Mobbing av nynorskbrukarar er heilt greit

Eg var nett i Trondheim og viste fram ein informasjonsvideo eg hev redigert (for STEP – Ungdom møter ungdom) for lærarar og elevar som var på seminar for prosjektet. Etterpå var det «verta kjend»-aktivitetar der ein av lærarane nytta «kor tid eg hev det bra»-posten til å vitra um kor mykje ho hata nynorsk. Dette var altso etter eg hadde vist filmen på nynorsk og eksponert meg som einaste nynorskbrukar.

Fekk god attendemelding og arbeidsgjevar Nina Grindheim vart sers nøgd. Ho oppmuntra nynorskbruken min og kom med gode idèar på filmen. Dei som kjenner meg veit eg likar betre å få ei ramma – og so få gjera nett det eg vil innanfor den ramma. Og ho lot meg gjera det. Veldig bra, kreativ fridom og ingen klagar på språket mitt. Eg vonar filmen vart betre av den grunn.

Kva er STEP, er det for mobbing?

Absolutt ikkje. Eg hev jobba mykje med informasjonen til STEP for å få eit oversyn yver kva det er, og gjera han enklare slik eg kann skriva det med tvo enkle ord. Men for å sitera det på den vanskelege måten att:

Step er et forebyggende miljøtiltak i videregående skole, hvor elevene arbeider aktivt med det psykososiale miljøet i skolen.

Med det psykososiale miljøet meiner dei altso miljøet mellom elevane og korleis dei hev det med seg sjølv. Ein kann seia kor «ope, skapande og inkluderande» miljøet er. Det er altso ikkje rom for mobbing. Etter fleire år i skuleverket, gjeng eg ut frå at alle veit kva mobbing er. Ein lærer kann henda ikkje mykje um «gode psykososiale miljø» på skulen, men ein lærer iallfall mykje um dårlege miljø og mobbingi ein ofte finn der.

Likevel går læraren på direkte åtak mot språket mitt

Eg forstår so inderleg godt kvifor det er so mange som bytar frå nynorsk. Det er ikkje sjeldan eg må forsvara å skriva nynorsk. Bokmålsbrukarar vert aldri spurd kvifor dei nyttar bokmål. Dei fleste av dei hev aldri teke eit val, same kva. Ein må aktivt taka eit val for å skriva nynorsk. Det gjeng ikkje lange tidi med mobbing av lærarar og medelevar fyrr ein kjem til dette valet; vil du verkeleg halda på språket ditt og verta utsett for ei ålment godteke mobbeaksjon?

I staden for å verta lei meg og byta til bokmål, vert eg sint. Men litt lei meg òg når eg vert mobba slik. Det gjeng sterkt inn på meg, og eg synest desse personane er dei største idiotane i verdi. Eg held på nynorsken for å gjera han større, eg held på nynorsken for å gjera det meir ålment akseptert at folk nyttar nynorsk. Eg vil at det ikkje skal vera vanskeleg å skriva nynorsk. At det skal vera lov.

Læraren var ei ung blondine frå austlandet, som jobba med trivsel for elevane i skulen. God jobb, drittsekk. Ho jobbar direkte mot meg, som dei fleste gjer – med å visa desse ekstremt elendige haldningane sine. Det viser seg at dei er ein gjeng ureflekterte sauar. Dei gongane eg hev aktivt teke opp mobbingi deira, viser det seg at dei ikkje hev eit einaste argument. Dei er dumme som braud og brekar berre fordomane dei hev høyrd frå andre. Dei trur på det òg.

Mange lærarar kann ikkje anna nynorsk enn nynorskhat. Kva skjer når norsk skuleungdom «lærer» nynorsk frå desse neki? Jo, det vert «lengje leve norsk-dansken». Ein god ting med målrørsla, er at me er for fritt val av språk; me vil at elevane skal kunna velja mellom bokmål og nynorsk. Me er for fridom. Slik er det absolutt ikkje i dag. Det er veldig vanskeleg å byta til nynorsk av di ein vil. Få, til ingen ser det som eit alternativ, noko eg forstår godt. Det er ofte berre rare folk som meg som bytar til nynorsk, det er kjempesynd. Eg vil at alle skal byta til nynorsk.

Men det er vanskeleg å byta til nynorsk

Det er ikkje vanskeleg å læra seg nynorsk, det er berre å bruka det. Eg lærte meg det kjempefort etter eg byta. Men det er fleire ting som står som digre bautasteinar i vegen:

  1. Undervisningi syg (eg lærte meg nynorsk av meg sjølv, eg lærte ingenting i sidemål på skulen)
  2. Du møter dritmykje motstand, «alle» vil forklara deg kva dei tykkjer um nynorsk (som er piss, eg vil ikkje høyra det din jækla idiot – eg veit allereie kva du meiner)
  3. Du er offer for digre mobbekampanjar som Unge Høgre sin «Nynorsk syg!»-kampanje
  4. Me må alltid kjempa for å kunna skriva nynorsk der me ynskjer (somme gongar vert eg fortald at eg lyt nytta bokmål når eg lagar video for andre, WTF!?)
  5. Eg fær sjølvmeldingi mi på bokmål kvart år, trass i at eg hev valt nynorsk kvart år
  6. Ser ikkje språket ditt serleg mykje, du må ofte aktivt oppsøkja nynorsken (ikkje lesa Aftenposten, men heller tinga Dag og Tid t.d.)
  7. Les(/skriv) ein ikkje nynorsk, er det vanskeleg å verta god i det (opplagt)
  8. Og masse anna… :P

Ei side er jo at um fleire (alle, nesten alle?) hadde byta til nynorsk. Då hadde problemi gått vekk (vonar eg). Me kunne konsentrert oss um å vera snille med bokmålet for kva det faktisk er (ein viktig kulturtradisjon; norsk-dansk) og nytta nynorsken for det nynorsken er: språket vårt, norsk.

Eit par hev sagt at når norsken held på å forsvinna for engelsk i framtidi, vil nynorsken ganga høgt opp som ein reaksjon. Når folk aktivt vil velja ekte norsk, ein som kann stå mot engelsken, vél dei nynorsk. Eg trur det hev noko for seg.

Men no er det altso framleis greitt å mobba meg som nynorskbrukar båe offentleg og privat.

48 tankar om “Mobbing av nynorskbrukarar er heilt greit

  1. Hilde

    Det som nynorskbrukerne definerer som hat, er vel egentlig en sunn – om enn ofte barnslig i uttrykket – form for reaksjon på at vi skal lære to måter å skrive det samme språket på. For bokmåølsbrukere blir det rett og slett meningsløst, for nynorskbrukerne er det kanskje lettere å se nytteverdien av å lære bokmål.

