Vevsidereformen 2007

Eg vil veldig gjerne tenkja nettsida mi på ny, laga ho annleis enn ho er i dag. Difor hev eg ikkje skrive noko i det siste. Eg hev utsett alt med tanken «eg ventar til eg gjer alle desse endringane eg hev lyst til å gjera». So ein gong eg tek meg tid til å gjera det, so fær de sjå ei ny sida.

Nett no er det fleire ting som ikkje fungerer i Velmont18 av reint tekniske ting. Eg gidd ikkje fiksa det. Eg er litt lei nettbunaden, vil hava noko nytt. Eg hev vorte mykje betre sidan eg laga heile systemet som sida mi er tufta på. Eg vil vera meir kreativ, laga noko større. Denne strukturen er eigentleg frå 2003, med ei større oppdatering i 2005 og kosmetisk oppdatering for nokre månadar sidan.

Innhald og seperasjon

Likevel er likevel innhald eg vil gjera aller mest med:

  • Eg vil gjera det gode innhaldet enklare tilgjengeleg. Det som ikkje kann koblast til dagar og periodar so enkelt. Det vert truleg ein litt meir statisk del av sida, med eit hieraki og «leiande» informasjon
  • Eg vil få større fridom i bloggen, – eg vil kunna skriva mange små dritne innlegg utan at eg kjenner meg dårleg av den grunn. Nett no ville eg eigentleg ha oppdatert sida 10 gongar den siste veka, um ikkje terskelen min hadde vore så høg. Eg vil gøyma dette meir vekk, det vil vera mi private klage- og informasjonskanal. Egil skal ikkje verta skuffa av di det ikkje var ein lang tekst um eit emne, det skal vera venta at det ikkje er noko ekte innhald på den plassen.
  • I bloggen vil eg ikkje halda meg vekk frå datamaskinemne og andre ting eg er interessert i. Folk som hev lese sida mi må nesten ha merka kor ekstremt lite datarelatert det er her, – det er av di eg visstnok hev laga den regelen sjølv. Eg ville ikkje sida mi skulle verta ein blogg, so eg heldt meg vekk frå dei typiske bloggemni. Men no vil eg frigjera meg.
  • Noko av dette vil eg kanskje skilja ut, vekk frå heimesida mi. For å konsentrera meir på emne og mindre på person. Verdi treng ikkje ei ny Linuxhjelp-sida, men kann henda ei norsk Gimphjelp-sida? Eller endå betre, grafikkjobbing med fri programvare? Eg hev mange idèar um sidar eg vil laga for å kunna skriva meir um interessone mine og hjelpa folk inn i mi herlege verd.

I korte trekk vil eg dela vevsida mi i godt innhald, og ein ofte oppdatert blogg. Dessutan dette med emne, og fråskilde sidor. Det er lite kjekt for ein fyr som er interessera i Inkscape-tips å lesa kva eg høyrde på t-banen.

Hev du nokon tankar um dette?

6 tankar om “Vevsidereformen 2007

  1. Egil

    Dette stille eg meg veeldig positivt te! Du kunne laga masse spennende artikler, norsk introduksjon til git, gimphjelp, inkscapehjelp etc. Men! Nå må eg stikka te forelesning. Skrive merr seinårre.

  2. Nado

    Eg har alltid likt bloggen din, stort sett alle innlegg. Så ka du enn jørr så vil eg såklart gleda meg te å lesa om det! Forandring e ein bra ting :D

  3. Odin

    Yeey! Takk for stønaden folkens.

    Eg hang litt med Egil i dag, og han prata engasjert um dette :P Hehe, han ser det for seg litt meir integrert i sida mi då. Eg hev lyst å nesten hava ein annan «identitet» når eg skriv slikt (ikkje så galt, men eg vil skilja det ut, eg er ganske sikker på at t.d. Rebecca og mange andre som gjerne vil lesa sida mi ikkje vil gidda lesa desse spesialsidone)

  4. Nado

    Ja men då e d bare å legga groups, folk kan velga om de vil vær me i disse groups eller isje… Sånn e vel ganske enkelt å gjør? Eller bruker du bare et tags – system?

  5. Skjalg

    Du skal studere og… Du må ikkje bruke så mykje tid på dette Odin. Eg veit du kan fort ta på deg for mykje arbeid. … Dette er skrive i Microsoft Exlporer på Rvgs – Eg nyttar denne berre her på skulen på PCane.

  6. Tilbakeping: Hev innhaldet på sida mi endra seg? - Velmont - Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.