Førre innlegg var altso ein (vellukka(!)) aprilsnarr

Eg vart sers yverraska då folk trudde eg ville skriva 40% riksmål på heimesida mi. Hadde ikkje tenkt å leggja innlegget ut, kunne ikkje tenkja meg folk ville gå på det. Det var fullt av elendig språk, krøkete setningar og ein dose ting eg ikkje ville sagt. Men folk gjekk altso på.

Eg hev forstått at ingen les lange innlegg, men det er for seint no – er du lat vil du sikkert berre lesa sjølve aprilsnarren og utleda resten av denne «forklaringsteksten» frå det.

Eg vil gjerne sitera heile innlegget for å visa døme på kor elendig (morosamt dårleg) teksten er. Det er vel lite vits, men eg kann ikkje dy meg frå å trekkja fram eit par setningar.

Å fylgja lovi

Anbefalingen, som man nå befølger for å være et godt eksempel for etterfølgelse av de videre lag av vårt land, kan interesserte parter finne hjemmel for i gjeldende lovverk.

Off. Denne setninga var faktisk enkel og god i fyrsteutkastet, men eg jobba lengje med han for å gjera han dansk-bokmålsk og stygg. Eg jobba òg med å putta inn vanskelege låneord (som me hev betre ord for på norsk). Hadde eg skrive dette på nynorsk so hadde det vore noko slikt som:

Eg fylgjer tilråingi i lovi for å vera eit godt døme for andre.

For å få det unnagjort; det kann sjå ut som ein god idè å kvotera inn bokmål for å vera «politisk rettskaffen» og «betre enn andre». Slik er det ikkje, nynorsk er eit mindretalsspråk som vert undertrykt av det gamle koloni- og statusspråket bokmål. Nynorsken fær lite eksponering, og det er slik at sjølv elevar som bur i «nynorskland» ser meir bokmål enn nynorsk. Ein fær bokmålet inn ved tale og ikkje minst gjennom omverdi. Der bokmålsk normaletalemål hev status, vert nynorsk overkøyrd av målføri. Fyrr leggjetid les pappa på bokmålsk for jenta si, slik at ho vert flink i dette målet då ho startar på skulen. Det fær ikkje nynorsken.

Ei kann henda større påverknad for litt eldre ungar er språket nytta i skrift. Landsdekkjande avisar som Dagbladet og VG hev redaksjonelt nynorskforbod, og dei fleste føretak nyttar bokmål same kvar dei finn seg. Jentone les bokmål i Donald Duck & co, medan gutane les bokmål i Topp. Båe kjønni les bokmål i Harry Potter.

Det er viktig å sjå nynorsken i bruk

Eg var nyleg innom min gamle hengjeplass, hw.no/linux, eller GNU/Linux-forumet på programvare-delen av diskusjon.no som ein kallar det no. Det fyrste eg såg var ein post av ein gamal travar med kallenamn «huf». Posten hans var på nynorsk. Han skreiv bokmål sist eg var inne, men no hadde han altso byta språk. Eg byta sjølv til nynorsk i den tidi eg var aktiv på forumet, og ein kann sjå eit klårt skilje på historia yver innleggi mine. Mykje av grunnen til at eg byta, var at eg såg andre nytta nynorsk heilt sjølvsagt på nemnde forum. Eg fekk stor respekt for desse menneski, som synte seg å vera nokon av dei flinkaste folki på forumet.

Etter ei stund med nynorskpåverknad fann eg ut gjennom Simon si heimeside at det ikkje gjer noko kva hovudmål du hev på videregåande. Då byta eg hovudmål. Det tok ikkje lange tidi fyrr eg hadde kjempegod nynorskkarakter.

Er du flinkare å skriva bokmål enn nynorsk, og sånn sett redd for hovudmålskarakteren din om du byter? Tenk på sidemålskarakteren din. Karakteren din i sidemål tel like mykje på vitnemålet som karakteren i hovudmål.

So nynorsken vert overkøyrd av bokmålet, og er ikkje serleg synleg for Folk Flest™. Dette må gjerast noko med um alle i Noreg skal velja å skriva nynorsk. Eller um ein skal kunna hava reell valfridom, å kunna velja fritt mellom nynorsk og bokmål. Men dette skal ikkje vera ein tekst um nynorsk, lurer du på kvifor folk skal velja nynorsk kann du lesa meir hjå NMU.

So difor treng altso alle å høyra meir nynorsk, me kann alle saman bokmål bra – og me ser det heile tidi. Bokmålet treng inga hjelp, det tråkkar på nynorsken og difor lyt alle dei som skriv nynorsk skriva nynorsk – og ikkje «vera snille med bokmålet». Det trengst nemleg ikkje. :-)

Ai, dette vart litt vel langt. Spol framover!

Tren på bokmål for jobb (!?)

Jeg vet de fleste må bytte språk når de får jobb, så det er absolutt anbefalelsesverdig å bedyre at det å betrene seg på å beskrive tanker på det største sproget i Norge (og derfor beste?) er en god og positiv beskjeftigelse.

Hahaha. Denne setningi er til å daua av. Han er so inne i granskauen elendig. Heilt yver toppen, heilt totalt toppa, heilt ekstremt yverdrive. Eg er framleis heilt i villreie, korleis kunne noko tru eg hadde skrive slikt seriøst? Ærleg talt, «å betrene seg»? Nei, eg vert mållaus. Dessutan ville eg aldri i livet øvd meg på bokmål for å kunna byta til det um eg fekk jobb (ikkje at eg hev lyst å vera tilsett for andre!). Eg hadde ikkje godteke at nokon sa eg måtte byta til bokmål! Eg hadde vorte fly forbanna.

