«10% dyrare alkohol»? Nei! «30% billigare sjokolade»!

Attende i heimen hev eg (ufrivillig) tilgang til media heile tidi att. I dag hev den store nyhenda vore eit utval som skal sjå på seravgiftene i Noreg. Dei hev funni ut at dei vil taka vekk sjokoladeavgifta; men likevel hev alle media eg hev fengje med meg i dag fokusert negativt, og nokre slengt på det positive lengst nede i ingressen.

Ein annan irriterande ting er jo at dette er del av den ekstreme alkoholfokuseringi som er. «Å neeei! Dyrare alkohol, barn i Afrika vil døøøøy!!! Dette er jo verre enn AIDS og SARS lagt i saman!!». Nettopp. Kjeempeviktig.

Media hev ei viktig oppgåve; og eg trur ikkje den oppgåva er å fokusera på det negative heile tidi. Jadå, dei kann prøva å lura seg sjølve (oss òg) med at dei er «granskande og kritiske»; men omtrent alt er berre reinspikka tull. Det meste ein fær vita via media trengte ein ikkje vita i det heile teke. Det er røyk og ljos, det er tull og tøys. Eg hev slutta fylgja med, ikkje av di eg eigentleg gjekk stort inn for det; men eg kjenner eg fær større og større avsky for media. Det finst framleis flinke folk att, men mykje hev vorte sterkt tabloidisert. Det er eg mot. Me treng ikkje all den teite negative fokuseringi. Me treng ikkje verta skremd.

TV-tal og opinion viser diverre ei anna røynd; og det er ikkje rart. Eg forstår jo folk som synest det er kjekt å sjå all verdas elende; eg forstår at det kann vera enkelt å seia «faen ta politikarane, dei gjer jo ikkje ein skikkeleg jobb; her spring kriminelle rundt og gjer meir og meir». Eg stoler ikkje på media for å fortelja meg korleis verdi er. Det viser seg at media stadig teikner mørke bilete. Gjeng drapsstatistikken ned? Lever folk godt? Då må dei finna noko negativt å fokusera på; aah, kriminaliteten er berre litt lågare enn fyrr – noko dei illustrerer med digre yverskrifter som syner at det aldri hev vore meir vondt enn no.

Kvifor er litt dyrare alkohol viktigare enn mykje billigare sjokolade?

So kvifor inn i hampen valde media å fokusera på den dyrare alkoholen? Av di det er ei negativ vinkling. Og det er so utruleg mongo at eg fær nok. Sjølv synest eg jo resultatet er kjempebra, eg vil gjerne hava alkoholforbod i Noreg (det hadde vore noko!), so det er berre bra um prisen gjeng upp. Likevel er vinklingi negativ; medan «30% billigare sjokolade» er positiv vinkling trass i at eg ikkje er so glad i sjokolade.

NTB såg ut til å gjera ein god jobb

Forresten, fyrste gong eg las denne nyhenda var på flyplassen i dag tidleg: der leverte NTB nyhende – der stod notisen i denne rekkefylgja: «Weey, 30% av sjokolade! blablabla. Det er òg forslag um 10% auke på alkohol». So eg laug litt. Det morosame er at dei fleste sikkert fekk nyhenda frå NTB, og dei valde å stokka om på prioriteringi.

For negativ fokusering skadar eit samfunn. Media burde vera mykje meir forsiktig med kva dei fokuserer på. Er 90% kjempebra i eit lite samfunn, men ein liten mafia fær alle til å fokusera på dei 10 prosentane som ikkje er, kann du stola på at ting vert verre. Folk mister motet av ingen god grunn: «eg høyrer jo berre vonde nyhende, då lever me altso i ei 100% jævleg verd».

Humm. Trøytt og vond. Eg skal prøva å ikkje gjera det til vane å meina so mykje um ting som hender i media. Det er so tradisjonelt bloggete

7 tankar om “«10% dyrare alkohol»? Nei! «30% billigare sjokolade»!

  1. Simon

    Dei nyhendeartiklane og -oppslaga eg fekk med meg, hadde skrive at billigare sjokolade var negativt («folk vert så feite då»). Unnataket var Adressa, som presenterte saka som ei gla»-nyhende for Nidar.

  2. Odin

    Hmm. Det er vel eit lite problem. Eg trur ikkje det er sjokoladen som gjer oss feite; det er nok meir ålment kosthald og haldningar. Likevel er det ikkje eit stort problem i Noreg. I England derimot – der var det problem der!

    Men ein lyt vel kann henda passa seg for det òg; sjølv um yverbruk alltid skapar problem. I og for seg tykkjer eg ikkje sjokolade treng verta billegare. Det er lite som treng verta billegare, utanom kollektivtransport kann henda. Det burde vore gratis.

  3. Egil

    Mykje som burde vore bilegare. Til dømes nettleie for straum. Det kostar jo meir ein sjølve straumen! Slik infrastruktur burde vore offentleg, og ikkje ein privat mjølkeku.

  4. Odin

    Kven er du? (Telecomputing, altso du sit på eit føretak si nettline…)

    Men ja, eg nok einig der. All infrastruktur burde vore statseigd; det gjeld all internettinfrastruktur òg. Ljosfiber og TV-signal. Hum. Men likevel er pris eit lite problem, det store problemet ligg inni hovudet vårt.

  5. Synnøve

    Billegare sjokolade fører til høgare sjokoladeforbruk, nett slik dyrare alkohol gjer at folk drikk mindre. Det er den same logikken som gjer seg gjeldande. Um ikkje Noreg er heilt på nivå med Storbritannia enno (for ikkje å snakka um USA!), hev me nok problem med yvervekt og livsstilssjukdomar, difor kann eg ikkje vera samd i at billegare sjokolade er positive nyhende, og at media difor tegjer det ihjel. Eg trur meir på at avisene ikkje vil skriva kritisk um snopeindustrien, truleg av di dei hev interesse av at folk vert feite – då fær vektklubbane til VG og Dagbladet fleire medlemer:-)

  6. Odin

    Synnøve: Ja, – men sjølv um det eigentleg er dumt, so er den eine ein positiv vinkling, medan den andre er meir negativ. Altso, billegare sjokolade kann vera negativt for samfunnet, men ikkje for kvar einskild person. Med mindre dei hev lite sjølvdisiplin, som sikkert er vanleg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.