    Selvfølgelig, respekter den varianten folk bruker, men en kan kke skyve under en stol at dette henger sammen med at sidemålskravene er knyttet til hva som er best for nynorskbrukerne og at det ikke finnes det miste snev av egennytte i å skulle kunne to former av det samme språket.

    Det er egentlig synd at så mye av frustrasjonen rundt sidemål og nynorsk i seg selv kommer ut i så tragiske former, for det hadde vært på tide med en mer velargumentert skepsis til det systemet som er i dag.

  2. Jarle

    Du lyt skriva eit lesarbrev um dette. Gjerne til Nationen; dei hev etter måten mange lesarar, og det er lett å sleppa til.

  3. Monica

    Ah, den stadige kampanjen mot nynorsk, ja. Og aldri nokre gode argument, det eg har fått med meg. Så lenge det er snakk om undervising i skulen, så er det ingen som ser vitsen med å læra nynorsk — dei forstår det jo likevel. Utanfor skulen har eg vore ute for følgjande reaksjon nokre gongar: «Hva? Jeg forstår ikke…» Det overraskar meg ikkje om dei same personane er av dei som ikkje ser vitsen med å læra seg nynorsk av di dei forstår det…

    Men noko positivt kan eg heldigvis òg fortelja om. Eg har òg nytta nynorsk når eg har skrive i ulike forum, og at eg har vore konsekvent der har fått andre til å nytta nynorsk òg. Tidlegare hadde dei nytta sidemålet i foruma, av ulike årsaker. Vel, OK. Eg skal ikkje ta på meg all æra, sidan eg aldri har vore einaste nynorskbrukaren, men eg har vore medverkande til at folk har sett lyset. ;-)

  4. Odin

    Hilde: Sidemålet er for at folk skal læra seg nynorsk og helst byta til språket. Eg er heilt ueinig med deg i at det er tvo formar av same språk. Dei kjem frå heilt ulike tradisjonar (nynorsken frå folket, bokmålet frå makta og dansken), og er meir ulike språk enn riksmål og moderne dansk i mine augo.

    Me hev tvo jamstelte språk i dette landet, for at alle skal fungera 100% i samfunnet må dei kunna båe språki. Ein kann taka vekk sjølve sidemålet, og berre kalla fagi «norsk» og «bokmål» – men poenget vil vera det same. Å læra nynorsk og bokmål for å kunna velja kva språk ein vil nytta. Du lærer nynorsk for at du skal kunna byta språk til nynors og for at du skal kunna nytta det når du treng det seinare.

    I dag er ikkje undervisningi i sidemål god nok, mykje grunna lærarar som sit inne med dei same haldningane du hev; at det ikkje er vits med «tvo formar av same språk». Dette øydelegg heile systemet, irritasjonen forplantar seg og ingenting bra kjem ut or det.

    Men eg er heilt einig med det siste du seier; me må absolutt få betra nynorskundervisningi. I år er sidemålet 100 år, so det er ein god start å få betre nynorskundervisning i skulen! Slik at nynorsken kann voksa og få nye folk til å byta over kvar dag! :D

    Forresten, eg seier ikkje sidemål = nynorsk, men dei som hev nynorsk som hovudmål hev ofte dårleg nynorskundervisning òg. Hev ein dårleg bokmålsundervisning gjer det ikkje noko, for ein lærer det gjennom bokmålsveldet same kva.

    Jarle: Hehe, eg trur ikkje eg vil setja meg ned å skriva noko skikkeleg. Ein hev mykje strengare krav til å skriva godt når ein skriv lesarinnlegg, her kann eg vera so ustrukturert og laus eg berre vil.

    Monica: :-D Heilt einig, einig, einig. :-)

    Ein morsom ting, mykje av grunnen til at eg byta til nynorsk var at eg såg han vart nytta i Linux-forum og -plassar. Dette var gjennomgåande flinke folk eg hadde respekt for. Etter ei tid fann eg ut at eg kunna byta hovudmål til nynorsk, og gjorde det. Dette var altso etter lang eksponering til nynorsk, tri år (i tredje klasse vidaregåande). Eg var nett attende på dette forumet, og la merkje til at ein annan bokmåling hadde byta til nynorsk nett som meg. So bruk er absolutt ein god måte å speia ljoset på ;-D

    Og forresten burde fleire få vita at det er dritenkelt å byta hovudmål, og at ein lærer seg nynorsk kjempekjapt um ein berre vil.

  5. Egil

    Eit problem med ordninga slik den er nå er at mange ser på sidemål som ein unødig byrde, og difor får negative assosiasjonar med nynorsk. Sidemålsundervisinga byrjar jo saman med framandspråkundervisinga, og for mange gjer den dårlige undervisinga at sidemålet berre blir ein byrde utan praktisk utbyte. (Berre sjå på meg, eg brukte språkrådets ordliste heftig for å skriva dette innspelet, og det har nok ein masse feil).

  6. Odin

    Egil: Nja, berre tvo/tri feil. «ordninga slik ho er nå», «berre blir ei byrde» og «utan praktisk nytte». Og det er berre tullefeil, eg hev normalt sett fleire feil enn dette i mine tekstar. Nokre gonger gjeng eg gjennom teksten min ein ekstra gong, då plar eg sjå mange av feili – so eg kann det eigentleg, er berre ikkje like lett å få alle kjønni rett fyrste gong ;-)

    Ja, det er eit problem. So eg vil at nynorskundervisningi skal starta i barnehagen med at ungane får høyra eventyr/songar og anna på nynorsk normaltalemål. Og so bør det fortsetja vidare uti barneskulen.

    Faktisk so er det sers lurt av folk å lata ungane sine starta i nynorskklasse, – då lærer dei seg nynorsk mykje betre enn andre; og bokmål lærer dei seg kjapt òg. Dei vert betre å båe språki. Det viser seg faktisk at ein vert betre i hovudmålet av å verta betre i sidemålet. Og det viser seg at ein vert betre av å læra tvo språk. Hmm, skulle vist til kjeldone no, men eg gidd ikkje søkja etter dei. :s

  7. Synnøve

    Kva er gale med «ordninga slik ho er nå»? Ordning er hokjønn.

    Det var utruleg tankelaust og dumt gjort av den læraren, Odin. Tok du det opp med henne?

  8. Jeanett

    Synes det er vanskelig å lære, men har alltid syns det har vært fint å høre på når folk prater nynorsk. Liker veldig godt å høre på når du prater Odin. =D Det er som musikk for miine ører.

