Fleirfasisk søvn, mitt nye sovemynster (forsøk)

Eg hev starta på eit eksperiment. Ute på byen attende i desember kom eg i snakk med ein hyggeleg kar um vika eg hadde hatt. Eg hadde omtrent ikkje sove og jobba slag-i-slag, som svar fortalde han meg um noko eg aldri fyrr hadde høyrd um: Uberman søvn (og kalla Polyphasic sleep eller Da Vinci sleep). Dette var nokon sjuke greier, eg vart straks oppslukt – dette måtte eg prøva når tidi var inne.

Eg veit eg hev vore ei sann plaga for ein del av venene mine her i Oslo etter eg fann dette. Hev truleg snakka litt vel mykje um fleirfasisk soving. Vore sers ivrig og evangeliserande um emnet trass ingen personleg erfaring. Men eg hev planlagt eit forsøk lengje og hev no altso starta det. Dette er mitt 5 døgn. Og eg er allereie ganske imponert.

Kva er fleirfasisk/fleirsyklisk/polyfasisk søvn?

Det er eigentleg ganske enkelt. I ein type som kallast «Uberman søvn» søv ein 20 minutt kvar 4 time. Heile døgnet, vika rundt. På den måten nyttar ein berre 2 timar på å sova kvart døgn. Når ein søv normalt, so er ein innom fleire typar søvn. Av desse ser det ut til at REM-søvn (der ein hev draumar) og djup søvn er viktigst. Når ein søv fleirfasisk vil kvar «høneblund» gjeva deg det du treng av søvn. Mange meiner ein berre fær REM-søvn som fleirfasesovar, men forskning (frå 1991) hev vist at ein fær REM– og djup søvn i forskjellege blundar:

One school claims that REM sleep is the most necessary stage, […] Another school acknowledges research done on users of this schedule (Scientific American Frontiers 1991), which suggests that the body will enter different stages of sleep during the different naps—REM during some, deeper sleep during others—in order to get some of each essential stage.

Mykje av søvnen me hev er ikkje naudsynt. Nettdoktor seier at yver 50% av søvnen er i fase 2, som eigentleg ikkje gjer noko for kroppen. Denne delen kann ein kutta vekk og samtidig trena seg til å nå god søvn raskt. Dette er kva eg prøver, det er forsøket.

Eg fann bloggen til Steve Pavlina, som sjølv hev sove på denne måten yver 5 månadar og skrive um det. Dei fyrste tvo vikone skal visstnok vera vanskelege å koma inn i. Fleire andre folk hev prøvd dette, og heldt på i tvo-tri vikor fyrr dei gav opp. Men eg vil klara det.

So, kor langt er eg kome med tilvenningi mi?

Eg starta dagen Rebecca drog. Det kjendest evig lengje ut sidan no, sjølv um det er godt under ei vika. Då eg var på skrivarstova på måndagen kjennast derimot ikkje so lengje sidan. Det er ganske rart, sidan det er fredag i dag og møtet var på måndag. Rebecca og skrivarstova var ikkje langt vekk frå einannan, men dei kjennest slik. Grunnen kann vera at eg ganske enkelt hev mista heile tidskjensla mi.

Det finst ikkje dagar lengre. Dei flyt berre yver i kvarandre, alle klåre skil mellom dagane er forsvunne. Eg ser det vert myrkt, so vert det ljost – men eg hev ikkje nokon annan skikkeleg god måte å skilja dagane frå einannan på. Eg merkjer dette godt då eg skal tenkja attende for å finna ut kva dag eg gjorde ting på. Det vert berre surr. Godt eg skriv ned ting og hev IRC-loggar eg kann lesa for å finna ut av det. :-)

I natt (eg er jo oppe omtrent heile tidi no ;-) ) tenkte eg attende og sat opp ein tabell yver sovingi mi. Merk at eg er sers usikker på alt som ikkje er i dag. Soveminutt tyder kor mykje eg sov, 0 tyder eg var medviten og ikkje sovna (berre låg og prøvde).

