Attende til den «kreative» nattskrivingi?

Ofte kjem eg heim på kvelden, ja, det plar faktisk vera natt tenkjande «Hekkan, no vil eg skriva noko!». Dei siste åri hev eg slutta å lyda dette ynsket, men det plar hava den verknaden at saki eg vil skriva um aldri kjem ut or hovudet. Det gjev meg færre innlegg på netsida mi òg. Skal ein verkeleg lyda desse kreative boblone som poppar opp på dei mest uhøvelege tidspunkt? Eller skal ein heller læra seg å verta kreativ og kunna skapa boblor når ein vil?

Eg køyrde nett heim frå Rebecca, og hadde ein tekst i hovudet. Det var denne, no vert det diverre annleis av di eg ikkje hugsar teksten. Hadde eg stoppa bilen og skrive tankane mine ned i boki mi slik eg pla gjera ei tid i Oslo, so hadde eg hatt mykje av teksten no. Det er moro kor godt linone glir når ein nett kjem på fleire paragrafar tekst i hovudet slik. No skriv eg berre inn på datamaskin, og plar ikkje vera i supert skrivehumør.

Det mistar seg når ein tenkjer på noko anna

Når eg køyrer heim frå Rebecca, kjem frå ein fest eller berre hev gjenge ein tur ute i skogen, hev eg ofte ei framifrå kjensla i kroppen. Hjernen produserer kveikande tekst som gjev meining og er interessant. Eg trur iallfall det, synest det er dritbra når eg tenkjer det ut. Men når eg kjem heim plar fornuften taka yverhand; eg kjenner eg hev mista essensen i det eg tenkte. Eg fiksar noko smått og gløymer teksten nokre sekund. Hugsar eit par av setningane, men ikkje samanhengen eller livskjelda. Um eg prøver skriva det ut vert det livlaust og tamt. So legg eg meg.

Eller, som heldt på å henda no; eg legg meg. Det er ikkje heilt sant. Eg set meg på datamaskini og «skal berre sjekka eposten», noko som plar taka alt frå tvo til fira timar. Oftast tvo heldigvis; eg legg meg 0200. Jadå, eg hadde kann henda interessante samtalor på IRC. Jadå, eg las sikkert noko tøft på Wikipedia. Men kva um eg heller hadde sagt;

No skal eg vera oppe til eg hev skrive ferdig teksten som nett surra i hovudet, og kreativiteten hev berre å pella seg attende til hovudet mitt!

Dette hadde eg kann henda bruka alt frå ein til tvo timar på, men då hev eg gjort noko skikkeleg. Eg hev produsert ein tekst (drit i um han er god eller ei; berre det å gjera seg ferdig med noko er bra) og eg gjorde som eg eigentleg ville. For eg vil eigentleg skriva ned desse tingi eg gjeng og tenkjer på.

Framkalla kreativiteten når ein treng han? Få fram positiv energi?

No flyt teksten ut, mykje av bobla eg heldt på renn ut. Eg vert distrahert av all eposten eg hev fengje, og folk som vil prata med meg via Jabber og IRC. Men eg ville iallfall prata um ein ting til; å framkalla kreativitet.

Eg merkjer at dess eldre ein vert, jo meir lærer ein. Eg finn stadig nye måtar å endra tankone mine og kroppen på. Dette fungerer òg for kreativitet. Gå vekk frå arbeidet, taka ein pust i bakken, sjå ut på trei og roa seg; seia høgt til seg sjølv – «No skal eg skriva ein tekst til heimesida mi um det som fell meg inn», og venta. So må ein tru på det, og det treng ikkje vera vanskeleg. Ein må berre seia det naturleg og leggja litt viljekraft bak det ein seier. Altso viljekraft til handlingi. Og so fær ein ei bobla kreativitet og kveik. Det fungerer for meg kvar gong eg klarar tru på det. Men eg skal trena meg sjølv til å verta betre i å få boblone til å koma.

Nett no er eg so forvirra at det ikkje gjeng serleg bra.

Ikkje meir dreping av nattarbeidet

Likevel vil eg unngå å drepa dei gongene eg naturleg hev sterk hug til å skriva. Eg skal heller gå med på det. De siste dagane hev eg lagt meg rundt 02.00, utan at eg hev gjort noko serleg i den tidi. Eg må innsjå at um eg ikkje gjer dette fornuftige (skriva ned) so nyttar eg tidi til noko anna. Sidan eg ikkje stend so tidleg opp um morgonen lengre, so er det greitt å heller nytta den rolege tidi på natti.

Forresten, medan eg hugsar det; tidleg morgon er òg dritbra. Kjempekreativt og veldig god tid å skriva på. Då eg var i Oslo med superrytme (stod opp 6–7 utan nokon form for vekking) fekk eg gjort sers mykje dei fyrste tvo timane. Men sidan eg no stend opp 8–9 er mykje vekk. Dessutan er det ikkje same arbeidsroen her på morgonen – her finst arbeidsroen på natti…

Moro å merkja, tittel hadde eg heilt klårt for meg – saman med nesten heile innlegget. Likevel vart innlegget ganske annleis. Tittel hugsar eg ikkje i det heile teke. So eg må koma på noko nytt… Ugh, eg som hadde so god tittel. Meh, vert ein ostete (heh, «cheesy» :p) tittel: «Attende til den ‘kreative’ nattskrivingi?»

4 tankar om “Attende til den «kreative» nattskrivingi?

  1. Kjartan

    Har mine mest kreative og inspirerende øyeblikk i sengen, rett før eg sovne. Neste morgen minnes eg bare små mentale fragmenter av historien/ordtaket/teksten eller ka det måtte ver.

    Hej forresten. Lenge siden sist!

  2. Odin

    Kjartan: Hei! :D Ja, eg kjenner nok til det, men likevel er det oftast på tur heim eg er veldig aktiv. Når eg legg meg plar eg konsentrera meg um å sova, og det fungerer. :-)

    Men altso, du står ikkje opp eller skriv ned noko av dette her? Er det eg hev lyst til, fylgja desse kreative formene litt hardare. Drita i klokka og heller berre gjera slik eg kjenner. :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>