  9. Monica

    Apropos det med at ein blir betre i både nynorsk og bokmål ved å velja nynorsk som hovudmål: Det var ein artikkel i Bergens Tidende for mange år sidan der ein lærar fortalte om erfaringane han og elevane hadde ved å velja nynorsk som hovudmål. Samanlikna med paralellklassane (med bokmål som hovudmål) så fekk dei betre karakterar i begge målføre. Ikkje så overraskande, kanskje, men elevane hans gjorde det betre i andre fag òg…

  10. Odin

    Jeanett: Eg pratar Stavangersk då, men eg skriv nynorsk. Det er nokre få som pratar nynorsk – ein finn dei ofte på TV-skjermen. Eg vil eigentleg læra meg å prata nynorsk normaltalemål, eg synest det er heilt supert.

    Monica: Veldig kveikande og interessant :-) Det kann koma godt med når ein skal overtala folk, – må sjå um eg kann få tak i den artikkelen. Tusen takk Monica.

  11. Hilde

    oki; here goes we:

    bq. Sidemålet er for at folk skal læra seg nynorsk og helst byta til språket.

    • jepp, men siden det er en mislykka propaganda, er det vel først og fremst der for å opprettholde muligheten til å «respektere» nynorskbrukere og denne respekten er definert som at de skal få brev besvart på sitt eige mål.

    bq. Eg er heilt ueinig med deg i at det er tvo formar av same språk. Dei kjem frå heilt ulike tradisjonar (nynorsken frå folket, bokmålet frå makta og dansken), og er meir ulike språk enn riksmål og moderne dansk i mine augo.

    • dette er helt klart synsing, noe du ikke kommer så langt med. Man kan ikke MENE at noe ikke er samme språk!? Bokmål og nynorsk er to skrifformer for det samme språket NORSK. Her kan man jo også tilføye at per lingvitsisk definisjon er ikke de skandinaviske språkene ulike språk, det er de faktisk bare fordi det er snakk om ulike land. Språkene er for like til å kvalifisere som ulike språk (talespråk altså)Men UANSETT: Disse to språkene har tilhørighet i to ulike tradisjoner, folket og makta? Aner ikke hva jeg skal si til dette, det er sevfølgelig en viss sannhet i dette, men det har ingen relevans for om man skal definere dem som to språk eller ikke.

    bq. Me hev tvo jamstelte språk i dette landet, for at alle skal fungera 100% i samfunnet må dei kunna båe språki.

    • Dette vet vi alle er tull. Ingen trenger mer enn ett skriftspråk, det være seg nynorsk eller bokmpl, annet enn til å bestå eksamen eller til å være byråkrat som skal følge målloven/a. Å forstå den andre normen er selvfølgelig et must, men ikke særlig vanskelig.

    bq. Å læra nynorsk og bokmål for å kunna velja kva språk ein vil nytta. Du lærer nynorsk for at du skal kunna byta språk til nynorsk og for at du skal kunna nytta det når du treng det seinare.

    • Dette er en konstruert valgfrihet, og sannheten er som sagt overfor at man skal lære begge språk for å kunne respektere nynorskfolket. De som måtte ha ønske om å bytte fra bokmål til nynorsk, ville gjort dette uten denne halvhjerta tvangsmessige valgfrihetsordninga.

    bq. I dag er ikkje undervisningi i sidemål god nok, mykje grunna lærarar som sit inne med dei same haldningane du hev; at det ikkje er vits med «tvo formar av same språk». Dette øydelegg heile systemet, irritasjonen forplantar seg og ingenting bra kjem ut or det.

    REtt og slett fordi det er meningsløst å skulle kunne skrive språket sitt på to måter. Det har ikke noe poeng rett og slett. Ikke for en selv, ingen egennytte.

    bq. Men eg er heilt einig med det siste du seier; me må absolutt få betra nynorskundervisningi. I år er sidemålet 100 år, so det er ein god start å få betre nynorskundervisning i skulen! Slik at nynorsken kann voksa og få nye folk til å byta over kvar dag! :D Forresten, eg seier ikkje sidemål = nynorsk, men dei som hev nynorsk som hovudmål hev ofte dårleg nynorskundervisning òg. Hev ein dårleg bokmålsundervisning gjer det ikkje noko,

  12. Hilde

    hm, sorry, men formateringene mine kom ikke med, så det jeg har sitert fra din tekst har blitt altfor godt bakt inn i min tekst. beklager. Men det som er p nynorsk er ditt da, og bokmålet er MITT:-)

  13. Hilde

    og for guds skyld: si fra til de folka som mener at noen «prater» nynorsk og bokmål at dette er helt på tryne å si. Man snakker dialekt, det gjør alle! Nynorsk og bokmål er noe man skriver.

    Men, herregud, selveste sjefinna i mållaget presterte jo å si på tv på bursdagen til mållaget – Bergensere snakker jo bokmål. Snakk om å dumme seg ut:-) Nyttig idiot eller lureri? hm?

  14. Vebjørn

    Hum, hum. Stutt svar til Hilde:

    Sidemål Eg saknar argument bak påstandane (eller «sannheten», som du sjølv kallar dei) om at sidemålsordninga utelukkande er til for å visa respekt for nynorskbrukarane ved å kunna fylgja mållova. Medan eg ventar på argumenta dine, so skal du få nokre motargument på forskot.

    Fyrst av alt, det er mållova, ikkje sidemålsordninga, som skal sikra «respekt for nynorskbrukarane». Eigentleg er det òg ei tåpeleg formulering, sidan mållova sjølvsagt ikkje er til for å syna respekt berre for nynorskbrukarar. Mållova er til for at det offentlege skal syna respekt for ditt og mitt val av språk, uavhengig om me skriv nynorsk eller bokmål. Staten er til for innbyggjarane, ikkje omvendt, og difor er det sjølvsagt staten som skal ta omsyn til ditt språkval.

    Sidemålsordninga, derimot, er ikkje til for å syna respekt for kvar einskild nordmann sitt val av språk. Sidemålsordninga er til for å tena mange føremål, mellom dei å sikra fridom til å velja kva språk ein vil nytta, slik som Odin peikte på. Eg er svært usamd i påstanden din om at dei som vil byta til nynorsk ville gjort det utan å ha sidemål. Jamvel om sidemålsopplæringa eg fekk var rimeleg mangelfull, so gav ho meg likevel eit visst kunnskapsgrunnlag å byggja vidare på slik at eg kunne verta sopass bra i nynorsk at eg tykte eg kunne det godt nok til å byta. Utan sidemålsopplæringa hadde dette vorte mykje vanskelegare, sidan eg då hadde stått heilt på berr bakke, og måtta læra alt frå botn av. Sjølvsagt, det finst mange som kunne ha klart det, men den arbeidsinnsatsen som må leggjast ned for å få det til heilt på eigen hand vert eit hinder for valfridomen. Derimot, om alle lærer både bokmål og nynorsk godt på skulen, og kan skifta nett kva tid dei vil, so får ein reell valfridom.

