Sendt klaga på sjølvmeldingi

Det viser seg at min frist for å senda inn sjølvmeldingi er 30. mai og ikkje april som det er for dei flest. Dette er av di eg er sjølvstendig næringsdrivande. Eg hev sendt klaga eg lova, og fekk eit kort «Klaga registrert»-svar i dag.

Tenkte kann henda nokon ville vera interessert i å lesa klaga. Ho er skrive raskt og gale, so det er kann henda meir moro å lesa Synnøve si klage som ser litt meir gjennomtenkt ut.

Klage på sjølvmeldingi: kvifor fær eg bokmålspapir heile tidi?

Til: Stavanger 1103 Fellespost Emne: Klage på sjølvmeldingi: kvifor fær eg bokmålspapir heile tidi?

Eg klagar på det elendige systemet som gjer at eg fær sjølvmeldingi på bokmål kvart år.

No hev eg vore tolmodig i fleire år, kvart år hev eg valt å få sjølvmeldingi mi på nynorsk. Men likevel kjem ho stadig på bokmål. Eg byrjar verta ganske lei det. Eg vil ikkje ha ho på bokmål, eg vil ha ho på nynorsk.

Hugsar eg rett hev eg fengje ho på nynorsk ein eller tvo gongar, men dei siste etter eg byta hovudmål hev alle vore på bokmål. So eg vil gjerne at de fiksar denne hekkans feilen. For kvar person som klagar er det ein diger bøling som ikkje gidd. Eg gadd eigentleg ikkje – men so byrja eg verta so grundig lei – og eg vil ikkje hava sjølvmeldingi på bokmål neste år. Fær eg det sender eg brev um å få ho tilsend på ny med ein gong.

Rogaland er eit nynorskfylke, eg synest Stavanger kann senda ut likningane på nynorsk som standard. Folk treng lesa meir nynorsk, sjølv um det ikkje er so mykje tekst på sjølvmeldingi er det viktig å sjå han er i bruk. So kann folk spesifikt velja norsk-dansk heller, um dei absolutt vil hava det.

Send meg sjølvmeldingi på nynorsk neste år!

Det var det. ;-)

4 tankar om “Sendt klaga på sjølvmeldingi

  1. Tilbakeping: Klag på språket i sjølvmeldingi - Velmont - Odin Hørthe Omdal

  2. Odin

    Skjalg: Det var litt sint, og ho som fekk saki hev truleg lite med det å gjera. Men styresmaktene er no til for oss, – og eg hev vore overkøyrd på språkval meir enn tvo gongar. Retteleg var eg sint. Men det er tvo-tri setningar eg ville ha endra på um eg skulle sendt det på ny. Taka vekk ein del kraftutrykk og litt for sinte setningar.

    Det er forresten ikkje usakleg – det er ein del usaklege setningar, men hovudpoenget til brevet er òg hovudpoenget i saki. So det er sakleg. Litt uheldig ordval inni mellom, ja. Litt for sint, ja. Eg kann visa andre brev eg hev skrive til styresmaktene der eg roa meg ned litt og reviderte brevet. Det vart mykje betre – eg burde kann henda leggja det ut?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.