StavaaangåÅRrsk e» så fiiiint~!

Sat glad og fin og sippa økologisk mjølk frå kartongen på t-banen. Statistikkforelesinga var eg allereie for sein til, men reiste lell. Tri jentor sat ei sitjegruppa framfor meg og kom innpå målføre, eller dialekt1 som dei sa. Eg spissa øyro «Blablabla, den og den dritstygg, blablabla» … «Nei, um ein skal hava noko, lyt ein prata stavangersk» «Åhh, jaah2, stavangersk er berre so fint!». Haha, eg sat og gliste stort. Dette var jo kjempemoro. So prøvde dei seg på stavangersk. Supersøtt; «Eg e’ fra StavaaangåååRrrr».

«Huum», tenkte ho eine, «Rr…» skarra ho, «men eg synest namn vert rare. Til dømes ‹Markus› vert ikkje serleg fint på stavangersk. ‹MaRRrrkus›». Eg vert sers glad når eg møter nokon frå Rogaland her på austlandet. Er godt å høyra det vakre målet att. Eg tok ein siste slurk av mjølki, lo lett og trippa godt nøgd ut i det solkledde snjolandskapet.

Notar

1 Dialekt er ein ekte tulleord. Eg likar det ikkje. Undrast kvifor me nyttar det? Dessutan er det mongo at det er eit hankjønsord, ærleg talt – «ei dialekt» høyrast jo 10 000 gonger betre ut enn «eiN dialekt». Kva faen? Hankjøn! Nei, den må du lengre inn i ordboki med! So, eg vender ordet ryggen og vil ikkje hava noko med det å gjera. Humpf!

2 Dåneljod. Dåne er på ein måte som å svima av, – veit ikkje kvar eg hev det frå, kann henda det er stavangersk. Likevel trur eg det er frå mamma (som er frå Telemark/Kviteseid).

Slik elles, utanom

Ho-ha! Ferdig med Universitas. Klokka er 0600, eg tek t-banen heim for å sova til 10–1100 då det er ein ny dag full av forelesingar og jobbing. Eg kann telja dei gongane eg hev sove yver 4–5 timar dei siste 10 dagane på ei hand :-D Forresten er det skjedd ein god del eg vil skriva um, men eg må setja meg ned å gjera det. No som Universitas del 1 er ferdig, so kann eg endeleg sjå på andre prosjekt i tillegg.

20 tankar om “StavaaangåÅRrsk e» så fiiiint~!

  1. Skjalg

    Fint med dialekt ja. Dei som kan må lese den fine artikkelen som Anne Kalvig har skrive om nynorsk og mobilspråk – eller SMS-språk. Den står i Stavanger Aftenblad i dag. Men ikkje på veven.

  2. Odin

    Nado: Ja. På ein måte. Koda er utruleg lite effektiv (sjølv um min nye versjon er mykje betre enn den gamle), so eg hev lyst å fiksa ein heil del ting. Det er mykje eg hev lyst å gjera med sida. Um dei vil gjelda meg for å jobba på ho, so vil eg nok gjera det frametter. Berre ikkje like mykje. Dessutan hev eg jo andre ting å nytta all tidi mi på no. :-)

    Skjalg: Synd, då fær ikkje eg lese han.

  3. Tilbakeping: Vevsidereformen 2007 - Velmont

  4. Love Stavanger;)

    Heltt enig, stavangersk er såååååååååååååå fint!!!! E veit eigentlig ikkje ka «innspel» e for noko;), men e vil bare seie at stavangersk e dæn bæste dialekta i heile Norge! E lika dæn bæst av alle! E sku øynske at e ikkje snakka nordøl, men stavangersk! E kan mye bokmål, og eg kynne svensk en gang i tia;) Nordøl e jo åg fint, da;) E skrriv ikkje heilt bra, håpe dæ e leselig! Døkk som læs dett, e væl stavangerske;) Hvis dæ e nokon som læs det, da;9 E prøv å lær mæ stavangersk, ikkje heilt lettX| Vel, dæ va væl det mæste. Vil åg si at Rolf Kristian Larsen(Stavangersk, alle kjænne te han) e ein vældig god skuespiller;) Okei, Døkk Fæ Leva, stavangerfolka! Døkk ruler!!! ;);););)

  5. Odin

    Love Stavanger: Høh? «Innspel» hev eg skrive av di eg synest «kommentér» høyrest so byråkratisk, formelt og «viktig» ut.

