Ånei, ein diger farleg lastebil går amok!

Då eg nesten hadde skrive eit heilt innlegg til dei uvitande stakkarane på kanalen #alinux.no, tenkte eg slikt fjas passar jo betre på heimesida. Her kann folk som vil lesa fjaset mitt få lesa det. Men nok metaprat; eg vakna nett til denne fantastiske dagen, eg hev ein (1) plan, og eg draumte godt.

Av ein eller annan grunn kjenner eg for å lima inn det eg skreiv på kanalen, det er jo sers arbeidssparande. Eg kjenner for å eta mat og for å gå på do. Etter det kjenner eg for å ganga ut. So eg kann godt kutta litt ned på tidi. So, innlimings!

Fyrst litt forhistorie

19:58 < Velmont> Jeppjepp, men då dreg eg. Hadde vore moro um nokon andre drog opp òg, men er vel ikkje so mange som gidd slikt :] Kann henda eg gjeng raskt, anar ikkje kva miljøet er der.
19:58 < Neophus> :)
19:58 < Neophus> du får kose deg

Går litt tid…

20:29 < @remiss> Velmont: vel.. hadde du sagt i fra hadde jeg sikkert blitt med :o

Koselege Roger. Eg hev vore på bytur med han fyrr, då eg kjende meg sers åleine. Det var koseleg og kjekt.

So til neste dag:

08:13 < Velmont> remiss: Eg vart fort trøytt og ville gå heim for å sova. Men so kom mortehu, – so eg sat og prata med han alt for lengje fyrr eg drog heim.
08:13 < Velmont> Eg er so glad sidan eg hev litt plan for dagen i dag. Eg treng ikkje sitja inne på datamaskini heile dagen (yey!!!).
08:14 < Velmont> Eg må ned til byen for å få Hifi-klubben til å sjå på hovudtelefonane mine, dei er øydelagde og eg synest å hugsa eg hev superlang garanti.
08:15 < Velmont> Men eg synest verdsveven hev vorte so sers keisam i det siste. Det skjer jo aldri noko nytt. Sjølv um eg hev 100 bloggar på netvibes og masse anna, so er det lite som fær meg engasjert. Eg må verkeleg byrja leva meir i ekte verdi, ho er mykje betre.
08:17 < Velmont> Hmmm. Kann henda eg faktisk skulle byrja trena eller noko. Eg hev jo ingenting å gjera på skulen, – eller, alt eg hev er jo på datamaskini, men eg treng jo pause frå det. Kann henda eg kann setja meg i ein park i byen, eta is (økologisk is! Yeey!) og lesa bok.
08:17 < Velmont> Det gjorde eg ofte då eg fyrst kom til Oslo. Då var eg mykje meir kontaktsøkjande (sidan eg ikkje hadde internet). Var koseleg å sitja å sjå på folk frå parken. Hmm. Kann henda eg skal gjera det etter eg hev vore på Hifi-klubben.
08:18 < Velmont> Hmm. Eg hev jo eit heilt blogginnlegg her jo. Lurer på um det er betre å oppdatera bloggen med noko slikt fjas som dette, eller å ikkje gjera det – men ikkje hava oppdatering på lengje… Hummm.
08:19 < Velmont> Det var utruleg få som forstyrra meg. Rundt 0 faktisk. Og det er jo ganske lite, må eg seia.
08:19 < Velmont> Eg hadde driiiitkul draum, hugsar mykje av han òg. Kjempekult. Ahh. Vart òg vekkja av soli – det var herleg. Er so herleg å stå opp tidleg.

So fann eg ut at eg altso skulle skriva fjas her heller. Og dette her skreiv eg nett no:

08:31 * Velmont skriv på heimesida, og unngjeng å fylla loggane dykkar med fjas. (:-D)

Moro å sjå at eg hev nytta omtrent 10 minutt på å klargjera teksten ovanfor.

Draum

Hadde eg ikkje i eit smart minutt stoppa, so hadde eg fortald litt um draumen på kanalen. Men det kann eg gjera no heller. Eg hugsar draumen sers klårt, som eg hev gjort i det siste. Eg byrjar allereie mista detaljar og tidssans, men veit framleis mykje.

