Ting «Dag og Tid», ei fantastisk god avis!

Eg gjekk nett inn etter solsitting kombinert med avislesing i yver ein time. Eg las Dag og Tid, den frie vìkeavisi som fokuserer på kultur og ordskifte redigert på nynorsk. Og eg må berre få sagt det; eg likar den avisi so utruleg, fantastisk godt!

Ute i skinnande sol som varma hud las eg millom anna ei lang god samtale med Hanne Tømta (den dritkule teatersjefen på Rogaland Teater) og ein kommentar um kvar dei intellektuelle i Noreg er i alkoholordskiftet. Eller, problemet var vel meir at det ikkje var noko alkoholordskifte. Båe desse artiklane fylde meg med kveik og eg fekk sterk hug til å skriva um:

  1. Rogaland Teater, og teater ålment – kvifor teater er so ekstremt bra
  2. Alkoholkulturen som er i Noreg (eg hev prøvd fyrr, men eg trur eg må dela det opp i mange mindre innlegg)
  3. Dag og Tid, det er det er prøvar på no.

Kjende eg mista litt av vilja då maskini mi slo seg på, likevel. Eg var supergira då eg hadde den herlege avisi millom fingrane og sat ute i det fine v^eret, men no sit eg inne i eit myrkt rom. Likevel skal eg prøva meg på å skriva noko smått;

Dag og Tid, og kvifor alle lyt tinga denne avisi

Det var ein fødedag for fleire år sidan (hmm, vert vel, 3 år) eg hadde nett byta hovudmål til nynorsk og skreiv heilt elendig. Mine kjære tantor Siv Omdal og Gry Omdal fann då ut at dei skulle tinga den nynorske vìkeavisi til meg. Betre gåve hev eg ikkje fengje (etter det eg kann hugsa). Eg vart sjølvsagt superglad, for eg (lur som eg var) visste at for å verta god i nynorsk må ein lesa masse nynorsk, so vel som skriva masse. Eg visste eg kom til å skriva masse (det gjorde eg jo allereie) – men det var nok verre med lesingi. For kvar ser ein eigentleg nynorsk um ein gjeng på skule i Stavanger? Ingenstads. So dette var perfekt.

Det tok ikkje mange nummeri fyrr eg forstod at Dag og Tid ikkje berre var ein nynorskavis – men ei jækla god avis i same slengen. Eg vart yverraska frå fyrste sending – men tenkte dei kann henda berre var heldige med tema denne gongen – tri år seinare hev eg framleis att å finna eit nummer der eg ikkje er kjempeinteressert i iallfall tvo av sakone. Ofte mykje meir. Eg pla lesa heile avisi frå perm til perm (nytta gjerne eit par dagar på ho) – no gjer eg ikkje det lengre, av di – vel – eg fær ho ikkje der eg bur lengre.

Det tøffaste i ei avis

Noko av det som er so tøft med avisi, er at ho skriv um ting som andre teier um. Dessutan er det tøffaste i kvar ein avis dette:

  1. Ordskifte og kronikk/kommentar (ofte med nye, interessante meiningar og forskningsresultat)
  2. Kultur
  3. Lange, gode og koselege intervju med interessante folk

Dei gongane eg les Stavanger Aftenblad (det var mykje fyrr, men ikkje no – ser ikkje avisi i Oslo) er det alltid yvernemde emne eg les mest ihuga um. So, til det geniale med Dag og Tid; det er dette ho fokuserer på. Yeey! Ordskiftet i denne avisi femnar vidt om, noko av det mest interessante eg hev lese um midtaustenkonflikten, Irak og USA hev vore i denne avisi.

Det er ei «intellektuell» avis, ho prøver ikkje taka VG sin marknad; men eg trur at store delar av Noreg hadde likt ho godt. De som les heimesida mi vil absolutt finne ho sers god og interessant. Det er lett å få tak i gratiseksemplar (eg kjenner eg fær det heile tidi via NMU) – um ikkje kann ein tinga ho ei kort periode (10 vìkor).

Sist utgåva endra dei bladbunad og gjorde ei stor oppreinsking i avisi – og no spyrr dei um dei kann få nokre av dei gamle tingarane sine attende. Og sjølvsagt fleire nye tingarar. Eg tingar denne avisi, men han kjem til Stavanger. So når eg kjem attende til Oslo må eg hugsa å oppdatera tilskrifti mi. Då vil Dag og Tid få ein ny tingar, for pappa er fast lesar av avisi – og hev ingen hug om å vera noko anna.

So eg oppmodar alle til å prøva avisi, verkeleg verkeleg! (trass dei dårlege netsidone) Det er ei god avis i seg sjølv, masse originalt og viktig materiale. Mykje interessant og ein heil del tekstar du ikkje ser i andre avisar. Dessutan er ho òg på nynorsk, og ein vert betre i språket av å lesa ho. Alle burde tinga ho.

7 tankar om “Ting «Dag og Tid», ei fantastisk god avis!

  1. Skjalg

    Jo det er i god avis. Det har ho alltid vore.Eg skreiv nokre artiklar kring 1974 og 1975 om norsk oljepolitikk og miljøsaka. Sian har eg lest avisa sporadisk men les ho fast kvar veke når ho kjem i postkassa mi. Eg veit eg snyltar på Odin si tinging av avisa, men så snart vel å flytta ho – så tingar eg ho på nytt. Det er vel 12-13 år sidan eg sist hadde ho i nokre år. Det som er så godt med den avisa er at ho er omhyggjeleg i handsaminga av dei interessante tema. Og så les eg Time Magazine rett etter. Ein fin miks av informasjon kvar laurdags morgon.

  2. thea louise grinna hauger

    jeg vil gjerne dra langt fra sætre en uke frankrike london damark hvor som helst egentlig men helst damark et lite rom i damark er skjempe fint jeg er 20 år akurat førekortet og heter thea og jeg hvil ha familijen med meg…

  3. Kjell

    Eg tykkjer Dag og Tid er ei god avis, men etterkvart har ein jo ikkje tid å gå inn på avisene lengre, sit berre å trykkjer meg nedover overskriftene i RSS lesaren. Så etterkvart vert det til skjeldenheitane at eg går inn på sidene deira, har prøvd å tipse dei om RSS, men eg veit ikkje om det er så lett å laga til (alle andre har det jo)

  4. Odin

    Kjell: Hei! Eg fær ein slik gamaldags papiravis i posten, eg. Dei er ikkje so flinke på nett synest eg.

    Ei nyhendestraum (Atom / RSS) er enkel å laga; men dei nyttar ei løysing frå InBusiness AS, so det er sikkert ganske tullete Coldfusion sidene er programmert i. Kannhenda dei kunna kaupt Universitas sitt nettsystem (hyhyhy) :P

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.