    Rolf Kristian Larsen spelte storebroren min i Brødrene Løvehjerte på Rogaland Teater ein gong for lengje sidan. Det var moro. Eg hugsar eg måtte bleika håret for at det skulle sjå likt ut. Jysla stileg :D

    Kva er Nordøl? Kva stad i landet kjem du frå? Det vondaste eg høyrer er folk som startar å prata bokmål. Det skjer visst i stor grad i Valdres, få av dei under 12 der som pratar målføret sitt; dei pratar kav bokmål. Dei litt eldre pratar Valdresmål; so det er skjedd eitt eller anna dei siste åri. Me ser meir og meir av det. At det undertrykkjande elitespråket (dansk-norsken) gjev folk mindreverdskjensle slik at dei legg yver for å prøva å klatra på rangstigen.

    Det ser ut til at du hev møtt nokre hyggelege folk frå Stavanger – det er jo godt :-) Men du må hugsa at det finst altslag folk i Stavanger; og folka der er ikkje heilt ulike folk andre plassar. Når det er sagt, so er det likevel store forskjellar mellom folk i Oslo og i Stavanger. Eg vart kjempeyverraska då eg såg det; eg trudde slikt berre var fordommar!

  6. Love stavanger;)

    Ja, e huske e har læst um dæn brødrene løvehjerte;) Nordøl e slekt folk frå Otta, og deromkring snakke. E E e egentlig ikkje derfrå, men e snakke nordøl me bæstefar og pappa, di e derfrå;) Åg te vanlig skriv e mæst dialekt, men skriv bokmål åg, gjør det nokon ganger på skolen. Så du trængkje bekymre dæ om e har lagt mæ om, eller noko slekt;) Men dæ va gøtt hyggeleg, da;) Du skjønt sekkert e e et barn, så e va litt redd åg angerfull i går da e hadd lagt inn innspelet, va redd e vill få probleme;S Håpe ikkje e fikk dæ, dæ virk ikkje så;| E fikk litt å tyggj på no, men e lika fortsatt stavangersk, da;D Hilsa te alle stavangerska, frå meg!;D;D;D ( Ikkje prøv å spor mæ opp, um det går an. Trorkje di gjør dæ, men manj kan jo ikkje vor heilt sikkjer:-))

  7. Odin

    Eg prata ikkje um kva du skreiv, prata um korleis me snakkar. :-) Eg synest ikkje det er so forferdeleg at folk skriv bokmål, det gjer jo dei fleste. Men eg tykkjer det sjølvsagt er best når folk skriv nynorsk. Fær alltid litt ekstra respekt for nynorskbrukarar :]

    Hehe, du fær ikkje noko problem :p Det er berre hyggeleg når folk legg att koselege innspel på heimesida mi. Eg likar det.

    Tusen takk. (Og elles er det sers unormalt at folk kjem attende og svarar på svaret mitt – aldri skjedd på den måten trur eg). Forresten, korleis fann du sida mi? :S

  8. Love Stavanger;)

    E søkkte bar på stavangårsk når e hadd leia, så kom dæ opp masse;) E snakke bokmål på skula, ællers forstår næsten ingen mæ. Ikkje spør meg koffår… Dæ skjedd dæ samma me endre martin midtstigen i fritt vilt, så… Kanskje dæ bare e slik dæ e… An snakke nordøl, ihvertfall;) E likkte sia di, e lik å læs um anner folk som snakke um sæ sjøl. Vis du svare på denne mellinga(gjer du sekkert ikkje;)) så skriv etpar ord på stavangårsk te meg;) E elska dæ!!! Men du træng ikkje, da;) Hilsen «Carro»

  9. Love Stavanger;)

    Forresten, e kom att fordi e va nysgjerri på um du hadd svara:)

  10. Odin

    Carro: Hmm. For nokon irriterande folk, må vera tull at dei ikkje forstår deg. Høyrast ut som om dei er ganske tette i pappen. Eg hadde aldri normert meg um nokon hadde meint dei ikkje forstod meg; eg hadde nok heller tenkt dei var nokon skikkelege idiotar. Eg kunna prata nynorsk normaltalemål (som er kult); men ikkje noko anna. :-)

    Du spurde um å skriva litt Stavangersk, er lengje sidan – mange av venene mine skriv det normalt. Min «Stavangårsk» er litt meir munnleg då;

    bq. Då vett’eg’sje heilt ka eg ska skriva åmm. Jo, eg såg faktisk ein del på skriftligge Stavangår-dialekt te særemne me hadde på vidårregåanne. Eg fant ud atte di onge bruge merre sms-akti språg, mens forfattarane skreiv ting som te dømes «det»/«de» i stede for «d» (de gjørr eg åg nå (de = deee, IKKJE diii)). Va’sje beste særemne egentli, men de konne våre møje bere åmm eg hadde jåbba litt merr me’de. Rart å skriva målføre på denne måden.