Sovingi mi dei siste fem døgni.
SoveminuttKommentar
sun, 25. feb
kl. 07 Stod opp
kl. 12 0 Gjort! Fyrste
kl. 16 0
kl. 20 0
mån, 26. feb
kl. 00 10
kl. 04 20 Sov ganske godt. Lyst å kutta prosjektet og berre sova.
kl. 08 0 Hugsar ikkje, sov sikkert ikkje
kl. 12 20 Ping. og sov i sofa. Kvilte.
kl. 16 25 Ping. Kvilte godt, trass bråk. Eg måtte vekkast av Egil (slo av mobilen?)
kl. 20 0 Skrivarstova. Eg hadde drikke te med koffein, fekk ikkje sova. Moro å gå midt i møtet for å sova (:P)
tys, 27. feb
kl. 00 20 Heime att.
kl. 04 360 Yversov. (6t)
kl. 08 sov Sov framleis her.
kl. 12 Lurte på um eg skulle utsetja prosjektet, sov ikkje her.
kl. 16 Skulka Exphil, sov ikkje sat heime heile tidi.
kl. 21 0 Gjekk på Exphil-forelesing. T-banen gjekk ikkje, kom heim 21, sov då.
ons, 28. feb
kl. 00 20
kl. 04 20
kl. 08 30 Var brannalarm 0600. Kjempekos, eg traff Elisabeth og Ola utanfor! Eg vart ikkje vekka av di eg ikkje sov då, hahah.
kl. 12 0
kl. 16 20
kl. 20 30 Sov godt. Kjendest mykje lengre enn det eigentleg var.
tor, 1. mar
kl. 00 0 Sov ikkje
kl. 04 35 Draumde litt (REM-søvn, yeah), heldt på å yversova men pcen vekka meg
kl. 08 240 Slo av mobil (men hugsar det ikkje) og sov gjennom pcen (4t)
kl. 12 0 Sov ikkje, utsatte til 1300 eigentleg
kl. 16 0
kl. 20 20 Denne var veldig goood. Vakna flott.
fre, 2. mar
kl. 00 0 Sov ikkje. Kjenner meg godt lell, hyper.
kl. 04 10 Ugh, alltid vanskelegast denne tidi. Lyst å berre sova. Vart betre etter ein halvtime.
kl. 08 25 Aah! Herleg! Dette må vera den beste eg hev hatt. Eg vakna 5 min fyrr klokka (etter 20min) og lurte på um eg hadde yversova. Langt frå! Hahahaha :-D

… Forresten so bruka eg kjempemasse tid på å laga og gjera den tabellen fin og tilgjengeleg. Hev truleg nytta CSS som ikkje fungerer i Intarweb Exploder, menmen, synd for deg.

Korleis gjeng det no?

Eg kjenner verkeleg at eg byrjar betra meg. Eg hev ikkje kjend dette helvette som ein visstnok går gjennom, men det er jysla vanskeleg å stå opp frå 04.00-blunden. Fleire gongar hev eg sove yver tidi òg – det er ei rar kjensle, for eg merkjer ikkje at eg hev slege av klokka. Plutseleg vaknar eg berre og fleire timar hev gått. So anten søv eg gjennom alarmen, elles slær eg han av. Eg trur eg gjer det siste. Eg er til tider ganske redusert, men det er verkeleg yverraskande lite med tanke på kor lite eg eigentleg søv kvar dag.

Eg hev tenkt å fortsetja og oppdatera ein del um dette. Eg er sikker på at det kann vera interessant for deg som les sida mi. Dessutan veit eg at mamma og pappa ikkje vil lika det, Rebecca hev allereie sagt ho ikkje likar det – men eg berre prøva det. Er so ekstremt kult.

25 tankar om “Fleirfasisk søvn, mitt nye sovemynster (forsøk)

  1. Egil

    Stilig at du prøve å forandra på noko så ingrodd som sovingi. Sålange din produktivitet >= Ola Nordmann ser eg ikkje noko problem med å prøva det ut.

  2. Monique

    Dette hørres jo riktig så spannande ut du! Gi meg beskjed om det funke fint for deg, mulig eg får t å sova mye mindre og gjør mer då! Happy days. Men eg tvile på at eg hadde klart det, eg har lite sjølkontroll vett du.

    Må kanskje slenga meg på den gjengen så ikkje e heilt overbevist om at dette e sunt. Hørres jo litt..smårisikabelt ut t tider, men eg tvile ikkje på at du overleve.

    Forresten; gjett kem så befinne seg i Tigerstaden for augneblikket! Du komme aldri t å klara det.

  3. Odin

    Egil: Hehe. Uhm, takk ;-D

    Monique: Heei! Kann henda eg berre må «hjelpa deg» då? Hyhyh, då vert du nok sur. Sunt jo. Eg er sikker på at det er supersunt! :D Yeey! Me gjorde dette for lengje, lengje sidan – då me var jegarar for fleire tusen år sidan. Dessutan må du jo hugsa at babyar søv på denne måten. :]

    Er du i Tigerstaden no?! :| Du må seia i frå um du hev ekstratid då! So kann eg møta deg, weey!