    «To variantar av same språk» vs. «to sjølvstendige språk» Eg er òg, kanskje ikkje overraskande, usamd i at bokmål og nynorsk er to måtar å skriva det same språket på. Nynorsk på 1905-normalen og nynorsk på 1917-normalen er to måtar å skriva det same språket på. Bokmål vs. nynorsk kjem i ein heilt annan kategori. Bokmålet er ei fornorsking av dansken. Altso er bokmålet ein «norsk» måte å skriva dansk på. Bokmålet vart ikkje til som skriftspråk på 1800-talet, det tok utgangspunkt i dansk, som hadde ein mykje eldre skriftkultur enn det. Nynorsken, derimot, kom til verda som skriftspråk etter at Ivar Aasen gjorde sine velkjende språkinnsamlingsreiser kringom i Noreg på 1800-talet, for å finna ein skriftleg fellesnemnar for dei norske dialektane.

    For å formulera dette i éi setning: Bokmålet har røtene i dansk skriftspråk, nynorsken har røtene i norske dialektar, og difor er dette to ulike språk.

  15. Hilde

    At normeringa har tatt utgangspunkt i to ulike greiner av de nordiske språk EN GANG I TIDA, er faktisk irrelevant. Realiteten, ikke minst for de som skal ha sidemål på skola, er at det er to måter å skrive norsk på! Man velger det ene eller det andre, eller man velger begge to og skaper en ide i sitt eget hodet om at de utfyller hverandre og kan brukes til ulike ting.

    Og det er dette man skal forholde seg til, det er dette som skaper det som nynorskfolket gjerne vil kalle for hat. Realiteten er at som mennesker har vi ingen egennytte av å etter 8 år lære å skrive norsk på en annen måte enn vi har lært så langt. Man trenger ikke noe valgfrihet, for man har allerede et språk, hvorfor bytte??? Hvorfor er det så viktig å skulle ha mulighet til å bytte egentlig?

    Er det kanskje fordi nynorsken må bevares? Fordi den rett og slett ikke hadde klart seg uten dette?

  16. Hilde

    Problemet er at innbitte målfolk er for opphengt i at språkene kommer fra ulike tradisjoner og derfor er «ulike språk». På tide å bevege seg videre og se på hvordan ting er i dag! Diskutere dette på rett premisser, ikke si at motstand mot å skulle lære to måter å skrive norsk på er et angrep på identiteten til nynorskbrukere. Get real.

  17. Egil

    Det som er et angrep på identiteten til nynorskbrukere et at man ofte ikke har annet tilbud enn sidemålsundervisningen. Hovedmålsundervisning i nynorsk får man kun om det er nok til å fylle en skoleklasse.

  18. Vebjørn

    Dersom bokmålet er ein måte å skriva norsk på, kva vil du då kalla dansken? Utover harde framfor blaute konsonantar og nokre låneord frå nynorsken er det fint lite som skil bokmålet frå dansk.

    Og nei, opphavet til bokmålet og nynorsken er sjølvsagt ikkje irrelevant for korleis ein definerer dei. Ein skal sjølvsagt ikkje sjå seg blind på historie, men ein skal heller ikkje sjå seg blind på samtid. Men uansett, om ein no utelukkande tek utgangspunkt i korleis bokmålet og nynorsken artar seg i dag, so kan eg ikkje med min beste vilje forstå at dette skal vera det same språket. Det er faktisk større skilnader mellom bokmål og nynorsk enn «jeg» vs. «eg», og «ikke» vs. «ikkje».

    Når det gjeld «eigennytte», so vil eg gjerne sjå ein definisjon av kva du legg i det omgrepet. Er «eigennytte» synonymt med matnytte? Profitt?

    Vidare tykkjer eg du har ei svært egosentrisk tilnærming til valfridomsspørsmålet. Sjølv om du personleg ikkje kjenner noka turft til å byta språk, so tyder ikkje det at me skal fråta alle andre høvet til å gjera det. Sjølv om du ikkje synest du treng nokon valfridom, so tyder ikkje det at me skal nekta alle andre den same valfridomen.

    Eg har òg lyst til å kommentera påstanden «Man trenger ikke noe valgfrihet, for man har allerede et språk». Det kunne ha vore sant, dersom språket utelukkande var eit kommunikasjonsmiddel. Men språk er ikkje berre kommunikasjon. Språk er eit viktig identitetsuttrykk, eit kanskje endå viktigare kulturuttrykk, og ikkje minst er ulike språk uttrykk for ulike grunntankar og tradisjonar. Eg skriv ikkje nynorsk fordi eg tykkjer det er fint i dikt, eg skriv nynorsk fordi eg identifiserer meg med grunnlaget og tanken bak nynorsken (og ikkje minst av di eg tykkjer resultatet samsvarer godt med dette). Og so omvendt med bokmålet då, eg kan ikkje identifisera meg med eit skriftspråk og ein skriftkultur som tek utgangspunkt i at språket mitt (norsk) ikkje er fullverdig nok, godt nok, dugande nok til å brukast i skrift. Det neste spørsmålet du kom med får dimed svar omtrent av seg sjølv, det er viktig å kunna byta for at folk sjølv skal kunna velja kva språk dei vil støtta opp om og kva språk dei vil skriva, ut i frå kva dei meiner om språka, og ikkje ut i frå kva for eit dei tilfeldigvis hadde som hovudmål på skulen.

    Og jau, nynorsken hadde sjølvsagt klart seg utan sidemålsordninga. Kvar sjuande elev i grunnskulen har nynorsk som hovudmål, og det er der hovudvekta av dei unge nynorskbrukarane kjem frå. Sjølv om bokmålselevane må læra nynorsk (slik nynorskelevane òg må læra bokmål), so er det ikkje slik at flesteparten av dei byter til nynorsk av den grunn, akkurat.

    So skulle ein kanskje tru eg var ferdig, men det var visst endå eit lite innlegg på botnen der, som eg tykkjer eg må svara på.

    «Ulike språk»-poenget har eg kommentert nokso grundig no, tykkjer eg, so eg skal nøya meg med ein merknad om at eg (og dei fleste målfolk med meg, har eg inntrykk av) sjølvsagt ser på korleis ting er i dag. «Ting i dag» er ikkje totalt forskjellig frå «ting for hundre år sidan», berre fordi det har gått hundre år. Jaudå, både bokmålet og nynorsken har vorte utsett for visse justeringar, men det er ikkje snakk om nokre store revolusjonar.

