Fleirfasisk søvn, dag 6-7

Dag 6 starta veldig dårleg. Det var denne dagen eg yversov so fælt. Eg hadde vore på pub med mortehu og Håvard og vakna ikkje av klokka. Kjennast lengje sidan trass i at det var på laurdag (og no er måndag). Eg sov til neste morgon, so låg eg lengje i senga og lurte på kva som hadde skjedd. Dagen etter, derimot, var fantastisk. Eg traff søvn på alle plassane, og hadde masse energi heile døgnet.

No hev eg ikkje heldt lengje på med dette. Det skal taka rundt tvo vikor å leggja um sovemynsteret, men sidan eg hev yversove so mange plassar kann det henda det tek lengre tid. På den andre sida so hev eg funne ut at det ikkje er særleg vanskeleg, eg hadde forberedt meg på eit helvete og søvnmangel i minst eitt døgn. Denne søvnmangelen hev ikkje vist seg. Ikkje slik vond søvnmangel eg er van med etter å ha vore vaken i nær 48 timar i all fall. For dei som hev vore på LAN, so må eg seia at dette er mykje herlegare. Eit par av dagane hev faktisk vore heilt fantastisk, ingen tanketåke – klår og fin i hovudet.

Bobbing mellom godt døgn og yversoving

Det eg byrjar sjå, er ei bobbing mellom godt døgn og yversoving annan kvar dag. Eg hev eit godt døgn, so yversov eg, hev godt døgn, yversov. Det kann tyda på at eg ikkje kjem yver knausen for å nytta blundane til det fulle. Søvnmangelperioda er kann henda endå ikkje kome. Eg prøver mykje hardare å passa på at eg klarar vekkja meg sjølv frå søvnen midt på natti. Det er 00 og 04 som er farleg, problemet er jo sjølvsagt at eg ikkje vil vekkja blokki mi. Likevel hev eg no vekking som er i fare med å gjera det; MEN, den kjem ikkje i slag med mindre eg ikkje vaknar av mobiltelefonen. Det hev eg gjort i det siste, so eg hev alltid slått av ekstravekkingi.

Dag 7

So låg eg tri timar ekstra i sengi og lurte på kva som hadde hend. Sov att til 16. Neste 20 sov eg ikkje. So vart det nytt døgn. Og eit veldig bra eit. Eg traff 20 minutt søvn på alle blundane utanom den siste:

Sovingi mi døgn 7 (søvnlogg)
SoveminuttKommentar
sun, 4. mar
kl. 00 20  
kl. 04 20  
kl. 08 20 Fantastisk! Kjendest som 8 timar, draumar – herleg!
kl. 12 20 Herleg
kl. 16 20 Eg låg i sengi og dagdraumde heile tidi mellom 12-16. Men ikkje av di eg var trøytt, meir av di det skjer so lite på sundagar.
kl. 20 10 Masse bråk i denne dumme blokki.

Eg hev vore inne veldig lengje no. Heldigvis måndag i morgon, so då er det enkelt å gå ut (les: eg hev grunn anna enn å få frisk luft). Ein annan ting, eg hev sers mykje tid hev eg funne ut. Denne helgi var dritlang. Spesielt sundagen. Ærleg talt, sundagen kjennest ut som tri dagar, det er heilt utruleg plagsomt. Eg manglar smør, og ville gjerne kaupa det, men neidå, – sundagen sluttar jo aldri:

  • Kiwien er stengt frå 21 laurdag
  • Etter 12 timar framleis stengd (ein dag), kl. 9 sundag
  • Etter 12 timar framleis stengd (tvo dagar), kl 21 sundag
  • Etter 12 timar framleis stengd (tri dagar), kl 9 måndag.
  • So opnar han endeleg.

4 tankar om “Fleirfasisk søvn, dag 6-7

  1. Monique

    Eg vett egentlig ikkje om eg e så villt begeistra for denne søvngreiå di allikavel. Eg begynne bli ein smule beskymra. Mulig det bare e fordi eg e slik ein trangssynt lite geit, men eg syns det virke ein smule for lite søvn. Eg e litt moderlig og redd for at du ska bryta sammen t slutt så mye eg føle du stresse. Eg blir heilt stressa over å tenka på kor mye du stresse. Eg tror eg stresse litt mer enn eg burde akkurat nå. Stress. Ver nå forsiktig lille deg! Be nice!

  2. Odin

    Monique: Det er ikkje det. Eg er kjempefin. Når du snakkar um stress, so er det heller motsett. Eg stressar ekstremt lite, eg kjenner eg hev heile tidi i verdi. Eg fær gjort mykje utan å stressa med det. Veldig bra.

    Ola: Heh. Pirk.

  3. Victor

    Eg kjende au at dagane varte ævelegt då eg dreiv med denne freistnaden. Eg kjende eg fekk «meir utor livet». :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.