  4. Simon

    Spennande. Men fungerer det i lengda? Søvn er viktig, men ikkje berre på grunn av REM-fasa og den djupe søvnfasa, men òg veldig mykje på grunn av døgnrytme. Døgnrytmen er ekstremt viktig for helsa di, sidan den regulerer kroppstemperatur, hormonutslepp, og forbrenning av mat. REM-fasa er viktig på grunn av læring, medan djup søvn er for kvile. Sjølv om du får nok av desse typene søvn med dette eksperimentet, så vil du ikkje få nok søvn til å halda ved like døgnrytmen. Helsa di hamnar i ulag, sidan hormonutsleppa skjer til tilfeldige tidspunkt, syreproduksjonen i magen vil halda på heile tida, kroppstemperaturen vil gå som ein ein jojo og du vil straks verta fysisk og psykisk utbrent, vil eg tru. Du kan ikkje berre drita i evolusjon over millionar av år berre for å få litt fleire timar til å gjera unaturlege ting som å skriva og prata.

  5. Odin

    Simon: Herleg innspel, Simon, sers godt. (Fyrst trudde eg forresten at du var ein annan Simon, og vart veldig imponert av nynorsken – men so såg eg at det var ein ekte målmann bak ordi ;-))

    Døgnrytma me hev no er tilfeldig, og ho er ifg. veldig mange forskarar heller ikkje «korrekt». Kroppen er ekstremt god til å tilpassa seg, mange seier det kann vera mykje av grunnen til at me menneskje hev klara oss so godt. Evolusjonen du snakkar um hev ikkje styrt oss inn på å hava eit enkeltfasisk (monofasisk) sovemynster. Ålmennhelsetilstanden er noko ein kjenner på kroppen, og av å sjå alle dei andre som hev gjort dette prosjektet i USA so fær eg styrka tru på at det vil ganga bra.

    Eg vil sjå etter sjukdom og problem som kann koma av forsøket, men eg trur altso ikkje det vil verta eit problem. Kroppen justerer seg fint, han gjer alltid det. Eg kjenner meg mykje friskare når eg står opp, og eg fær gjort sers mykje. Eg tenkjer eg skal finna fleire ting å gjera på natti når eg er meir inni det. Og so må du hugsa at det ikkje er tilfeldig døgnrytme, men heilt fast – kroppen skal kunna læra ho ganske raskt.

  6. Simon

    Døgnrytmen er på rundt 25 timar per døgn, noko som tyder at kroppen heile tida må justera henne. Måten kroppen justerer døgnrytmen på, er med søvn. Å prøva på å laga ein døgnrytme på fire timar og tjue minutt er fåfengt. Kroppen krevjer 25 timar. På kort sikt vil ei endring i døgnrytme føra til døgnville, dårleg mage og jetlag. På lang sikt vil ein kunne utvikla sinnsjukdomar (manisk-depressiv) og hjartesjukdomar.

    Les meir om døgnrytme hjå Lommelegen og søvn hjå National Institute of Health.

    Eg vil deg berre vel, Odin. Søvnsjukdom er noko eg kjenner til alt for godt, og er skeptisk til slike søvnprosjekt. Kan du ikkje spørja lækjaren din til råds før du held fram?

  7. Odin

    Simon: Eg hev lest hjå lommelegen og fann ut eg ikkje trur på det. Dei snakkar um søvnmangel, som er noko heilt anna enn det eg gjer. Eg kjem ikkje til å mangla søvn, det er prosjektet. Um eg etter 4-5 dagar no byrjar verta sjuk med vondt i hovudet og anna, so sluttar eg og tek ei lang natt i sengi. Men nett no er eg i storform og eg ser ingen grunn til å ikkje testa dette.

    So vidt eg forstend so finst det ikkje skikkeleg forsking på det heller. Eg høyrer på kroppen min og tek det frå der, nett no veit eg det ikkje skadar av di eg hadde hatt det verre. Forresten hev eg ingen lækjar, og eg er nær til sikker at dei ikkje vil forstå – og seia at det er dårleg same kva. Kjenner godt att den måten å sjå på nye vegar på. Eg likar å testa nye ting, og dette er ein av dei; eg vert ikkje overtydd um at noko er vondt fyrr eg sjølv hev funni ut or det.

