Jobbing med pappa på vitjing i Oslo

No er eg ganske sikker på at omtrent ingen lurar på kvar eg hev vore og gjort i det siste. Men eg skal fortelja um det lell. Torsdag og fredag hadde eg pappa på vitjing, me skulle filma 17 intervju med sentrale folk i psykiaterforeningi. Dagen då han kom rydda eg vaska rommet til det var umogleg å kjenna att.

Rommet mitt var bomba. Totalbomba og gløymd i fleire år. Det låg eit knust glas på golvet, neddyssa i støv. Midt på golvet var eit svart mynster av fast skit. Under sengi låg sand og digre hybelkaninar som truga med å bita av meg foten kvar gong eg la meg. Tok eg eit steg inn i rommet flaug støv opp frå det tjukke «støvteppet» på golvet – det saug seg inn i ein støvspiral bak meg. Og so lukta det ganske, eh, ufint. Midt i rommet stod ei feltseng og tok opp all golvplass. Oppå denne låg eit lass av gamle klede – stinkande svette.

Eg hadde ingen reine klede att. Det hev eg ikkje hatt på tvo vìkor. Godt eg hadde nokre klede som lukta litt mindre enn dei andre, so desse hev eg altso brukt. Dessutan hev eg flykta heim eit par gongar og fått vaska nokre klede der. Det var omtrent ikkje ein flekk av rommet som ikkje var dekka av rot. Flekkane som ikkje hadde gamle klede, størkna sjokolade, bås eller blad/papir på seg var som sagt dekka støv. Golvet var eigentleg ikkje å finna på rommet mitt.

So det vart rydd og vask

Eg nytta omtrent heile onsdagen på å vaska rommet. Den kinesiske naboen min såg på støvhaugen eg kasta, ho såg på rommet og vart heilt frå seg. Ho hadde aldri trudd det kunne sjå slik ut inne hjå meg; so ekstremt reint. Pappa hadde fødedag på torsdagen (dagen etter), so eg tenkte eg måtte gjera sopass for han. Eg hadde inga gåve, men eg kunna jobba ein heil dag for at han skulle kjenna seg godt heime i hybelen min. Eg vaska òg alle kledi mine.

Ein forfriskande nyhende var òg ommøbleringi av rommet, det ser no heilt annleis ut enn slik det var då eg flytta inn. Det var moro å plassera ting på ein annan måte; spanande.

Neste dag, jobb, jobb

Me satt opp utstyret og tok i mot folki som skulle intervjuast. Det gjekk greitt – eg såg på biletet, høyrde på ljod og justerte etter kor høgt/lågt dei prata. Kjende meg i godt leie og trygg på utstyret. Det viste seg seinare at eg tok opp ljod litt for lågt, men slikt må ein berre venta fyrste gong ein nyttar heilt nytt utstyr og ikkje kjenner til det.

På kvelden gjekk me på teater. Det norske teateret. Noregs mest populære teater, og det er eit nynorskteater. Moro. Me såg «Katt på heitt blekktak». Var vanskeleg å høyra kva Ane Dahl Torp sa i byrja, men etter litt byrja eg båe forstå og høyra. Ho prata litt vel raskt og utydeleg i starten. Ei anna sak var vel òg det å verta van til å høyra røystone frå so langt vekk.

Svimings, nesten

Eg heldt forresten på å svime av då eg sprang for å rekkja t-banen fyrr stykket, eg måtte heim å henta semesterkortet for å få rabatt. Eg hadde ikkje ete noko serleg sidan me hadde so tettpakka program, og eg må eta kvar 4–5 time no. So eg hadde nok båe fengje lite vatn og lite mat – so då eg spurta ein lang veg gjekk det hardt ut yver meg. Det var litt teit. Men eg vart klår yver problemet då. So me åt raskt på ein vegetarplass (sist gong me var der var det i høve min fødedag, denne gongen pappa sin :p) fyrr stykket.

Etterpå gjekk me på Indisk restaurant på Grønland og kosa oss. Det var godt. Hyggeleg og god mat.

Jobbing og heimreise for pappa

Neste dag var det opp å filma att. Vart ein lang dag. Men med mange interessante folk. Det var moro å gjera desse intervjui. Eg var eigentleg usikker på kor interessant det ville verta, eg tenkte eg kom til å keia meg stort. Det vart ikkje tilfelle. Ein såg likevel fort kven som var medievant og prata ofte um fagfeltet sitt. Det var ekstrem forskjell på folk. Veldig moro. Eg vonar forresten òg at utsjånaden på bileti vart bra, trass lita tid og låg prioritet.

Me klarte få intervjua alle i Oslo-området på denne tidi. Veldig yverraskande. Då slepp eg gjera resten åleine. So åt me på «Punjab» (ein annan indisk restaurant på Grønland) og pappa drog heim. Eg fekk avtale i Trondheim neste torsdag (det er i morgon no) med eit intervju. Diverre viste det seg at han var i USA. So eg dreg opp til Trondheim i morgon utan nokon stor plan. Heldigvis er det jo landsmøte i Noregs Mållag frå fredag. Men eg treng yvernatting torsdag til fredag.

Sluttankar

Det var moro å få vitjing av pappa. Dette er faktisk fyrste gongen nokon i familien hev vitja meg her i Oslo. Det var koseleg å hava han rundt og få eit (sers lite omfattande) intrykk av korleis eg hev det her. Dei tvo dagane han hang her var likevel ikkje typiske då – det er mange gode dagar, og mange treige der eg ikkje fær gjort stort. Diverre hev det vorte fleire treige i det siste, men det er ei sinnstemning eg vil endra på. Frametter kjem eg til å hengja meir i Stavanger òg – eg trur det kann endra ein del.

Me fær sjå. No må eg leggja meg, tidleg tog å nå i morgon. Dessutan må eg slå av maskini mi, ho hev yver 15 dagar oppetid no – det er rekord (gamle var 13 dagar).

4 tankar om “Jobbing med pappa på vitjing i Oslo

  1. Monique

    Eg har faktiask lurt både på ka du fordrive der brote og korleis det gjeng med deg:)

  2. Skjalg

    Eg e meir interessert i bilete av rommet FØR onsdag den 18. april 2007. Det var kjekkt å vitje Odin i Oslo – men det blei noko hektisk med 10 timars arbeidsdag.. Neste gong kjem heile familien!

  3. Odin

    Monique: So koseleg. :-) Du vert kann henda glad for å vita at eg kjem heim ganske snart då. Eg skreiv vel eigentleg det i teksten ;]

    Egil: Hmm. Ingen kamera.

    Skjalg: Eg tok ikkje nokon bilete, so det vert nok ikkje av. Diverre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.