Velmont – Odin Hørthe Omdal

2007-04-25 12.30

Johan Galtung pratar på Sophus Lies auditorium i dag

I dag kl 14.00 pratar Johan Galtung på Sophus Lies auditorium um «USA – imperiets nedgang og fall, … og kva so?». Det er i regi av SmiO og nokre studentar på nordisk årsstudium. Eg laga plakat til dette, og skal sjølvsagt vera på det. Men me hang opp eit par-få plakatar i går – dimed trur eg ikkje det kjem so mange som sist. Då var det jo plass til 500, men likevel heilt fullt. Folk kom ikkje inn! Det er difor me skipar til noko nytt med denne kjende fredsforskaren. Eg gler meg!

Mogleg relaterte innlegg

9 innspel til «Johan Galtung pratar på Sophus Lies auditorium i dag»

  1. sa Egil 13:08

    Eg forvente oppdatering med fyldig referat! :)

  2. sa Skjalg 21:43

    Ja dette ventar eg med spenning på. Johan Galtung er min store helt heilt frå ungdomstida. Det er vel i samband med Nato-møtet at dette er komen i stand.

  3. sa Odin 00:08

    Det var kjempebra! Heilt utruleg kult. Eg er trøytt og må sova, men eg skal vurdera å skriva eit lite samandrag av kva eg hev lært. Men altso; de må berre sjå denne karen på ei scena. Johan Galtung var skikkeleg inspirerande og ein fantastisk føredragshaldar. :-)

    Synd du ikkje kunna vera med Egil, du hadde nok likt det.

  4. sa børge 14:56

    ja, du må for all del ikke nevne at et opptak av hans forrige framførelse av samme foredrag kan lastes ned i sin helhet hos meg. Jeg tror forresten jeg har hørt at det var omtrent 300 som ikke slapp inn den gangen.

  5. sa børge 14:58

    Gah, hvorfor får jeg ikke bruke html-linker? “Her er linken i textile”:http://blogg.forteller.net/2007/02/14/galtung/

  6. sa Odin 15:14

    Børge: Det skulle eg gjera i eit eige innlegg der eg prata smått um kva han sa. Eg hev òg sagt det til folki eg hev prata med andlet til andlet («Eg kjem nok til å skriva noko kort og heller referera til bloggen til ein kamerat av meg som tok opp forrige fyredrag»).

    So det var absolutt planen.

  7. sa børge 17:26

    Hehe.. Kjempebra! :) Veldig kult at han tok det en gang til, og at du fikk vært med denne gangen!

  8. sa Odin 17:35

    Børge: Kann vel òg seia at han holdt eit litt annleis fyredrag denne gongen. Han viste meir tal og prata meir um morosame fakta. Dessutan hadde han sjølv høyrd at det var 400 som ikkje fekk plass sist, so han gav det på ny for å gjera det mogleg for dei å høyra det. Det kom omtrent 100, noko som er sers mange.

  9. sa Jarle 10:55

    Vil de høyra meir av Galtung i sumar, kann de melda dykk på kursvìka åt Nordisk fredsakademi i Jondal, 6.–10. august. Det vert kurs i Transcend-mekling, fredsmatematikk, konfliktløysing i skulen og dialog i (staden for) rettssaker.

    Fyrr kursvìka er det Hardangersymposium same staden, med Johan Galtung, Edvard Vogt, Helge Hognestad og Aud Bruknapp.

    Les meir på: http://www.nordisk-fredsakademi.no/ og http://www.hardangersymposium.net/

Kom med innspel

Du kann nytta textile eller enkel xhtml (<strong> <em> <blockquote>). Innspelet kann verta heldt att for søppelsjekk, logg inn for å sleppa.