    Og so var det dette med åtak på identiteten til nynorskbrukarane, då. Det er for so vidt ikkje mine ord, men eg er til ein viss grad samd i dei likevel, sjølv om eg ikkje tykkjer det er eit so direkte åtak som du meiner det vert framstilt. Men for å prøva å forklåra: Sidemålsordninga sikrar at alle (i teorien. Sidemålsundervisinga må styrkjast før det vert ein realitet for alle.) meistrar både bokmål og nynorsk. Sidemålet er soleis ein viktig føresetnad for mållova, som ville hatt mykje større vanskar med å fungera dersom ingen kunne både bokmål og nynorsk. Mållova er igjen til for at staten skal syna respekt for kvar einskild innbyggjar sitt personlege språkval, og soleis deira personlege, språklege identitet. Fjerner ein sidemålet, so set ein òg krokfot på mållova, som igjen fort fører til at staten ikkje held fram med praksisen om å kommunisera med kvar einskild innbyggjar på innbyggjaren sitt språk. Sånn sett vil ei fjerning av sidemålet vera eit åtak òg på bokmålsbrukarane og deira identitet, reint prinsipielt sett.

    I praksis er det derimot slik at elevar med nynorsk som hovudmål lærer bokmålet «gratis» (altso utanom skulesamanheng) i mykje større grad enn omvendt, fordi bokmålet har ein dominerande (og overrepresentert) posisjon i samfunnet og dagleglivet. Difor vil bokmålsbrukarar i dei alle fleste tilfella kunna få svar frå staten på bokmål, sjølv om nynorskelevane ikkje lærer bokmålet på skulen. Elevar med bokmål som hovudmål, derimot, lærer ikkje stort nynorsk utanom i skulesamanheng, og fjernar ein då sidemålet (som for dei er nynorsk) frå skulen, vil svært få av dei verta i stand til å skriv nokolunde okei nynorsk. Og når so desse vert sakshandsamarar i statlege organ, og får e-post på nynorsk, so svarar dei på bokmål, fordi dei ikkje kan anna. Resultatet vil ved fjerning av sidemålet verta at nynorskbrukarane vert møtt med endå mindre nynorsk enn tidlegare, og nynorsken vert endå meir usynleggjord. Og det kan igjen gå ut over identiten som nynorskbrukar.

    Neidå, ikkje for alle, sjølvsagt. Eg personleg er like sta og vrang nynorsking sjølv om eg får brev på bokmål frå statsforvaltinga, men no finst det heldigvis fleire nynorskbrukarar enn meg, og alle dei er (diverre/heldigvis) ikkje klin like meg. Ein god del er langt i frå so stae som meg, og ein god del er ikkje like trygge på identiteten sin som nynorskbrukar. Og for ein del av desse kan det vera ei god støtte at staten er sopass audmjuk at han møter brukarane sine på brukarane sine respektive språk.

  19. Hilde

    Jeg kan desverre ikke diskutere disse tingene med nynorskbrukere som mener at deter to forskjellige språk. Et er rett og slett TÅPELIG! Det er idioti. Og dette gnålet om identitet, herregud. Fortsett dere å lek misforstått minoritet.

  20. Hilde

    DEt blir skrevet:

    Dersom bokmålet er ein måte å skriva norsk på, kva vil du då kalla dansken? Utover harde framfor blaute konsonantar og nokre låneord frå nynorsken er det fint lite som skil bokmålet frå dansk.

    DANSK SKRIFTSPRÅK ER EN MÅTE Å SKRIVE DANSK PÅ! GRUNNEN TIL AT DET ER LITE SKILLE, ER AT DET RENT LINGIVSTISK SETT ER SAMME SPRÅK SOM NORSK.

    OG SÅ SKRIVES DET:

    Det er faktisk større skilnader mellom bokmål og nynorsk enn “jeg” vs. “eg”, og “ikke” vs. “ikkje”.

    OG DET ER? ALLE DE SÅKALT «NYNORSKE ORDENE» (DET NORSKE VOKABUARET ER NOK DET MEST SKADELIDENDE SKILSMISSEBARNET SOM FINS)? ENDELSER… HM … SI MER DA:-)

  21. Vebjørn

    OK. Fyrst, eit lite tips:

    Kutt hersketeknikkane. Eg har forsøkt i det lengste å unngå å påpeika det, i von om at det skulle betra seg, men innlegg nr. 23 gjer det umogleg å halda kjeft lenger. Dersom målet med debatten for din del skal vera å ha ei konstruktiv meiningsutveksling, so nyttar det ikkje å stempla all meiningsmotstand som tåpeleg, idiotisk og det som verre er.

    So, for å svara på tiltale:

    Ja, dansk skriftspråk er ein måte å skriva dansk på. Akkurat som bokmål er ein måte å skriva dansk på. Og nei, lingvistisk sett er det ikkje det same språket som norsk. Det er i nær slekt med norsk, men det er ikkje det same. Det er ei heil rad med lingvistiske skilje mellom dansk og norsk, og desse skilja går då i hovudsak òg mellom bokmål og nynorsk, nettopp av di bokmålet ikkje er anna enn eit delvis fornorska dansk.

    Og so, då. Skilnadene. Nei, ikkje berre ordtilfanget, sjølv om det òg heilt klårt er ein del av det. Grammatikken er annleis, syntaksen er annleis, systemet i høve til samanhengen mellom ord som er knytt til kvarandre er annleis, ortografien er annleis, og so bortetter.

    Dersom nynorsk og bokmål var to variantar av det same språket, og det berre var orda som var skrivne ulikt, kunne ein omsett bokmål til nynorsk ved å byta ut ord for ord. Og det kan ein jo sjølvsagt prøva på, men resultatet vert jamt over forferdeleg dårleg, nettopp fordi det ikkje berre er orda som er skrivne ulikt.

  22. Hilde

    Det er ikke hersketeknikker, det er rett og slett utbrudd av frustrasjon over synet deres.

    Dansk, svensk og norsk er faktisk ikke forskjellige nok til å stå som egne språk i en lingvistisk definisjon av språk. Slik er det bare, det er fakta. Lær dere mer om dette.

    so skrivast det då:

    bq. Og so, då. Skilnadene. Nei, ikkje berre ordtilfanget, sjølv om det òg heilt klårt er ein del av det. Grammatikken er annleis, syntaksen er annleis, systemet i høve til samanhengen mellom ord som er knytt til kvarandre er annleis, ortografien er annleis, og so bortetter.