    Forresten so er ikkje døgnrytma i 4 timar, – kroppen ter seg framleis forskjelleg på diverse timar utyver det «ekte døgnet». Dessutan et eg ikkje likt mellom kvar blund og eg kjenner eg vekslar mellom REM og djup søvn i dei ulike blundane.

    Eg trur dette gjeng bra, eg. Og det er jo trass alt eit forsøk ;-D Kann nokon leva fleire månadar utan mat (David Blaine) so kann eg godt testa eit prøvd sovemynster som fleire hev hatt suksess med eit par vikor.

  8. Odin

    Simon: Fine lenkjer, viktig å lesa slikt. Men eg hev altso lest liknande fyrr.

    Ein ting eg gløymde å seia, var at eg planlegg å taka kontakt med søvninstituttet her i Oslo og høyra um dei hev gjort nokon testar med Uberman og fleirsyklisk soving. Eg vil tilboda meg til å evt. vera med i prosjekt eller lata dei finna ut kva for sovemynster eg hev når (um) eg er inne i eit fast og godt mynster der eg hev mykje overskudd og alt gjeng automatisk for meg.

    Eg trur ikkje det vil vera mogleg, men eg vil veldig gjerne hjelpa til um det er noko dei er interesserte i.

  9. Tilbakeping: Fleirfasisk søvn, dei fyrste dagane (0-5) - Velmont

  10. Monique

    Eg trodde du hadde lært for lenge siden at eg trenge hjelp t absolutt alt uansett. Eg klare meg heller dårlig aleina:)) Eg har nesten holdt på med denne søvnen «din» denne helgå! Eg har vertfall sove ekstremt lite.

    Hadde planer om å finna deg ein eller annen dag, men det blei for lite tid til det:( Reiste avsted på fredagen t leiren, og den e jo eviglangt vekke fra alt så kalles sivilisasjon. Blir aldri mye tid t någe når eg fyste reise t Oslo, og det e litt trist, i og med at du aldri fortelle meg når du fyst e hjemma i Stavanger. Shame on you. Men det rette du opp neste gang, sant?:D

  11. Odin

    Monique: Min søvn går ikkje ut på å sova lite. Han går ut på å få all den søvnen ein treng. So eg skal ikkje vera trøytt og pressa meg. Det skal kunna gå greitt.

    Eg plar seia når eg er i Stavanger, jo. Men sist var eg sjuk. Likevel tenkte eg at eg skulle vitja deg, men klokka var mykje og – ja – eg var sjuk. Hadde jo masse jobb å gjera òg. :-)

    Men eg skal få sjå deg neste gong vonar eg. Om ikkje so i alle fall i påskeferia.

  12. Teirik

    haha, hørres ut som ett spennande prosjekt, bare du ikkje sette helså på spel :) men.. blir det ikkje litt praktiske problemer når du har besøk? «øøøh, eg må bare sova 20 min, brb»?

  13. Odin

    Teirik: Yaay! Du er i live! Dette set ikkje helsa på spel, rart kor mange gongar eg må seia det :p

    Det er praktiske problem med det absolutt. Hadde eit i dag. :]

  14. Jørgen

    Teirik: ser mer for meg at overnattingsbesøk vil være rart. Evt å se lengre filmer, da må en innføre røyk- og sovepause i 20 min ^^

    Tror ikke eg ville klart en slik søvnrytme, frister da en får mye mer utav dagen, men jeg er meget fan av å bare ligge å slappe av. Med besøk som ofte kreve å bare ligge stille å holde rundt kverandre og ikkje si noge så ville eg neppe klart å holde meg våken over lengre tid…

  15. Odin

    Jørgen: Yeey! Endå ein gamal travar, her står dei opp frå dei daude alle saman. Eg skal yvernatta hjå Jon i tvo dagar neste vika. Det vert rart. Fær sjå korleis det gjeng, kann henda eg berre må finna meg ein annan plass. Kann jo ikkje vera serleg heldig å vera oppe heile natti på eit lite rom medan Jon søv. Eller, han fær truleg ikkje søva um eg skal vera i rommet. So må vel kann henda finna på noko anna… :-/

    Haha, og kva i h* meiner du med besøk som ofte kreve å bare ligge stille å holde rundt kverandre? Eg les det som om dette er noko du hev ofte med fleire personar? :o Kva er det no du ikkje hev fortalt? :s Ei er jo greitt og forståeleg, men fleire?