  11. Love Stavanger;)

    Tusen takk!!! Ja, kanskje di e litt dumme:| Dæ får gå bra, e kan jo bokmål flytanes, så dæ e engklig eitt fett:) Sælv um dæ hadd vore fint å prat nordøl heile tia;) E skriv akkurat ei historie um ein stavangersk gutt, an skriv mykje sms’a i historia. Dæ e kanskje vansklig å skjøne for deg, men kanskje dæn lille mællinga di på stavangersk kan koma te nytta;) E har næmlig brugt timma åg slått opp på nettmøtesida på stavangersk, lesst på internett å heile pakka, så… Høyres kanskje litt teitt ut…;) Ellers aner e ikkje kordan man snakke stavangårsk, e prøve litt, men føle at dæ ikkje går vældi bra… Dæ e nok umulig å få dæ te:( Men «jaja» kan ein sei, litt døvt å sei «gøtt hyggeleg å å prat me dæ, då», dæ hørs så dumt ut, men dæ va jo hyggeleg, då, e lika jo dei fleste stavangerfolk:) Hilsen Carolin

  12. Michaël

    Stavangersk er det finaste norske målføret. Dessutan er det det einaste målføret, med unntak av nynorsknormaltalemål, som det er lett for meg å skyna.

    At «dialekt» er hokyn på stavangersk er røynleg noko merkeleg. Kva for ein siddis vedtok på eit elder anna tisdpunkt at «dialektå» høyrast betre ut enn «dialekten»? Alle nynorskingane i Nederland (ikkje særleg mange altso) tykkjer det er tåpeleg at siddisane segjer «dialektå».

    Fær eg høyra stavangersken din i Risør, Odin?

  13. Odin

    Michael!!! :D

    Eg trudde du syntest Vest-telemarksk var finast?

    Dialekt er eit framandord, difor er det berre naturleg å seia det som hokjøn, som me plar med framandord (?). :-) Same kva, eg synest «dialekten» ser og høyrest heilt bak mål ut, difor brukar eg det ikkje.

    Du fær høyra Stavangersken min i Risør, ja. Kann henda du fær høyra litt nynorsk normaltalemål òg, sjølv um du ikkje er so glad for at eg vil prata det :p

  14. Tarjei

    Dialekta? Ei dialekt! Eg skjønar heller ikkje kvifor detta er eit hankjønnsord! Eg vart djupt vonbroten når eg såg at til og med nynorskordboki ville ha detta til å væra eit hanskjønnsord. Det må jo væra feil! Dåne hev eg høyrt brukt i Østfold der eg kjem fra, det finns i båe offisielle målføre her i landet og er ikkje spesielt for korkje Stavanger eller Telemark. ;)

  15. Odin

    Tarjei: Hehe. Koseleg :)

    Forresten, i Noreg hev me ingi offisielle målføre. Me hev tvo språk då. Òg kalla «målformer» som er rein propagande frå då staten prøvde å laga vonde, stygge samnorsk. Målføre er det same som dialekt.

    Eg bur forresten saman med ein «fyr frå Råde som skriv nynorsk»:http://aevindtyr.blogg.no/

  16. Víkþórr

    Grunnen til at ordboki vil hava «dialect» som hankyn, er avdi det er eit framandord, spyrr du meg. Framandord hev det med å vera hankyn.

  17. Tarjei

    Nokon må sei til språkrådet at det er best for norsk at detta ordet endrast til hokjønn straks! Mori mi kjem fra Råde. Eg personleg kjem fra Eidsberg. Satan så mykji oksaskit eg fær for å lika og nytta nynorsk!

  18. Víkþórr

    Berre bid til Eirik Tengesdal og eg kjem inn på Språkrådet; me skal fjerna heile framandordi frå ordbøkene og gjera (høg)norsk til einaste riksmål! Mwahahahahaha! >:D I tillegg til samiskt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.