Me var på ein slags skule, det var fleire Ping-folk tilstades – Håvard og Carl synest eg klårt å hugsa iallfall. Veit ikkje kvar Morten gøymde seg. Utanom det var det mange andre kjendfolk rundt, men eg var ikkje so oppteke av folk. Bygget såg ganske nytt ut, det var reint og kvitt. Ping-gjengen utforska bygget for å finna kule ting og plassar (slik me ofte gjer). Eg hadde nett kome inn i ein garderobe, som alle saman på samlingi visstnok bruka. Var ein del folk der. Håvard og Carl hev klatra opp i eit hòl i taket og hev funni eit nytt rom der. Dei er sjølvsagt sers oppspilt yver funnet.

Men det er vel ikkje so interessant, so me hoppar litt fram i tid.

Ah, forresten fann dei seinare eit rom til. Det var meir interessant, var sers spesielt. Eg forstod ikkje korleis dei hadde kome opp, men so fann eg ei lita branntrapp innanfor ein dør. Faktisk var det ein ganske diger trapp, som gjekk rundt og rundt oppetter. Ho var /heilt/ kvit. Eg gjekk opp trappa, som etter masse oppettergåing vart brattare og brattare, so gjekk ho bratt ned att, utan trappar, heilt glatt og utan rekkverk. Ho gjekk omtrent ein halv runde ned slik fyrr ho gjekk inn i ei open dør der resten av folki var. Det var på ein måte eit lite rekkverk, ein litan kant på veggen som ein kunna putta spissen på fingrane inn i – men det var sers dårleg grep. Det gjekk bratt ned og eg var skikkeleg redd då eg starta på det. Men eg starta sjølvsagt. Det var ein nervepirrande tur. So var det meir utforsking.

Litt seinare kom eg inn i garderoben att. Folk var i ferd med å ganga, me skulle visst dra. Eg er alltid treig med å pakka, denne gongen var inga unnatak. Eg hadde kome frå eit lite bruka rom, og fekk nesten bombedøri stengd (då hadde eg vore der inne :|), men eg unngjekk det. Vart litt skremt då. Folk byrja gå, eg gjekk til slutt (det er ein litt stor ting her, som eg hev gløymd :( ). Ute såg eg bussen på andre sida av plassen, det var ein litan skog mellom oss, og på sida av den skogen stod ein ekstremt diger bil. Det såg ut som ei heisekran på ein måte. Han var kjempelang og hadde nokre ekstremt høge røyr som hang ned frå eit oppheng høgt oppe.

Den digre bilen såg absolutt ikkje slik ut:

Stor brannbil/byggebil i draumen min

Men det var litt vanskeleg å forklara med ord. Jaja. Slik såg han ikkje ut, og han var kjempeskummel. Bussen stod altso bak dei tankane, og skogen var til høgre for «hysone». Då eg gjekk forbi desse digre hysone (munningi var digert!) kom eg i fare for å bumpa borti den eine…: og heile tingen starta røra på seg! Altso, nett som ein pendel,—alle fira hysor byrja svinga. Det gjekk seint i byrja, kom mot meg – såg rett inn på det digre greiene – so forsvann det seg litt bak, og kom attende til meg med større fart og denne gongen måtte eg dukka.

Eg vart livredd (hadde eg berre stande der, og ikkje dukka, hadde eg vorte drept – so kraftig var det), dei svingde ein gong til og denne gongen hadde dei fengje enormt sver fart. Eg sprang mot bussen, – eg såg at alle sprang til vindauget for å sjå kva som skjedde. Då eg såg attende på bilen såg eg at det kom ut diiiigre mengder svart/grøn gusje som vart slengt yver den lille skogen, og svinginga gjekk stadig raskare.

Plutseleg såg eg at bilen byrja verta ustabil, svingingi var so sterk no at hysone gjekk omtrent opp i 90 grader vinkel frå der dei normalt stod, og bilen tippa noko enormt frå side til side med svingingi. Han kom til å detta. Det vart meir og meir brutalt, og dei digre tankane bak traileren/lastebilen byrja springa lekk, det kom grøn gusje ut. Eg fekk kjeft av folk (som eg berre såg teit på, ærleg talt – akkurat som um eg ikkje veit at dette ikkje er bra! Mongisar). Ein digert brøl, og heile maskini datt yver den lille skogen, det vart ein ekstrem flom av grøn gusje – og bussjåføren fann endeleg ut at det var ekstremt farleg her og me måtte dra. Hmm. So vakna eg. Ahh. No kann eg eta og dra til byen!

