Rebecca er overlukkeleg yver kor bra stykket deira på Sola Teater vert. Eg skal dra ned for å sjå det. Vert ein stress tur – men heilt sikkert verdt det. Dei speler 22., 25. og 26. mars, so set av kl. 20.00 ein av desse dagane no. Eg kjem til å sjå det sundag 25. mars, um du vil gå saman med meg.
No trur eg ikkje ein einaste person kjem til å sjå stykket på mi oppfordring her, men Rebecca ville eg skulle senda epost til «alle eg kjenner», og det gjer eg berre ikkje. So då fær eg heller berre prøva noko eg ikkje trur fungerer. Eg vert veldig glad um nokon viser meg at dette er feil då.
Små jentor i korsett
Haha. Eg tenkte eg skulle hava den flotte yverskrifti for å trekkja merksemd. Elevar ved Godalen VGS hev laga kostymi, som visstnok er ganske Moulin Rouge-standard. Eg hev ikkje sett stykket/filmen, men det gjeng vel i korsett og små kjolar. So det er altso mange grunnar til å sjå stykket.
Billettar er 75 kr for barn (so det er altso barnevenleg (:p)) og 150 kr for vaksne. Og ikkje klag på pris, det er billig. Ein kinofilm kostar jo sørenmeg 80 kr, og det er mykje, mykje, mykje meir kostnadseffektivt enn kva teater er. Teater er kjempedyrt, me er heldige som framleis hev det. Jeppjepp, det vert moro.
Tilbakeping: Ei vìka i Nidaros (eller Trondheim) - Velmont
Ble ikke skuffa; ble sint!
Karlsen: Les yvernemde innspel. Det er ein «pingback»/«trackback» frå ein annan tekst. ;-) Du er godt nemnd der. :]
Eg tror den lille underoverskriften din der komme t å vekka mild interesse fra folk eg ikkje ska navngi av årsaker som nesten seie seg sjøl. Gøy. Eg ska se stykke den 25, faktisk. Mogleg eg hoppe på deg ein eller annen gang! See me run!
Ah, eg har litt lyst t å ver med sjøl når eg hørre kor fint alt e blitt, og kor kjekt det heila e. Mennemen. Alt i alt så tror eg nesten det va best at eg trakk meg, hadde nok blitt hardt for di å kjempa mot meg og mitt uslåelige talent lzm.
Eg ska spreie denne saka her i huset… Me vil koma å sjå på stykket på laurdag eller sundag.
Monique: Kjempebra! :D Då fær eg sjå deg då. Vert kjempekos å sjå det. :D
Skjalg: Det gjeng ikkje laurdag. Berre torsdag, sundag og måndag. Men de visste jo allereie om det, so det tel ikkje.
Odin: Kan vær eg joiner søndagen. Får nesten se, skal i bursdagsselskap så eg vettsje ka dag som e ledigt.
Nado: Det hadde vore kjempekult! :D Men det kann godt henda det er utseld. Eg veit ikkje heilt, er jo berre tri framsyningar.
Snakka med kapellmesteren Idar, han er kollega av meg på Randaberg vgs – Jo eg gler meg til dette.
Skjalg: Det er jo «Rebecca»:http://rebecca.velmont.net som speler hovudrolla nett no. So um kapellmeistaren hev sett stykket, so er det Rebecca han kjenner til som «Satine». Hihih :-)
Er ikkje sikkert me fær sett ho då, sidan «Millam»:http://miriam.velmont.net kjem til å spela um ho vert frisk. – Men eg kjenner eg gler meg kjempemasse til det lell. Rebecca hev fengje meg til å venta at det er superbra :D Heheh
Stol mpå meg; det ER superbra!!!!