Langt LST-møte i helgi

Dei siste dagane hev rast forbi. Men likevel hev dei vore ekstremt lange. Eg var på skrivarstova heile helgi, det var landsstyremøte i NMU – so frå tidleg morgon til seint på kveld var eg aktiv. Eg hugsar nesten ikkje kva eg hev gjort fyrr den helgi, av di ho hev vore so lang og tek so stor plass i hovudet mitt nett no. Likevel kjenner eg store endringar er på veg – eg skal prøva hardt å utvikla med dei neste månadene. Denne ekstreme jobbingi mi hev av ein rar grunn fengje meg til å tenkja meir att!

Eg vel å hugsa attende til fredag morgon. Klokka rang, og det var tidleg. Torsdag og fredag hev eg ingen forelesingar, so det er slappe dagar eg plar laga mange avtalar på. Teit nok plar eg sova endå lengre enn normalt på desse dagane. Kvifor rang klokka tidleg då, spyr du. Jo, ganske enkelt av di dette var ei spesiell klokke; ei… uh, brannalarmklokke. Eg var fast innstilt på å sova lengre lell, iallfall i ca. fem sekund fyrr eg hugsa kva brannalarmar er til for. Eg banna litt høgt inni meg (um det gjeng) og knakk ymse ledd på plass. Sat føtene på golvet, lurte på um eg kunna ganga ut i bokseren, innsåg kor teit det var og tok på meg klede. Sleit på meg skoi og la endeleg handa på dørhandtaket. Ute på gangen ville det vera ein høg, ekkel alarmljod – men då eg opna døri fekk eg ikkje høyra henne. Ho gjekk nemleg av. Ugh. So eg gjekk inn att.

Sjølve lange møtet

Lite vits å leggja seg att no. Vel, eigentleg ikkje. Ikkje i det heile teke. Hadde eg lagt meg so hadde eg sovna raskt. No veit du eg ikkje la meg. So då gjorde eg masse anna dei 8 timane det tok fyrr eg skulle vera på LST-møte. So var eg på møte. For sein. Eg var i godt humør. Kjempekos. Klokka vart masse, og eg var heldig og pådrog meg ein yvernattingsgjest; Jens Morten frå Studentmållaget i Nidaros. Det var kjekt – han virka ikkje alt for fråstøytt av hybelen min og sov godt på golvet. Han var kjempeheldig og fekk liggjeunderlag frå båe meg og Ola, so då hadde han inga grunn til å ikkje sova som ein prins.

Og so var resten av helgi moro. Vebjørn skreiv eit innlegg um det i bloggen sin. Spesielt moro, utanom alt det som var ekstra moro, var alle endringsframleggi. Det hev ikkje vore so mykje endringsframlegg, masing og so lang votering på nokon av LST-møti eg hev vore på. Eg leverte faktisk 3–4 endringsframlegg sjølv. Dessutan jobba eg i «Nemndi for årsmeldingi, fråsegner, lov, tuft og andre vedtak» og ikkje minst matgruppa der eg gjorde ein fantastisk jobb. Kanskje eg òg kjem til nynorskhimmelen for mi enorme innsats i å gå fram og tilbake til Meny 3–4 gonger og elles sjå på dei andre i gruppa arbeida.

Nei, den helgi kjennest nærast som eit heilt liv, og eg gidd ikkje skriva ein livsbiografi. Eg trur ikkje det hadde vore interessant nok for nokon å lesa ein biografi – so difor vil eg ikkje skriva meir. Eg kjenner meg ganske nøgd med lengda på dette innlegget no. Enklare å lesa kortare innlegg. Dessutan gjespar eg og vil leggja meg. Mykje å gjera i morgon!

2 tankar om “Langt LST-møte i helgi

  1. Vebjørn

    «Det hev ikkje vore so mykje endringsframlegg, masing og so lang votering på nokon av LST-møti eg hev vore på.»

    Du skulle vore på det tilsvarande møtet i fjor. Då hadde SST hundre – 100 – endringsframlegg til arbeidsprogrammet …

  2. Odin

    Vebjørn: So nemndi hev vore flink i år då. :-) Slik eg forstod, so hev me vorte meir opphengd i å skriva korte papir no. Det er veldig bra, for eg hatar lange avhandlingar :D Eg likar det kort og konsist (iallfall når eg skal lesa det ;-) ).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.