Fleirfasisk/polyfasisk søvn, dag 8-11

Eg byrjar verkeleg koma inn i sovemynsteret trass yversovingi. Trur eg er ferdig med ho, sjølv um eg statistisk sett vil yversova ein gong no ganske snart. Eg er fullt klår yver det og skal unngå det. Trass kor…zzz…vanskezzzzZzzzzz.

Eg hev eigentleg aldri mangla noko serleg med søvn i dette eksperimentet. Ikkje serleg lengje i so fall. Desse lange soveperiodene eg hev annan kvar dag hev gjort den andre dagen til ein veldig god fleirsyklisk/-fasisk dag. Men sjølv um eg ikkje hev kjend nokon stor søvnmangel, so er eg ikkje alltid på topp midt på natti. Dette trur eg vil endra seg um eg klarar å gå yver til ei ekte fleirfasisk uberman soveplan. So eg er endå meir sett på at eg ikkje skal yversova no, trass kor vondt det må vera. Eg må yver knausen.

Menmen, det er notid. Eg skal prata litt um dag 8 fram til no. Eg skal prøva å halda det kort.

Måndag 5. mar, dag 8

Var her eg skreiv førre innlegg. Eg yversov, hugsar ikkje detaljane, men det var nok normal avskruing av klokka, og so berre «slappa av litt» for å so sovna ganske raskt att. Resten av dagen var eg på Ping, der eg ikkje fekk kome inn i søvn 16 og 20.

Tysdag 6. mar, dag 9

So skreiv eg endeleg eit program for vekking. So no hev eg mykje meir sofistikert vekking. 00 og 04 var eksemplarisk. Til 08 skreiv eg dette i loggen:

Eg sov i 20 minutt, so visste eg maskini ville vekkja um fem ti minutt til, so eg sat mobilen på att og la meg ned. Eg hadde sovna um det ikkje hadde vore for datamaskini. Eg vakna av den stigande pipinga der, men hadde ikkje vakna av mobilen det kjende eg. Herleg å hava bra vekkeprogram!

12 sov eg på Ping, ganske greitt. Og so kjem eit problem, eit:

Praktisk problem, Exphil seminarundervisintg

Kl. 16 startar Exphil-seminaret. Det er jo midt i sovingi mi. Eg vart trøytt utyver timen kjende eg, då det var pause la eg hovudet ned på pulten og sovna med ein gong. Pausa varte berre i 10 minutt, og eg vakna av at eg fekk kjeft. Læraren stod og brølte «hei! Du! Våkna!», men eg vakna ikkje. Det tok tid, eg var langt vekk. Då eg forvirra reiste hovudet og lurte på kvar eg var, sat klassa og lo. Dei er vel ikkje van med at folk kann sova so tungt på dagen so raskt.

Kl 20 var godt. Vekka av datamaskini.

Onsdag 7. mars, dag 10

Eg var tung i hovudet og trøytt i tidsrommet frå 04–08. Rett fyrr kl 08 tok eg ein dusj, so la eg meg. Eg vakna og stod opp av datamaskini 08:20. So gjekk eg attende til sengi, og slo på mobilen på alarm fem minutt seinare og la meg ned att. Og resten er historie. Den handlar um at eg sov 6 timar, men eg skal ikkje fortelja han. Eg sov gjennom heile 12-blunden og hoppa yver 16.

Katta teater, A Clockwork Orange

Er du berre interessera i fleirfasisk søvn, hopp tvo paragrafar ned.

Eg fekk telefon frå Maria «kvar er du?». Eg var på Blindern, men skulle vore på Katta. So eg sprang for å taka trikken. Den kom og eg var på veg. Men, so gjorde trikken noko sers ulurt. Han sa «Holbergs plass» når det slett ikkje var Holbergs plass, men tvo stopp fyrr! Eg vart forvirra og tok trikken som gjekk bak, den tok ein sving og gjekk endå lengre vekk frå staden eg skulle. Eg gjekk av og sprang attende. Eg fann vegen ganske raskt etter stedsans. Eg hadde sers dårleg tid før dørene vart lukka. Eg kom til det eg trudde var Holbergs plass, men Maria såg meg ikkje, eg tenkte det var feil plass og såg skilt kor det stod «Tullingata» o.l., so difor sa eg det sikkert var Tullinløkka.

Då måtte eg springja nord. So eg sprang nord og kom til høgskulesenteret, det var heilt feil og Maria kunne ikkje venta lengre, so ho stakk. Eg fann til slutt Holdbergs plass, det var faktisk den plassen eg trudde det var. So det var teit gjort å stikkja frå der. Og so var det dette med å finna den vanskelege skulen. Eg gjekk lengje rundt i ring for å finna skulen, men nei. Eg spurde fleire folk – til slutt fann eg nokon som peika meg i ei meir ålmenn rett retning. Og etter eit par-tri hint frå folk so fann eg skulen. Han hadde digre veggar rundt seg då, so eg måtte gå langt attende for å kunna koma på framsida – dårleg design.

