Varm, varm dusj. Ahh

Hoo-ha! Mobilen starta vekkesekvens 0900. 1000 (rett fyrr forelesing) stod eg opp, då hadde mobilen nett stoppa den timelange pipinga. Eg tok ein varm, varm dusj og sat av gårde mot Universitas fyrr dagens studiearbeid.

Dette er skrive for ei vika sidan, onsdag 24. januar.

Litt um dusjen

Eg vil fortelja litt um dusjen (legg merke til den unyttige yverskrifi) no når eg fyrst hev sagt eg nett etla skriva litt. Moro å få den kjensla att. Dusjen på Kringsjå er langt frå like god som den på Bjerke. Då skal det òg seiast at Bjerke hadde ein ekte superdusj! Til slutt klara eg få Kringsjåvatnet varmt, det på Bjerke kom med ein gong i herleg temperatur. Eg stod inni dusjen og syntest framleis det var kaldt. Slo brytaren til det aller-aller varmaste. Eg stod slik og kjende sake at det vart varmare. Varmare. Varmare. Det byrja svi so vidt. Svi meir. Og so berre bittelitt varmare fyrr varmeauka stoppa. Slappa heil av og fokuserte på å verta van med varmen. Det vart eg. Og det var dette som var so herleg; … hum. Nei, neste avsnitt.

Det som er litt moro her, er at teksten stoppar. Det stend ikkje meir. Hugsar eg rett, so kom t-banen fram, og eg måtte av. So gjekk eg til Universitas og starta arbeidet. Etter det mista eg heile skrivelysta. Heh, eg hadde masse eg ville skriva um, – turen min til Kiwi mellom anna. Men eg skal prøva improvisera ein slutt for dette innlegget iallfall ;-) Eg hugsar kjensla so vidt.

Huda var varmare enn kroppen inni, eit teppe av godt, varmt. Det er ganske umogleg å forklåra. Nett som um ein hev eit digert, varmt teppe på seg – berre at ytterdelen av deg sjølv er dette teppet. Eg fekk masse energi, som var grunnen til at eg kom i skrivehumør. Eigentleg alt-humør. Eg kunna kjenna alt blodet strauma gjennom kroppen. Det var som um dei vitale organi mine var på utsida av kroppen. Eg vart varma opp utanfrå og inn. Ei rar kjensle. Eg kunna trengt noko slikt no. Men er gjerne berre mat eg manglar. Fær gå og taka noko.

Forresten, eg trur eg skal driva litt opprydding dei komande dagane, so det vert sikkert ein del slike mindre gode innlegg.

Ein tanke om “Varm, varm dusj. Ahh

  1. Nado

    Eg lige best dusjane som har bare ein kran… 2 kransdusjer e sjibe, någen e VELDIG sensitive. I millitæret va d ennå verre me dusj, någen funka bare isje, mens andre tog 30 sekund å stilla inn. Kom d mer folk fra garderoben og sko dusja så blei din varme kanskje borte eller ekstremt varm!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.