    For det første ordtilfanget. Jeg mener det er en grusom lemlestning av det norske språk å si at noen ord tilhører nynorsk og noen tilhører bokmål. Ordene tilhører norsk ( og noen skandinavisk) og man bør ha lov til å bruke dem i begge skriftformer.

    Syntaksen er annerledes? Kom gjerne med eksempel…. Systemet med ord som er knytt til hverandre? Tenker du da anafori og samsvarsbøyning?

    ortografi? hm…ulike måter å skrive de samme orda på ervel ikke akkurat noe argument for at språkene er ulike.

    Synes kanskje ikke dette var særlig overbevisende …

    Jeg vet ikke hva jeg skal si — Aner virkelig ikke hvordan jeg skal argumentere mot vrangforestillingene.

    Dere lever i en merkelig verden. God rekrutering til vestmanna.

  23. Hilde

    hvis det var samme språket,kunne man oversatt ord for ord? Du har ikke skjønt det. bokmål og nynorsk er ikke det samme, det sier seg selv, men de representerer det samme språket – norsk – den norsken som vi taler.

    De er ulike måter å skrive det samme språket på. Dere ser forskjellen snart?

  24. Odin

    No hev eg ikkje hatt høve til å fylgja med eller lesa noko. Nett no er eg oppteke med masse jobbing, frå morgon til kveld. Pappa er på vitjing i det høvet.

    Elles kann eg seia noko kort um det siste innlegget eg ser her no; at bokmål hev vorte norsk er berre gjennom ei tilnærming mot nynorsk. Det hev teke opp i seg det nynorske systemet, og hev vorte til det bokmålske rotet. No treng ikkje rot tyda det same som «vanskeleg å læra», for engelsk er jo òg eit sabla rot – likevel kann me det (av di me brukar tid på å læra det og menneskje kann slikt.).

    Men sidan bokmålet på ein sjuk måte prøver å verta nynorsk, berre utan system og på ein udemokratisk og sterkt partisk måte (bokmålet favoriserer Oslo vest); so tykkjer eg me like godt berre kann droppa heile språket – og konsentrera oss um nynorsken. Det meiner no eg, og difor valde eg nynorsk. Men eg prøver ikkje overføra mitt syn over på andre med å rakka ned på motdebattantar eller tvinga det inn på desse sokalla «idiotane».

    Eg kjem til å vera utilgjengeleg litt lengre.

  25. Hilde

    men det er viktig å innse at det er en forskjell. Dere kan sikkert sitt å men at nynorsken er et annet språk som har blitt uttynna, men realiteten er at for elever så er nynorsk og bokmål to måter å skrive norsk på. I den virkelige verden er det slik. og når man skal forholde seg til «hatet» som vokser hos dem, så må man forholde seg til DERES oppfatning. Dere kan være enige eller uenige i denne oppfatningen, men det hjelper lite. Det har noe med å sette seg inni premissene i den virkelige verden, ikke gnage på idealismen.

  26. Synnøve

    Hilde, om du ikkje vil verta skulda for å nytta hersketeknikkar, bør du la vera å stempla meiningane til motstandarane dine som «idioti». At nokon ikkje meiner det same som det, tyder ikkje at dei «lever i en merkelig verden».

    Du har kanskje studert språkvitskap? Det har/gjer eg òg. I so fall veit du sikkert at termen «språk» ikkje er vitskapleg haldbar. Det er ingen absolutte kriterie for kva som er eit språk og kva som er ein dialekt. Du har rett i at dei skandinaviske språka er nært i slekt, og at det er politiske, ikkje nødvendigvis lingvistiske, tilhøve som gjer at me kallar dei for språk. Nettopp dette syner at det er vanskeleg å setja opp ei «objektiv» skilleline mellom to språk. Er til dømes katalansk og kastiljansk to ulike variantar av spansk? Dei er nært i slekt, og båe vert snakka i Spania. Er alemannisk (sveitsartysk) det same språket som tysk? Dei nyttar den same skriftnormalen, men snakkar svært ulikt.

    Poenget her er at det slett ikkje er umogleg å stilla spørsmål ved påstanden om at nynorsk og bokmål er to variantar av norsk. Sjølvsagt kan ein meina at dei ikkje er det, og syna til at kva som definerer eit språk, ikkje berre har med språklege trekk å gjera. Ein er ikkje idiot av den grunn.

  27. Synnøve

    Men kva er «den virkelige verden»? Korkje elevar, studentar eller ungdom flest er homogene grupper der alle meiner det same. Nokre elevar hatar nynorsk. Andre elskar det. Somme av oss er elevar/studentar som meiner at nynorsk og bokmål er to ulike språk/skriftkulturar, av di bokmål har røtene sine i dansk, medan nynorsk byggjer på dei norske dialektane. Kven har rett til å seia at våre meiningar er mindre gyldige enn dei til Preben frå Ullern som ikkje har noko anna tilhøve til nynorsk enn at det er noko keisamt han vert plaga med to-tre norsktimar i året?

    Sjølvsagt er det eit problem for oss at Preben har so negative opplevingar med nynorsken. Men litt av vitsen med å ha politiske oppfatningar, er at ein er viljug til å endra det ein tykkjer er gale. Skal me berre godta at mange har negative haldningar til nynorsk utan å freista å gjera noko med det? Om den haldninga hadde vore nytta andsynes andre historisk viktige spørsmål (for JA, eg meiner at språkstriden er eit historisk viktig spørsmål), hadde det sett myrkt ut for jødisk innreise til Noreg, kvinneleg røysterett og lovleg homofil sex.

  28. Vebjørn

    Om hersketeknikkar:

    Alt du har bidrege med i dette ordskiftet har vore gjennomsyra av usakleg drittkasting og utøving av hersketeknikkar. Du avfeier alle andre definisjonar og meiningar enn dine eigne som tåpelege, idiotiske og utan kontakt med samtida, du omtalar dine eigne argument som udiskutable sanningar (eksplisitt, til og med), du svarar ikkje eingong på helvta av problemstillingane og spørsmåla som du vert stilt, og du driv intensiv latterleggjeringsverksemd. Det er hersketeknikkar uansett om du er frustrert når du brukar dei.

    Om lingvistiske definisjonar:

    Dersom du hevdar det er eit udiskutabelt faktum at norsk, dansk og svensk ikkje kan definerast som eigne språk ut i frå lingvistiske definisjonar, so bed eg om å få konkretisert dei definisjonane du legg til grunn. Kva definisjonar er det du viser til?

