ARGH! Hekkans stygge posten, no er eg SO LEI!

FAEN! Aaargh! Eg betalte nett kjempemasse pengar for å få dei fjøsvæta nyklane mine send her til Oslo kjappast råd. Dei klarte pinadø ikkje få dei inn i postboksen til Ola og Elisabeth på eit døgn ein gong! Kva i alle regndagar!? Dessutan fungerer ikkje det blåblærete barnehagesystemet av eit idiotisk pakkesporingssystem. Heller eit pakkesporingsROT!

Ugh bugh. Eg forstår ikkje korleis i svarte natta me kann leva med eit so inkompetent og golvslikkande postvesen. Det hadde vore billigare å sendt dei moletne nyklane med toget. Det hadde gått raskare med toget. Hekkan, eg kunne jo for fjompandes svingande teke toget attende til Stavanger for den prisen. Noko eg òg burde gjort. Einaste grunnen til at eg ikkje gjorde det, var av di eg hadde lovt å innkvartera gode veninne Yvonne torsdag-fredag. Men no gjeng jo ikkje det same kva, so kva i hoppande skoglund var vitsen for meg å verta attende i denne heilkokte bollestuingi av ein landsby!?

Dessutan vart eg sur og sint av di eg kom for seint til å eta på Fredrikke.

Heime att

Eg vart aldri ferdig med denne. Eg sov på Ping i natt, la meg 0100. Vakna kl 0500 av at det var galsvettande kaldt. Eg fekk ikkje leggja meg att, vart ikkje varm att fyrr 0900. Sat og såg ein Anime-serie. Nyklane mine er no på Kringsjå. Det var alt for seint! Sidan Pappa ikkje gav meg det ekte sporingsnummeret (og sidan posten er so teite at dei hev fleire slike ID-nummer for ting) visste ikkje eg at nyklane faktisk var på Kringsjå postmottak 1400 i går. Det er ikkje på de tidi det skulle vera, men det var grunna «ufullstendig adressa». Juvbleike idiotar, den var jo komplett: sjå på postnummeret, 0864,—og so søkjer ein seg inn på nærare treff:

  • O… (15 treff)
  • Olav… (6 treff)
  • Olav M… (1 treff) => OLAV M. TROVIKSVEG

So seier resten av informasjonen seg sjølv; H0816, ja, då puttar ein han i postboks H0816. Ærleg talt, det er då for fjøli ikkje so jamrande vanskeleg. Eg hev faktisk drive so smått på med eit slikt enkelt søk sjølv, i ei oppgåve på Universitetet.

Men eg gidd ikkje skriva um dette meir. Eg brukte omtrent like mykje pengar som det ein togbillett kostar for inga jærbuande nytte. Eg var lengje ekstra i Oslo, og var lettare irritert. Det må seiast dette berre var etter eg ikkje hadde fengje nykelen. Eg var ikkje irritert på at eg hadde gløymd han i byrja – faktisk var det ganske kos fram til eg ikkje fekk han den morgonen.

Eg yvernatta hjå Ola og Elisabeth, som var kjempe-superkoseleg og ikkje minst hyggeleg. Eg var på «Kva skjer med språkjet[sic] vårt?»-ordskifte, og eg hadde koselege småturar i Soli med båe Karol og Egil. Dessutan var det jo koseleg på Ping som alltid, sjølv um nykelproblemet la stor dempar på den eine kvelden.

På toget heim no sat eg forresten i same vogn som Sylfest Lomheim (eller sjå sida laga av Sylfest-tilhengjarar). Han kjende meg ikkje att då, trass i at eg prata til han for tvo dagar sidan. Meh. Ja, ja – men han er jo ingen målhelt for meg, eg er ueinig i ein del av meiningane hans um nynorsk… ;]

6 tankar om “ARGH! Hekkans stygge posten, no er eg SO LEI!

  1. børge

    Du har så fantastisk vakre skjellsord, Odin! Jeg klarte ikke å slutte å le (beklager). Har alle nynorskbrukere et så blomstrende språk? Om man automatisk får så god fantasi tror jeg jeg må vurdere å slå over på nynorsk jeg også! :)

    Der ser du, det er bare å skrive godt nok, så får du treff selv om du gir ut hele posten i feeden. Man kan jo ikke lese og skrive kommentarer i feeden, enn så lenge.

  2. Odin

    Børge: Eg skreiv fyrste avsnitt, såg at det vart mykje banning, og byta banning ut med ord eg fann på i farten. Um du lo, er ingenting betre. :D

    Eg prøvde ikkje å få folk til å le; men innlegget var òg langt frå seriøst. Berre eit typisk «bloggete», småsint innlegg.

    Elles ser eg no eit par skrivefeil (når eg no las gjennom det for fyrste gong) og mykje dårleg språk. Men men, alt er likevel betre enn det eg skreiv på vidaregåande. :]

    Du var fyrste mann til å spyrja um fullt innlegg i nyhendestraumen, so det venta på seg til det. Egil, som hev størst innverknad[1] på sida mi utanom meg, hev direktelenkjer i Netvibes – so han trong det ikkje og då hadde eg ingen opplagt grunn til å slå det på :p (Truleg vil berre folk som kjenner meg tinga nyhendestraumen, det finst ikkje mykje av ålmenn interessa her)

    fn1. Dette er grunna at han tek det opp, og av di han kjem med mange innspel her ;)

  3. Egil

    Nå begynne nynorsken din å bli så bra at eg får problemer me å forstå alt :p Synd du ikkje var her igår forresten, var en hax grilling.

  4. Vebjørn

    Sat du i same vagna som Sylfest Lomheim utan å finna på noko rols? Skuffande …

    (Og til Børge: Eg vil berre stadfesta at fantasien tek seg heftig opp so snart ein byter over til nynorsk. Eg var svært keisam då eg enno skreiv bokmål, men det betra seg kjapt då eg bytte. Om ikkje du trur meg, so prøv sjølv.)

  5. Odin

    Egil: Det er motsett, jo betre eg vert, jo klårare setningar skriv eg. Du lurar kanskje på ordi, men det er berre av di eg finn enklare, betre ord. Ord du kann henda ikkje hev sett fyrr; då er det ikkje av di ordi i seg sjølv er vanskelege, men av di du ikkje hev sett dei fyrr.

    Men i dette innlegget hev eg berre skrive mange tulleord, og det er som sagt ikkje serleg seriøst. Kann du seia meg kva setningar som var vanskeleg? :P

    Vebjørn: Han er jo ein grei mann. Trass i samnorsksympatien og alt det der.

  6. Egil

    ….og du har ikkje fått nyklane ennå. Snakk om «ilpost». Du burde heller nytta «godsnakka med konduktøren på nattoget»-metoden. Den e gratis :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.