Ei pakka i posten?!

Plutseleg ein dag fekk eg ei diger pakka i posthólet mitt. Eg var på veg til Universitetet og dokumenterte denne flote hendinga.

Ei pakka til meg!

Wohoo! Eg putta ho på fanget og prøvde febrilsk å opna pakka. Det var ikkje mykje enkelt. Ho var sikker vasstett, so mykje teip var det rundt ho.

Oi, t-banen

Tbanen kjem

Der kom plutseleg t-banen, må springja inn for å koma med. Eg er jo alt for sein til forelesinga allereie.

Eg fann ein måte å opna pakka på

Opnar pakka med nyklane

Nyklar er hendige. Ein gut sit til høgre for meg og tykkjer eg er mongo av di eg tek bilete av at eg opnar ei pakka. Han veit ikkje eg hev planar um å leggja det ut på intarwebben. For det er jo jysla spanande å sjå på, må tru!

w00t! Sære greier, eg fekk noko sers nyttig

fann ei lommabok!

Ei LOMMABOK! Wohooo! Med masse pengar i (yver 2 000 kr), mange flotte kort, mykje tekst og avtalar. Nei, dette er jo heilt utruleg. Eg stressa fælt utan denne, forstår ikkje korleis eg kunna leva utan han. Men no fekk eg han altso, i ei hendig pakka. :-D

Heh. Ja. Det var det. Eigentleg er «heile historia i galleriet»:http://velmont.net/galleri/ei-pakka-i-posten/, men eg tenkte ingen ville sett det um det berre låg der.

5 tankar om “Ei pakka i posten?!

  1. Vebjørn

    Sidan me snakkar om pakkar i posten, kva tid skal eg få kvitteringane du har lovt å senda meg sidan juli no?

  2. Skjalg

    Kjekt med pakkar – spesielt frå Amerika te jul… Det fekk me når me var små sånn i 1958-1962 eller der omkring. Det var så spanande og så framande – du veit den gong var Noreg materielt sett eitt U-land og mykje av det store fine glansande med vene fargar kom frå landet langt der borte på andre sia av den uendeleg store Atlanteren. I dag kjem det framleis pakkar frå USA te jul- men dei har ikkje den same spanande tiltrekningskrafta på ein ung gut eller jente i dag…vil eg tru, i den overflod me lever i dag. Og No er jo alle dei fine leikene laga i Kina, sjølv om dei kjem frå USA…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.