    Om ordtilfanget:

    Eg er av den soleklåre oppfatting at sume ord er nynorske, og sume kjem frå bokmål/dansk, på same måte som nokre ord er tyske, andre er franske, og so bortetter. Eit ord som «frævleik», til dømes, kan vel ikkje akkurat reknast som eit ord med nokon som helst form for rot i bokmålet/dansken.

    Om syntaksen:

    Måten ein byggjer opp setningar er ulik på bokmål og nynorsk. På bokmål finn me til dømes mykje substantivsjuke og passiv verbalform, og setningane vert då deretter. For å gje eit konkret døme, då, sidan du spør: Du kan utan problem skriva «Fremkommeligheten bedres ved utbyggelse av veinettet» på bokmål, men skal du skriva det på nynorsk må heile setninga syast om.

    Om systemet innbyrdes mellom ord:

    I nynorsken har ein eit system for korleis ein skriv ord som er avleidd frå kvarandre. OK, det var ein veldig klønete setning, men for å prøva å få fram poenget, so er det ikkje tilfeldig du skriv at genseren er blaut, fordi du har bløytt han (merk vokalane/diftongane, som er ulike i adjektivet «blaut» og verbet «å bløyta»). Eg har ikkje sett meg so veldig nøye inn i korleis eit eventuelt tilsvarande system funkar på bokmål (det er vel i grunn fint lite fungerande system i bokmålet …), det skal eg innrøma, men det er i alle høve ulikt.

    Om ortografi:

    Det er ikkje berre korleis ein skriv dei same orda som er interessant. Det er korleis ein skriv og stavar generelt. Dette er det eit eige system for i nynorsken, og jamvel om det har vorte litt utvatna med rettskrivingsreformane (det var endå tydelegare før), so er det framleis der, og det skil seg frå bokmålet.

    Om kva bokmålet og nynorsken representerer:

    Eg kjem ikkje til å verta einig i at bokmål og nynorsk er to måtar å skriva norsk på berre fordi du gjentek det mange nok gonger utan å forklåra kvifor (utover å visa til at alle dei skandinaviske språka ifylgje dine til no udefinerte «lingvistiske definisjonar» ikkje er eigne språk). So lenge bokmålet er fornorska dansk (og det vil det vera i uoverskodeleg framtid, sidan det vart tufta på dansk), so kan ikkje bokmålet representera norsk talemål og norske dialektar. Det kan nynorsken, sidan han tek utgangspunkt i norsk tale, i staden for å ta utgangspunkt i dansk skrift.

  29. Hilde

    Som sagt, dette dreide seg vel om å forklare mismotet til de som ikke skjønner hvorfor det ikke bare kan holde med bokmål, ett skriftspråk.

    Man kan sikkert diskutere disse ulike oppfatningene om hvorvidt det er ett eller to språk i det uendelige, men poenget her er at det er faktisk uvesentlig.

    Dere må gjerne ønske å forandre verden, og lykke til med det. Men om dere vil forstå det dere definerer som «hat» så må dere gå litt mer inn i det som skjer i hodene på de dere definerer som «hatere,» for å si det på den måten.

    Jeg har ikke tid til å drive på å besvare alt som jeg burde besvare her, beklager med det. Og jeg beklager at jeg i utgangspunktet ikke formulerte meg hyggelig of åpent nok til å få dere til å ønske å skjønnepoenget.

  30. Hilde

    Det kan forsåvidt være greit å lære seg forskjell på usakligheter og herketeknikk. sutrehøner;-)

  31. Hilde

    Og: det slår meg:

    Det dere ramser opp av forskjeller, sier egentlig bare at nynorsk og bokmål er forskjellige. Det sier ingenting om at nynorsk og bokmål representerere forskjellige språk. Dere forholder dere til at skriftspråkene er ulike, noe de selvfølgelig er, ellers ville det ikke vært to av dem.

    Nynorsk og bokmål er skriftlige representanter for NORSK. Slik jeg ser det definerer dere det som to ulike språk fordi det er ulike tradisjoner.

  32. Vebjørn

    Det er inkje mindre enn imponerande at du fyrst skriv eit innlegg der du mellom anna skuldar meg for å ikkje ynskja å skjøna poenget, for deretter å skriva i eit nytt innlegg to liner nedanfor at det er greitt å læra skilnaden på kva som er usakleg og kva som er hersketeknikk … Du får ha meg orsaka, men du gjer deg ikkje serleg vanskeleg å gjennomskoda.

    Men for å kommentera litt anna enn måten du opptrer på:

    Eg tenkjer sjølvsagt ein del over kva som skapar dette «hatet» mot nynorsken, og som aktiv målungdom får eg òg ein del erfaringar i møte med sokalla nynorskhatarar som er interessante i ein slik samanheng. Hovudinntrykket mitt er noko annleis enn ditt, det overraskar vel kanskje ikkje heller. Men i alle høve, eg har inntrykket av at det er den dårlege kvaliteten og fråveret av sidemålsundervisinga som er rota til dei dårlege haldningane. Sjølvsagt er det ikkje noko stas å måtta gå opp til eksamen i eit fag ein ikkje har fått tilstrekkjeleg opplæring i, og med mindre ein som skuleelev har eit uvanleg reflektert forhold til kvifor ein har dei faga ein har, so er vegen svært kort til å ta minste motstands/refleksjons veg, og leggja sidemålsfaget og alt kva som høyrer med for hat – og det råkar igjen haldningane til nynorsken (ja, i hovudsak til nynorsken, då seks av sju elevar har bokmål til hovudmål, og den sjudelen som har nynorsk har sjeldan eit like problematisk forhold til bokmål, sidan dei lærer det «gratis» som ei fylgje av bokmålsdominansen i samfunnet). Resultatet vert dårlege haldningar til nynorsk, jamvel om dei botnar i noko heilt anna enn kor likt eller ulikt bokmål og nynorsk måtte vera.

    Og når det gjeld kva bokmål og nynorsk representerer, so kjem me ingen veg vidare før du kan sjå til å svara på kva slags lingvistiske definisjonar som definerer nynorsk, bokmål, dansk og svensk som det same språket.

  33. Hilde

    orker ikke bruke så mye tid på å finne frem kilder og slikt.

    din liste : nynorsk, bokmål, dansk og svensk – sier meg at du forholder deg til skriftspråk her, ikke til språk.

  34. Egil

    Da må man spørre seg, hva er språk? Slik jeg ser det er både muntlig og skriftlig (og tegnspråk for den saks skyld) alle språk, så hva er det du mener? Om en form for språk er mer verdifull enn andre så må det vel være kroppspråk? Er f eks ikke døve folk gode nok til å bruke «språk» siden de ikke kan høre?