Endeleg framme

Inne møtte eg folk i kassa. Umogleg å ganga inn, eg sa eg kunna gå inn bag og STÅ. Eg hedde gjeda 100 kr. Det fekk eg, so såg eg stykkket. Pausa var 20 minnutt. Starta 09.15, men ingen gode plassar å sova. Etter kaka sat eg meg ned på golvet med beini i kors. Eg må ha sett rimeleg teit ut. Eg fekk kvilt litt, so kvilte eg resten av stykket. Det fungerte dårleg. Eg tok trikken til Ping og sov der, 22. Tvo timar på etterskudd. So det var å hoppa yver ein god del av dagsstrukturen.

Torsdag, 8. mars (dag 11)

Dette var ganske perfekt. Natti var herleg, eg var vaken og rask. Sers god form. 08 draumde eg livlig, kjempelang morosam draum pressa inn på 20 minutt. Eg var sikker på at eg hedda yversove, men klokka hedde berre gått 20 minutt! Det er like fantastisk kvar gong. Drog til Ping for å jobba med MAT1030, det fekk eg ikkje gjort ferdig – so må vel taka det faget om att. Jaja, det er i og for seg ikkje noko problem. Eg kann gjerne taka alle dei keisame fagi på ny, Exphil, STK1000 og MAT1030. Det kann godt henda skjer òg. Eg hev ikkje prioritert dei og merkjer eg ligg langt bak. Sers lite lysten til å starta på Exphil.

Drog til skrivarstova og hadde SmiO-møte. Midt i stakk eg og sov på golvet, var 10 min effektivt. So gjekk me og åt, eg tok restane til dei andre med heim. Åt faktisk nett den eine pizzaen. Var moro at det vart kalla «doggybag», nett som om maten skulle vera til hunden. Folk seier dette av di dei er flaue av å taka med mat frå restauranten heim. Det forstår eg ikkje. Når det låg 6 pizzastykker att, so kunne eg jo like godt taka dei med til hybelen…!

Fredag, 9. mars (dag 12)

Dette er ingen full dag. 00 var det vanskeleg å stå opp, eg ville sova. Dette er natti eg visstnok skal yversova. Etter ein halvtime vakna eg litt meir. Eg skal ikkje yversova no. Trass kor lyst eg hadde lyst. Då klokka slo 04 vart eg umiddelbart trøytt, utan å vita kva klokka var. Det var ganske utruleg; kroppen visste det var tid for søvn trur eg. 04.30 vart eg til slutt vekka av maskini, då eg var oppe var eg raskt i god form. Eg såg litt meir av «Haibane Renmei», ei fantastisk herleg Anime-serie (hev byrja sjå mykje slikt). Men so vart eg trøytt kl 05. No sit eg på kjøkenet i den gode sofaen utan nett og på batteri. Er so stress å skriva på hybelen sidan stolen er heilt forferdeleg. Eg er ganske trøytt, hadde augo att for litt sidan – ahh kjende eg – og so vaknar eg brått av at hovudet dupper ned. Det er alltid so surrealistisk.

Eg bør dra ned til Universitetet og levera den eine av dei fire obligane eg hev gjort som hadde frist i dag. Hev hatt tid til å kunna gjera alle, men aldri kjend oppgåvene hev vore tidskritiske. Dei er det i dag. Heh. Jaja, nesten same kva eg gjer so tek eg eit vanleg semester i fylgje lånekassa. Det er tryggnade, eg kann med ein gong eg vil berre drita i dei fleste fagi mine – og likevel vera heiltidsstudent utan å hava tapt noko på det.

0645 no, litt yver ei time att, so kann eg sova – men må stå opp etter 20 minutt. Eg trur slaget kjem til å stå um 08-delen no. Kjem eg til å klara å ikkje yversova han? Ohh. Eg kann nesten kjenna spenningi.

Oppdatert 0945: Det gjekk forresten kjempebra. :-)

7 tankar om “Fleirfasisk/polyfasisk søvn, dag 8-11

  1. Odin

    Jg.a: Må hava eit bord, ein seng eller eit golv der folk ikkje trør på meg for å gjera det. Dette hadde eg ikkje.

  2. Jg.a

    Tenkte på at du kunne sove på Ping eller andre plasser du har «seng» og så gå derfra…

  3. Ola

    Går svevnmangelen ut over skrivinga, Odin? Det er særs mange rare skrivefeil, her, det må eg berre seia. Sjekk ut «tryggnade», «Inne møtte eg folk i kassa», «Eg hedde gjeda», «eg hedda yversove», «Trass kor lyst eg hadde lyst».

  4. Odin

    Ola: Hahahah. Ja, heilt sikkert. Eg var jo som sagt drittrøytt då eg skreiv det! :D

    bq. Eg er ganske trøytt, hadde augo att for litt sidan – ahh kjende eg – og so vaknar eg brått av at hovudet dupper ned.

    Heldt altso heile tidi på å duppa av :p Moro skriveleifar. So, Ola, skal eg retta dei eller ikkje?

  5. Tilbakeping: Fleirfasisk/polyfasisk soveprosjekt lagt på is - Velmont

  6. Monique

    Ooh, eg hadde lyst t å besøka Katta då eg gjekk forbi an på vei t St. Olav. Eg syns an va ganske så fin eg, såg ut så et legohus med tårn. Va stykke bra?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.