Fleirfasisk/polyfasisk soveprosjekt lagt på is

Etter ei stor «blemme» i dag, utsett eg prosjektet som lova. Eg klara aldri koma yver humpen til ekte fleirfasisk soving. Eg trudde det, men etter evaluering fann eg 48-timar syklusar, som ikkje er det same. Eg hev til fyremål å trena meg sjølv og starta prosjektet med betre fyresetnader enn i dag.

Det var ikkje av ynskje um å vera meir effektiv at eg starta prosjektet, det var meir «kult, klarar eg dette?». Eg er fast innstilt på at eg klarar det, men hev sett i 12 dagar no at eg ikkje hev kome langt nok til yvergangen. Det skal ikkje taka meir enn tri døgn å koma yver humpen i fylgje Steve Pavlina. Problemet mitt er at eg aldri kom til tri døgn. Eg skulle klara det denne gongen, men det gjekk altso ikkje. Eg sov ei full natt frå kl 12 til 20. Eg mista innleveringsfristen til ein heil haug obligatoriske oppgåver, nokon eg til og med hadde gjort. No er eg heldig at desse fagi er ekstrafag, so det gjer ikkje noko um eg droppar dei. Eg må berre finna noko anna å gjera på dagane.

Korleis var opplevingi, korleis gjekk det?

For å taka det andre fyrst. Eg hev sett på heile soveloggen min samla. Det er eit sers opplagt mynster i han.

  • Ein god dag, 20min søvn på alle 6 plassane, ingen yversoving
  • Ein dårleg, på starten av døgnet yversoving ca 5–8 timar
  • God
  • Dårleg
  • God
  • Dårleg
  • God
  • Dårleg
  • …osb

So sjølv um eg hadde desse gode dagane, og at eg var vel fungerande heile dagane – so var det ikkje Uberman slik det skal vera. Det var veldig moro so lengje det varte, og hadde kvar dag vore som dei gode so hadde alt vore bra. Men eg kom ikkje yver denne knausen og hev difor stoppa. Det var veldig moro å kunna hava eit emne å skriva um, det er noko eg må tenkja på til seinare.

Kor tid skal eg prøva på ny?

Det er ein del ting som må gå i boks fyrr eg prøver prosjektet att (for det skal eg!):

  • Bu ein plass der eg kann nytta ein ekte alarm på natti (for å ikkje vekkja andre)
  • Trent til å vakna av vekkjeklokka
  • Hava masse fri tid, fri frå skulearbeid osb
  • Vera sunn og god, og helst vegetarianar

Det siste punktet hev med soving å gjera. Er ein kjøtetar so treng ein mykje meir søvn enn um ein ikkje er, so det vil vera ein fordel um ein skal verta ein fleirfasisk sovar. Eg skal prøva eit anna prosjekt for å gjeva meg betre søvn no. Det er det eg hev prata um fyrr, å standa upp til faste tidor og leggja seg når ein er trøytt. Men fyrst trur eg at eg må skaffa meg ein plagsom alarm og trena meg til å stå opp når han ringjer. Me fær sjå korleis det gjeng frametter.

Eg kjem til å sakna å hava noko å gjera, noko å skriva fast um. Men eg finn vel det fort vonar eg. Nett no vil eg leggja meg og sova ei full natt, vert rart å gjera det med vilje denne gongen! :P

16 tankar om “Fleirfasisk/polyfasisk soveprosjekt lagt på is

  1. remiss

    Velmont, for meg er det vanskelig nok å stå opp en gang i løpet av dagen :p

  2. Unni Elisabeth

    Odin!!! Nå må du snart lære. Setter du deg mål så må du heller prøve å nå disse isteden for å surre de vekk, – denne gangen med å surre med døgnrytmen.

    En god ting tross alt er at du endelig har kommet til fornuft og lagt «våkenprosjektet» ditt på is. En tortur metode som benyttes er å frarøve folk søvnen, nettopp fordi det sliter mennesker ut!

    Hilsen sint mamma, – men glad mamma for at eldste sønnen forhåpentligvis komme inn i normal døgnrytme. (PS Glad i deg Odin)

  3. Odin

    Mamma: Haha. Du tenkjer på søvnmangel som er noko heilt anna; det er ein torturmetode og det er ein måte å skada kroppen på. Tingen er at eg i fleirfasisk soving fær all søvn eg treng, og ikkje vert sliten. Det er stor forskjell mellom dette.

    Du hev ein ordelingsfeil, heiter «torturmetode» i eitt ord. Dessutan likar eg godt å surra :-)

  4. Skjalg

    Odin! Det var godt å se at du nå forlet dette vågale prosjektet ditt. Yver påske skal me intervjua 15 av Noregs mest markante psykiatrar,,,, Då kan du jo spør dei om kva det polifasiske soveprosjektet ditt gjer med psyka di…. Elles så får eg ein fel melding øverst på sia her. Den tur eg nyttar Explorer sjøl om eg brukar FIREFOX!!??. Eg sit rett nok i nettverket på RVGS- kanskje er det der feilkjelda ligg?

  5. Rebecca

    Tutt, tutt, tutt. Skal det være så himla vanskelig å gjøre noe så enkelt som å sove? Man sover om natta, er våken om dagen. Jeg skjønner ikke vitsen i å prøve å gjøre noe annet. Menmen, jeg kan vel bare gi opp å klage og kjefte. Odin hører jo ikke på meg uansett, det stabeistet!

  6. Karlsen

    Han hører på meg! (Ellers ryker soveplassen hans.)

    Selv om et slik prosjekt ville gjort seg mye bedre om sommeren må jeg si meg enig med Odin Seniors her.

    Godt at det endte før du kom hit, da, så slipper jeg å sove med ett øye åpent for å passe på at du ikke finner på ulumskheter.

  7. Odin

    Nado: Kjempebra. Må finna meg noko slikt.

    Skjalg: Dei veit ingen ting um det. Alle veit kva søvnmangel er og gjer, og alle trur dette er søvnmangel. Det er feil. Det er noko heilt anna. Ein veit lite om det.

    Rebecca: Tutt? Smokk? Tytt? Eg godtek ikkje dogmer heilt utan vidare berre av di dei er dogmer. Eg fylgjer ikkje noko berre av di «alle andre gjer det». So naturleg nok testar eg ut um dette er betre – noko eg framleis trur det er.

    Karlsen: So sant, so sant. Sumaren ja, er då eg hev utsett det til.

  8. Rebecca

    Odin: Å, kjenner du meg ikke i det hele tatt, eller?! Tutt! IKKE smokk! Sånn som jeg pleier å si, vet du, når jeg syns noe er teit.

  9. Skjalg

    Rebecca: Du veit Odin har fått nokre skader etter dette polyfasiske søvneksperimentet. Det ordnar seg nok med hukommelsen hans etter nokre veker…..

  10. Odin

    Rebecca: Eg berre mobbar deg som alltid. Latar som um eg er dum. ;-)

    Skjalg: Nei, ingen skadar – det kom /berre/ godt ut av det.

  11. Odin

    Egil: Eg hadde tenkt å gå yver til fleirfasisk med «kjernesvevn» etter ei stund (Rebecca hadde nok ikkje likt at eg aldri la meg). Men eg ville testa det mest ekstreme. Men kann henda eg heller skal prøva meg på kvarmannssvenvn (Everyman :P) når eg tek upp att prosjektet i sumar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.