  35. Odin

    Egil: Språk er vel kann henda eit omgrep som er i same båt som «religion». Alle tenkjer det er kjempeenkelt å definera det, laga ein fast, rigid definisjon – men når alt kjem til stykket so er det umogleg.

    Men eg synest eigentleg heile ordskiftet og problemet er litt uinteressant. Problemet er jo at det er ålment akseptert å rakka ned på nynorsk; det er noko ein kann gjera um ein vil hava skulen med seg t.d. Det er haldningar som heng att og som er so ålmenne at det tillèt mobbing.

    Diverre hev ordskiftet fjerna seg litt frå det teksten eigentleg handla um :-)

  36. Skjalg

    Attende til saka. Eg fekk ein forespurnad frå VtB om eg ikkje kunne laga ei bokmål og ei engelsk utgåve av filmen. Kva synes folk om det? Er det naudsynt å laga ein bokmålutgåve når han vert så godt motteke av ungdomen sjølve? Kva meiner dykk om dette??? Det er eg som er produsent for filmen som Odin har redigert.

  37. Egil

    Om målgruppen allerede er fornøyd med filmen og ikke reagerer negativt på målformen må man jo stille seg spørsmålet om det er vits. Kommer budskapet fram på nynorsk ser jeg ingen grunn til å lage en bokmål-utgave på grunnlag av en forespørsel om den ikke har et reelt grunnlag. Det kommer selvfølgelig også an på evt økonomisk gevinst ved en bokmål-utgave også. En mulighet er jo å la nynorsk være default og la bokmål være et alternativ lydspor. Da kan man bytte til bokmål ved eksplisitt behov.

  38. Skjalg

    God ide Egil. Me får ekstra 5t for bokmålsutgåve – så det er jo ei økonomisk side av den også. Men eg trur det er nokre som har kviskra i øyra til sjefen om dette….Kanskje det var den leraren som Odin snakka om?

  39. Odin

    De veit kva eg synest um dette. Eg fortalde um det i går på SmiO-møte og dei var einige; det er so jækla mykje me fær på berre på bokmål. Umtrent alt er slik. Men med ein gong noko er på nynorsk, då må det òg plutseleg vera på bokmål!? Det gjev ingen meining. Kven inni h× er det som skal bruka bokmålsutgåva? Kvifor inni h× treng dei ei bokmålsutgåva? Dei gjer ikkje det! Det er som eg hev sagt heile tidi: det er berre tull!

    Kann henda eg kann laga bokmåls-teksting, og ikkje versjonering. Då er det nok få som hadde brukt det. Men problemet er jo at du allereie hev laga bokmålsversjonen, Skjalg. Men det er so teit, hadde eg laga denne filmen på bokmål so er eg 100% sikker på at ikkje ein kjeft hadde tenkt på nynorskversjon. Det er fakta.

  40. Ola

    Alle SKJØNAR jo nynorsk, er det ikkje slik? So kvifor skal det vera på bokmål? Orsak at eg blandar meg inn, men eg er særs samd med Odin.

  41. Odin

    Ola: Det er sers koseleg at du blandar deg inn. Heile innspelsfunksjonen er til for det. ;-) Eg vert glad for nye innspel :-)

    Og, jo, det er slik. Einaste grunnen eg kann sjå til at dei vil hava bokmålsversjon er at nokon i VfB er sinte og sure bokmålsfolk.

  42. Zorro

    bq. «Innfør øyeblikkelig riksmål som offisiell norsk rettskrivning. Dette vil muligens bremse det generelle sproglige forfallet som vi alle er vitne til i dag.»

    Dette er eit argument eg har høyrt mang ein gong, men er det eigentleg noko som skulle tyda på at det er noko i det? I mine auge så kan eg ikkje sjå at det er det; bokmål og nynorsk er to separate og individuelle skriftspråk, der brukarane av dei to skriftspråka ikkje vil veta av det andre skriftspråket. Nøkkelen ligg altså ikkje der. Forfallet i det norske språket er truga av ein import frå andre språk (ein import som har vore der i fleire hundre år), og ikkje import frå eit offisielt (norsk) skriftspråk til eit anna. Nynorsken trugar ikkje bokmål, og kan på ingen måte skuldast for utviklinga me ser i dag, eit språk som held på å bli utvatna.

    Nynorsken blir ofte skulda for å vera konservativ og kunstig. Lat oss byrja med det fyrste punktet: Forfallet i det norske språket er utvilsamt. Det går fort, og norske ord og vendingar vert ofra for eit moderne språk, der det enkle rår. Vert det ikkje då feil å stempla nynorsken som kunstig, om målet til nynorsken er å ta vare på desse orda og vendingane? Er det ikkje akkurat dét nynorskbrukarar gjer? Det skriftlege språket vil alltid vera kunstig sett i forhold til det munnlege språket, det ser ein i alle språk.

    Nynorskbrukarane, som er ei gruppe på mellom 10 og 20% av Noregs befolkning, kan vel ikkje skuldast for at store delar av resten av befolkninga tek imot utviklinga med opne armar, når dei sjølv går imot ho? Nynorskbrukarane hemmar ikkje bokmål, fordi bokmålsbrukarar ikkje bryr seg om den andre målforma. Dei kan då heller ikkje klaga på dei som skriv nynorsk, når ingen ingen innsats vert lagt ned i å læra seg det. Dette gjeld sjølvsagt ikkje nynorskbrukarar som beherskar båe skriftspråka. Kunne ein bevist at eitt skriftspråk, altså ingen nynorsk, ville ført til betre språkkunnskapar i form av betre grammatiske dugleikar, ordentleg forståing for semantikk, vår språklege historie og betre rettskriving, ja, då ville saka vore ei anna (men eg ville ikkje støtta ho). Inntil dess, er det ingenting som tyder på anna enn at bokmålsbrukarane er for late til å tileigna seg filologisk kompetanse.

  43. Odin

    Zorro: Du seier «Det går fort, og norske ord og vendingar vert ofra for eit moderne språk, der det enkle rår». Kva meiner du er eit meir moderne språk? Kvifor fær engelsk (og bokmål) lov å vera meir moderne enn nynorsk?

    Kva som er moderne eller ikkje i eit språk heng saman med kven som hev definisjonsmakta. Det er lite som seier at eitt ord er meir moderne enn noko anna. Til dømes, er det meir moderne for meg å skriva «for eksempel» enn «til dømes» slik eg nett gjorde? Er eg ein meir moderne nynorskbrukar då? Når eg nærmar meg bokmålet og lagar eit samnorsk?

    For all del, du forklarar godt – men eg er ikkje heilt med på tanken um at nynorsk er so jysla umoderne. :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.