Ei jenta fekk ein vassbøffel til jol. Ho kom ikkje til å taka i mot han sjølv, men ein fattig familie i Asia ville få han. Men i den lille teksten til Heifer International stod det at det ikkje ville kaupa ein ekte bøffel, men pengane ville gå i eit vanleg godgjerande føretak. Kjipaste jolegåva, spør Greenspun i bloggen sin. Han fær svar frå Bob som bur i Kina, og frå der finn dei ut at dei skal gjeva ein bøffel på ekte.
Bob tek i mot pengane for å kaupa ein vassbøffel å donera til ei fattig familie. Han laga ein kort dokumentar av det heile, 4. generations. Veldig stilig gjort. Det er verdt å nytta 10 minutt for å få med seg denne dokumentaren. Fekk meg til å tenkja på «Tvo barn, ei verd»-filmen (To barn, en verden) mamma og pappa laga i Vietnam for ei tid sidan.
Dette innlegget «stal» eg ganske skamlaust «frå ein annan blogg»:http://www.kottke.org/07/01/think-locally-act-globally (kottke.org). Men han hev jo CC-lisensiert blogg på same måte som meg! Eg kunna faktisk kopiert heile direkte utan problem
Dette er eit sers utypisk innlegg for meg. Men eg hev jo hatt mange av dei i det siste. Um nokon lurar på korleis innlegg i bloggar ser ut, so er det slik som dette. Eg skal halda meg litt vekk frå det igjen, og driva heimeside slik eg normalt gjer og som «Vebbis er sers opptake av»:http://www.totlevase.net/?page_id=18#s1 (skaff deg permanente lenkjar Vebjørn, det er stress å lenkja til ein ID nede på ei side som sikkert endrar seg!).
Kva er CC-lisensiert blogg?
«Creative Commons»:http://creativecommons.org er ein organisasjon som jobbar for fri informasjon; og hev laga eit sett med lisensar til dette. Eg kann forklåra nett den lisensen som kottke nyttar:
Elephant’s Dream kortfilmen er CC!
Er ikkje på ping lengre. Var bare ein tur innom før exphil. Hehe, eg leste feil av timeplanen og trodde seminaret var ein økt før, så eg endte opp i ein time om bachelor-oppgaver for eit eller anna studieprogram på SV. Var igrunnen ganske interessant siden lerårren snakka eindel om Marx.
Permalenkjer er for pyser og bloggarar.