  16. Jørgen

    Nei, mente ikke flere personer. Men utelukker d heller ikkje. Du har vel ikke gått FHS så da forstår du neppe d ;)

  17. Odin

    Jørgen: Hum, eg forstår nok ikkje nei. Eg forstår godt at ein kann villa hava fleire – det er jo koseleg, men desse personene plar verta sure og sinte um ein gjer slik. Dei vil at dei skal vera i eintal…

    Men so kann det jo vera at på FHS so vert alle nett som jentor og fær lov til å gjera slikt. Humhum. — Du meinte berre ei ja. Jaja, eg trur ikkje det er noko problem um ein kviler/søv litt ekstra, då kann ein berre kutta litt ned elles. Det er nok enkelt. So når mi halde-jente kjem på vitjing so skal det nok ikkje vera so vanskeleg.

    No hev eg berre éi, so det gjer sikkert alt litt enklare sidan det ikkje vert like mykje sengjeliggjing då.

  18. Jørgen

    Virke som du trodde «kosevenn» va d samme som kjæreste. Det er det ikke. Men kanskje feil å si at eg har flere, når d mer e at flere har meg så den eine :p

  19. Teirik

    Velmont: vel, du seie at du ikkje sette helså på spel, og det e bra, men e bare litt iffy med evt «senskader» som det hette ;) Og ja, leve eg, sjøl om det e ein anelse travelt for tiå.. fortell forresten om det praktiske problemet som oppstod, spiffe opp heile emnet littegranne med praktiske eksempler, vettu ;)

    og, eg ser jo at eg trekke me meg andre gamle travere :D Hepp, jøgga ^^

    jørgen: oooh, brife med FHS-erfaringar nå? ;)

    Vett ikkje om tag’så virke, menmen, regne med odin e ein engel som vanlig og fikse opp i rotet mitt ;)

  20. Odin

    Teirik: Det fungerte ikkje, du skal nytta * for sterkt trykk, og _ for svak. BBcode som [b] og [i] fungerer ikkje. Eg nyttar textile. :-)

    Eg skal fortelja um det i episode 7-9 eller kva det vert :p

  21. Anonym

    Oo, trodde først useren min va sletta etter inaktivitet, men den var ei ^^

    Odin: Ein ska hvertfall ikkje klage på manko av jenter på FHS, kvaliteten derimot.. :p På FHS ville det vært praktisk med slikt søvnmønster da en får mer tid til venner, men siden ingen andre har d søvnmønsteret så ville d kanskje være litt waste. Ellers litt dumt om ein e på langtur og ska gå sammenhengende hele dagen og sove heile natten.. D e eg forresten litt interessert i: koss e d å bytte søvnmønster tilbake til d «normale» for ein uke og så tilbake igjen når en først e inne i flerfasisk søvn..

    Teirik: yey! Du leve du og!? Du må gi mere lyd fra deg.

  22. Odin

    Anonymous: (uhm) Du må nok seia kven du er. For eg anar ikkje. Du hev ikkje logga inn, so du treng ingen brukar. Eg hev innspel ope for alle no. Ahh, etter eit kvalifisert gjett: Erlend?

    Dei jentone eg kjenner som hev gjenge på FHS er av sers god kvalitet, – og eg er tilbøyeleg til å tru at kvaliteten heng saman med kva FHS ein er på. :-)

    Med dette søvnmynsteret kann ein prioritera dagen til menneskje, og natti til arbeid. :-D Ei vika er kann henda litt drastisk, men um du går i ei mellomperiode som eg gjer no, so er det lett å vera monofasisk for ein dag. Eg prata med ein fyr som gjorde mykje det, av di kjærasten var vrang og ville sova i same seng som han ei natt.

  23. Jg.a

    Hmm, er logget inn men blir satt som Anonymous… Odin: noge du kan gjøre?

  24. Jg.a

    Velmont: Ser ut så d bare var engangstilfelle. Mulig for deg å sette navnet mitt på den forrige posten. Du tok feil som trodde eg va Erlend der :p Godt mulig d har med ka FHS en er på, men kanskje litt mer etter ka smak en har ;) Uansett så va de under snittet i fåtall. Ellers va d nogen få så kom på front med andre og d e ikkje kjekt.

    Tja at jenta overnatter en natt eller to skulle ikke bli problem. Så lenge de får den kosen og oppmerksomheten de mener de fortjener så har har det lite å si om du sove eller ikke. Bare så lenge du ligger i senga med de :p

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.