje låg der ja. På tide å få litt utbytte av forsikringen.

  4. Monique

    Då va me bare glade for at du ikkje befant deg unna skapet i gjerningsøyeblikket, sjøl om det e ein litt skummel tanke. Odin e ennå sammen med oss, så då e vel alt såre vel:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.