Klag på språket i sjølvmeldingi

For ei tid sidan fekk eg sjølvmeldingi i posten. Ho var, som alle andre år, på bokmål. Trass i at eg hev sagt frå kvar einaste hekkans gong at eg ikkje vil hava den stygge sjølvmeldingi i format «selvangivelse». Æsj. «Selvangivelse». «else, else, else». Jadå, eg veit eg hev digre fordomar mot bokmål, men eg hev laga dei sjølv – heilt medvite. Ein måte å overleva som nynorskbrukar i lengre tid.

No vil eg eigentleg ikkje skriva alt som sviv i hovudet. Eg las nett at Synnøve hadde klaga og offa seg etter fleire år med bokmål + retting, og sendt ei klage for at Nordhordaland sende ho bokmål. Det var kveikande og eg fekk lyst til å setja ut ein intensjon um å senda ein klage. So her er ho.

Eg skal senda ei klaga til likningskontoret mitt i år, for å klaga på at eg etter 3 år framleis ikkje fær sjølvmeldingi på nynorsk

Elles er dette sitatet frå Synnøve sin klage so flott at eg siterer det:

Av dei mange nynorskbrukarane som får sjølvmeldinga på bokmål, er det truleg dei færraste som skriv irriterte e-postar eller seier frå om det på anna vis. (Diverre!)

Det var jo dette eg hadde tenkt å gjera. Trass i at eg er ein røynd klagar, hadde eg tenkt å la det vera. Men ikkje no! Eg oppmodar forresten alle til å gjera det same. Ein kann godt skriva bokmål, men motta sjølvmeldingi på nynorsk. Det gjorde eg då eg skreiv bokmål. Um nokon av dykk eg sinte menneskje nett som meg, so kann du senda ein klage til likningskontoret. Truleg held dei ikkje skikkeleg oppsyn med kven som hev vald kva (eg hev jo aldri fengje sjølvmeldingi mi på nynorsk, medan mamma fær han).

So um alle sender klagar på dette hadde det vorte klageflaum i kontoret! Weey! Det hadde vore drittøft. Dessutan hadde dei kann henda vorte betre når fleire var sinte. Det er jo ærleg talt ein plikt dei hev, men dei fylgjer han ikkje serleg bra. Jæklane. So send din klage i dag!

Forresten synest eg sjølvmeldingi er litt skummel, eg hev ikkje peiling på kor mykje pengar eg tenar

Oppdatert 25. april: Eg hev sendt klaga no.

4 tankar om “Klag på språket i sjølvmeldingi

  1. Simon

    Jøss! Eg har motteke sjølvmeldinga mi på nynorsk kvart år etter at eg gjorde skrotmål til sidemål. Kryssa berre av for nynorsk på punkt 1.5.7 fyrste året, og sidan har det vore god gumme.

  2. Odin

    Simon: Du er heldig. Hadde det berre vore so. Eg lurer på kvifor dei aldri oppdaterer mitt og Synnøve sine språk. Og Synnøve burde vel eigentleg hatt nynorsk på det papiret frå byrja?

    Irriterande lell. Hev framleis ikkje skrive klaga, men eg skal altso.

  3. Tilbakeping: Mobbing av nynorskbrukarar er heilt greit - Velmont - Odin Hørthe Omdal

  4. Skjalg

    Eg og Unni har moteke sjølmelding og alle dei andre papira som fylgjer med på nynorsk. Eg for min eigen del hev sers mange skjema (over 10 på det meste) og alle er på nynorsk. Eg endra målføre på sjølvmeldinga kring 5-6 år sian. Ellers så vil eg sei at di sjølvmelding, Odin, ligg her heime – frist for innsending er som du sikkert veit den 30. april. Falke fekk si fysste i år – på bokmål.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.