Men eg lurte altso folk

Eg synest dette er so fantastisk moro. Tenk at eg klarte lura folk med noko slik. Det er jo kontroversielt, og det kom på ein dag ein normalt sett ikkje stolar på slikt – so det var veldig spesielt å få seriøse attendemeldingar på innlegget. Simon var fyrste person som peika på aprilsnarren. Fyrr det so syntest Egil det var ukomfortabelt å lesa bokmål på sida mi, noko eg vart sers glad for. Dei gongene eg hev skrive bokmål til folk, reagerer dei ofte fort – og seier eg må skjerpa meg (desse skriv bokmål sjølv, altso). Det elskar eg. Nynorsk hev raskt vorte det ålment godkjende språket mitt, sjølv um eg hev skrive bokmål mykje lengre.

Jarle Petterson framheva det elendige språket mitt. Han kalla det eit yverdrive «kansellispråk», og vedgjekk via straumbrev at han gjekk på narren. Synnøve uffa seg, og kom med eit nektande ord. Rebecca vart yverraska då eg sa det – ho trudde eg meinte det. Diverre klara eg ikkje lura ho lengje; det kjendest for falskt å forsvara avgjerdi i person.

kansellistil tung målføring med gammaldagse ord og lange, innfløkte setningar etter tysk og latinsk mønster

Fekk òg ei herleg melding frå Børge som eg berre ignorerte. Eg sat og lo og lo då eg fekk meldingi, og eg visste ikkje um han var seriøs eller tulla. Difor tenkte eg like godt eg ikkje ville avsløra noko endå.

Børge: overraskende at du har begynt å skrive på riksmål. det hadde jeg ikke ventet. Men selv om din blogg da får en 40/60 rate av forskjellige målformer, så vil jo den samlede daglige utgivelse på norsk nå ha en enda lavere andel nynorsk.

Han lo godt og sa han ikkje hadde gått på ein aprilsnarr på lengje. Hehe. Det var kjempekos. Innlegget frå i går vart ein stor suksess. Eg hev ikkje hatt so moro av eit innlegg på lengje. Det verste var at største delen av moroa kom etter det var ferdig skrive :-D

Takk til alle som las aprilsnarren min, og ekstra stor takk til alle som vart lurt.

17 tankar om “Førre innlegg var altso ein (vellukka(!)) aprilsnarr

  1. Simon

    Gratulerer med vellukka spøk. Det var nok den beste eg kom over i går (hakket betre enn «det er ein elg på trampolina mi»-spøken til litlebroren min). Men det klør i fingrane kvar gong eg ser nokon kalla sjølve spøken for «aprilsnarr». Det er jo dei som bit på spøken som er aprilsnarrane.

  2. Odin

    Simon: Hm. Ja, kann henda. Men ordboki (trur eg) let meg bruka ordet på denne måten. Eg trur eg hev flust av andre, verre feil.

    aprilsnarr

    person som blir narra april

    aprilspøk

  3. Simon

    Eg er klar over at den range tydinga er teke inn i ordboka, men det tyder ikkje at det er rett av den grunnen. Ikkje i mitt gamaldagse og konservative sinn i alle fall. Same kva, dette er ikkje nokon kampsak eg har. Berre ei lita misnøye eg har éin dag i året.

  4. Odin

    Vebjørn: Veldig moro. Hehe. Eg hadde moderert meg litt meir enn han då. Hum. Det hadde vore moro å laga ei eiga sida for blogge-Noreg, altso for nynorske bloggarar. :]

  5. Odin

    Vebjørn: Nei, nei. Den gjeng eg ikkje på. Ei miniliste. Det er heller ikkje ei oppsamlingsmaskin eller oppdateringsutropar (:P). Korkje mi eller di fantastiske sida ligg i lista. Jens sine tankar frå «Alexander Kiellands plass»:http://alexanderkiellandsplass.blogspot.com/ er ikkje med ein gong.

    So, nei, absolutt ikkje godkjend.

  6. børge

    Jepp, jeg innrømmer det, jeg gikk rett på limpinnen… Litt flaut, men alltid hyggelig å spre glede hos mine venner.. :)

    Hva med en nynorskblog-planet? Skal være enkelt å sette opp med Planet.

  7. Odin

    børge: Eg trur kann henda det vert litt for mykje trafikk? For mange innlegg. Trur du dette er noko folk vil bry seg noko serleg med? Eg kann ikkje sjå at det vert serleg mykje nytta. Hmmm. Det bør i so fall hava eit tema, — t.d. nynorsk. Eg trur ikkje ein planet er so moro å fylgja med på med mindre han krinsar rundt eit tema.

    Eller kva tykkjer du? Du er jo meir inne i dette her ;-)

  8. børge

    Nei, jeg må nok si meg enig der. En planet som inneholder alt fra utlegninger om de siste oppdagelsene innen kvantemekanikk til ørten poster om hva katten spiste til frokost er nok ikke så særlig spennende for noen, uansett hvilket målføre det måtte være på.

  9. Roger

    Hva!? Mener du at alt dette bare var en spøk? Her hadde jeg akkurat mekket meg en kopp kaffe for å lese de nydelige bokmålinnleggene dine også kommer du her og sier at det alt bare var en spøk?

    Jeg kan ikke si annet enn at mitt hjerte er knust, Velmont. Jeg håper du en dag vil vurdere å skrive bokmål igjen.

    Velmont, anbefaler at du tar en titt på min hjemmeside for å se en god blanding av engelsk og norsk som seg hør og bør på internettsider!

  10. Odin

    Roger: Hehe. Ja, du burde ikkje skriva «norsk» der, sidan du trass alt skriv norsk-dansk og ikkje norsk. ;-)

  11. Tilbakeping: 40% av beskjeftigelsene mine beskrevet på riksmål! | Velmont – Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.