Hmm. Var det noko anna eg skulle seia? Ja, sikkert, men det fær so vera :D (Ah, jo, eg oppdaterer Twitteren min ofte, men ingen andre ser ut til å gjera det :-( ).

Oppdatert

09:57 < Neophus> hva er “hysone”?
09:57 < Neophus> hylsene?
10:14 < Velmont> Neophus: «Brannhysa»—- Det er… «munnen» til ein brannslange.

Egil prata so mykje han kunne um innlegget for å verta sitert frå IRC:

10:22 < @Egil> Velmont, tegningen blei genial :D har den som bakgrunn
10:28 < Velmont> Egil: Hahaahh :p Øøø. Det klarar du ikkje halda serleg lengje. :P Eg vart skikkeleg lei av å teikna til slutt. Burde kann henda gjort det i Gimp i staden for Inkscape òg.
10:32 < @Egil> Velmont, tja kvifor ikkje?
10:32 < @Egil> har jo vanligvis bare standard bakgrunn fra operation-themet (*box)
10:35 < Velmont> Egil: Det er jo ikkje nettopp fint, spanande, inspirerande eller morosamt. Er jo berre eit skikkeleg rot :-) Ikkje serleg høveleg til bakgrunn.
10:36 < @Egil> eg syns an var morsom
10:36 < @Egil> men fronten ligna mest på ein gammal t-banevogn

Her kjem provet:

10:42 < @Egil> men ein må jo spørra seg, ka er den grønne gusjå?
10:43 < @Egil> kanskje det er ein ny væske som brannvesenet har utvikla for å slokka bedre
10:43 < @Egil> så hadde de tenkt å laga skogbrann i parken for å testa!
10:43 < @Egil> så du gjore egentlig et slag for miljøet
10:44 < @Egil> og den grønne gysjå e sikkårt laga av naturlige ingredienser, så opprenskningsarbeidet er nok ikkje så viktig
10:44 < @Egil> hadde væsken vært kunstig hadde de nok valgt ein mindre naturlig farge som blå
10:45 < Velmont> Egil: Det virka ikkje serleg naturlig, nei… Det var nok ganske giftig.—- Eg trur det var ein bygningsbil, ikkje ein brannbil.
10:45 < @remiss> hmm.. ja.. grønn er vel vanligvis “giftig”
10:45 < @Egil> då synes eg du bør mekka update me denne nye tolkningen

Slik. Du fekk oppdatering Egil ;-) Heheh. (Snart ferdig med å eta (tørre skivor))

4 tankar om “Ånei, ein diger farleg lastebil går amok!

  1. Roger

    Hey, nå må jeg være nykter i to uker så hvis du vil finne på noe alkoholfritt så er det bare å si i fra :) (beklager å dra din edruelighet inn i dette, men som regel når jeg finner på noe med andre involverer det alkohol)

    Btw, drømmer er til for å glemmes! :p

  2. Egil

    Dette var eit morsomt innlegg. Spesiellt tegningen blei jo veldig bra. Me må bare finna eit nytt lokale for Ping i det verkelege liv òg (eller e d óg?). Det bør kanskje ver litt lettere tilgjengelig enn opp og ned ein surrealistisk trapp. ;) Akk, eg var litt for sein te å bli sitert frå irc :(

  3. Odin

    No sit eg altso å et etter dusj, um nokon lurer på kvifor eg framleis hev internett.

    Roger: Jadå. Eg gjeng yveralt, men tenkjer gjerne du vil halda deg vekk frå pubar i denne perioda :P So for so vidt vart det littebitt relevant. Det var koseleg tilbod. Fær sikkert brukt det :]

    (Tips: legg lenkja til heimesida di når du legg att innspel, då får du fleire lenkar inn til deg — med mindre eg køyrer rel=nofollow, burde ikkje det)

    Christoffer: Hehe, ja, eg tenkte nokon ville reagere på at eg øydela heile skogen. :)

    Egil: Hehe, kjekt du likte teikningi, eg brukte for mykje tid på han. Ja, er so synd at me mistar lokalet – me finna noko like bra/betre. Ja, er alltid moro å verta prata um/sitert, so du må nok passa på å vera tidsnok neste gong :P

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.