Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
- skjalg on Vaflar og loppemarknad
- skjalg on Hussjåing
- Egil on Tri ting i dag
- Odin Hørthe Omdal on Svelor på Fjord1, omatt
- Anonym on Svelor på Fjord1, omatt
- skjalg on Attende i Oslo
- Egil on Attende i Oslo
Monthly Archives: May 2007
Zelda-abstinensar fyrr teit systemutviklingseksamen (som ikkje handlar um det)
Eg sit her og kjem inn på at eg vil spela vidare på «Zelda – Twilight Princess» heile tidi. Men Wii-en min er sjølvsagt heime i Stavanger, same med Nintendo Gamecuben. Grunnen til at eg er i Oslo og ikkje på ferie i Stavanger (som eg hev vore den siste månaden), er at eg hev tri eksamenar her. På måndag kjem det vanskelegaste; systemutvikling. Men eg fær ikkje lest stort av di eg hev ei kjensla av at eg fyrst vil gjera noko moro, altso spela Zelda…
Read more on Zelda-abstinensar fyrr teit systemutviklingseksamen (som ikkje handlar um det)…
Posted in Meining
Tagged Datarelatert, Eksamen, Meining, Programmering, Svada, Wii, Zelda
3 Comments
Wii-skriving
Dette hev eg skrive på den nye Wii-en min. Kaupt Zelda og spelar ein del av det. Kjempekos. Litt vanskeleg å skriva, men det gjeng raskare og raskare. Eigentleg kunne eg nok ha skrive ein lang tekst, for eg vert stadig raskare og raskare. Iallfall tøft å surfa på netet med TV-en.
Ting «Dag og Tid», ei fantastisk god avis!
Eg gjekk nett inn etter solsitting kombinert med avislesing i yver ein time. Eg las Dag og Tid, den frie vìkeavisi som fokuserer på kultur og ordskifte redigert på nynorsk. Og eg må berre få sagt det; eg likar den avisi so utruleg, fantastisk godt!
Misting av ting på Noregs mållagslandsmøte i Nidaros (Trondheim)
Eg hev mista ladaren min, sekken og korti i lommaboki. Siste dag på landsmøtet i Noregs mållag i dag, so er det tog til Oslo (utan ladar, so ingen hacking :-( ). Yvernatta hjå Jørgen fyrste natti – det var sers moro. Forresten fekk eg endå meir problem etter eg skreiv dette, so det er berre å fylgja med…
Read more on Misting av ting på Noregs mållagslandsmøte i Nidaros (Trondheim)…
Posted in Norsk målungdom
Tagged Jarnbane, Landsmøte, Nidaros, Noregs Mållag, Norsk målungdom, Reise, Trondheim
3 Comments