Zelda-abstinensar fyrr teit systemutviklingseksamen (som ikkje handlar um det)

Eg sit her og kjem inn på at eg vil spela vidare på «Zelda – Twilight Princess» heile tidi. Men Wii-en min er sjølvsagt heime i Stavanger, same med Nintendo Gamecuben. Grunnen til at eg er i Oslo og ikkje på ferie i Stavanger (som eg hev vore den siste månaden), er at eg hev tri eksamenar her. På måndag kjem det vanskelegaste; systemutvikling. Men eg fær ikkje lest stort av di eg hev ei kjensla av at eg fyrst vil gjera noko moro, altso spela Zelda…

Teite svadaord (minner meg um marknadsføyring)

Det er ikkje vanskeleg i seg sjølv, det er superenkelt, problemet er at det er ein haug svada og tull som eg ikkje er interessert i. «Fossefallmodell», «Ugruppert modell», «Gruppert modell», «Usecase», «Bruksmønstermodell», «Den redundansfri modellen», «Kravspesifikasjon», «Frå skallet og inn», «Frå kjerna og ut» og ikkje minst UML, UML, UML. Høyrast dette moro ut? Høyrast det nyttig ut? Nei! Nettopp, det er ikkje nyttig eller moro. Det er svada, ekte svadatull. Jodå, noko av dette er eigentleg interessant i seg sjølv; men ein viktig forskjell er at det ikkje er interessant å prata um det i generelle former. Altso; det er greitt nok, eg skal laga eit program og då er det jo lurt å tenkja på kva data dette programmet skal handsama.

Sjølve systemutviklingsfaget inf1050 på UiO handlar mest um å laga modellar og diagram, pluss ein heil haug planar. Eg synest det er betre å faktisk gjera noko; men eg veit jo at dei fleste firma som driv med informatikk tener masse pengar på å vera superineffektive. Dei skriv suppa si i klasse-tung Java. Det vil seia:

Klasse-tung Java: I staden for å kaupa og bruka ein hammar for å slå inn spikaren so tenkjer du; ahh, eg må sjå på dette som eit meir generelt problem – eg må laga noko ålment for å slå inn ting. So du lagar ein hammarfabrikk som kann laga allslags innslåingverkty. So tenkjer du, ahh, må laga noko endå meir generelt, ein vil jo ikkje berre slå ting inn, kann henda nokon vil skru noko. So lagar du ein fabrikk som produserer jern til eigne skrujern- og hammarfabrikkar. So tenkjer du, ahh, må gjera det endå meir generelt, slik at ein slepp å gjera dobbeltarbeid um ein nokon gong treng noko som liknar litt. So lagar du ein fabrikk for å laga fabrikkar.

Og der ser du. I staden for å kaupa den hekkans hammaren so driv du og lagar fabrikkar som produserer fabrikkar som produserer jern som produserer slåverkty som produserer ein hammar du kann bruka til å slå inn spikaren med. Då er det ikkje rart å sjå kvifor ein treng masse teikningar og diagram og anna tull fyrr ein kann gjera noko. Programmet vert treigt og vondt av slik yverabstraksjon, sers lite effektivt. So dette systemutviklingsgreiene er berre del av eit stort ineffektivt apparat som syg pengar og gjer ting treigt og vanskeleg.

Alt er ikkje mørkt eller vondt

Ohvel. Det er nok ikkje so galt, og eg hev sjølv teikna UML-diagram for mine eigne prosjekt. Dessutan abstraherer eg gjerne klassar til generelle problem når eg skriv objektorientert. Men likevel er heile faget ei forbereding for at ein skal kunna jobba i eit digert føretak som lagar «Enterprise» program system. Dette kjem ikkje eg til å jobba med. Eg tek informatikk av di det er moro, ikkje av di eg skal verta ein slave for firma som Visma. :S

Eg hev ein innebygd skepsis for INF1050, og hev ikkje likt det sidan eg såg boki. Det er ei ekte svadabok der dei skriv side opp og side ned med teite utrykk og seier ingenting. Inni mellom finn du kann henda litt meining, men det er fyrst etter du hev lese 2–3 kapittel. Eg vert vond av slikt. Og vil heller spela Zelda.

På tysdag, etter eksamenen i INF1050, hev eg eksamen i INF1010 – som er programmering. Det gjeng greitt nok. Og so er det eksamen i INF2270 Datamaskinarkitektur, det er eit moro fag. Vonar eg gjer det bra der.

Zeelda! :-(

3 tankar om “Zelda-abstinensar fyrr teit systemutviklingseksamen (som ikkje handlar um det)

  1. Rebecca

    Må bare bite tenna litt sammen, Odin. Du sier jo sjøl at du klarer å gjøre det bra på alle de andre eksamenene, da skader det ikke å lese til i hvert fall én av dem ;) Så kan du spille Zelda så mye du vil etterpå! Lykke til med alle eksamenene! :)

  2. Odin

    bq. Så kan du spille Zelda så mye du vil etterpå!

    Nei :-( For eg hev jo ikkje Zelda her! :(

  3. Egil

    Eg synes du e litt vel negativ i dette innlegget Odin. Vel, inf1050 e kjedelig, eg vett. Menneh, husk at d ekje alle som kan liga mye som oss. D finnes utrolig mange folk der ute som overhode ikkje kan strukturera ein database, og dermed absolutt burde ha tatt et slikt kurs. (ref worse than failure). UML ekje akkurat min forte, men dårr e jo folk som lige d og, sjøl på Ping. Skallet og inn, kjerna og ut er jo bare oversettelser av top down og buttom up, og dårr e sikkert ferske studenter som ikkje vett ka d betyr. Use cases e jo veldig greit, bare se på f eks wikiet te Ubuntu. Du glemte jo d vonnaste, sekvensdiagram! :p

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.