D70-kamera og linse er vekk

I heimlege strøk er eg kjend for å mista ting, ja, for å vera eit ekte vimsehovud. Dei siste 4–5 åri med innleggheimesida mi hev vel vist dette rett. Eigentleg vil eg berre få skrive det ned slik at eg kann hausta litt sympati og kjenna meg betre; Nikon D70-kamera er vekk. Den digitale speilrefleksen pluss linsa og minnekortet. Eg trur det hende då eg var i Oslo utan å hava nyklane. Kann henda på toget? Eller ein annan plass. Eg hev ikkje peiling, det er lengje sidan. Eg leitte lengje etter det.

For mykje pengar gjeng ut

Då me kaupte det kosta det rundt 14.000 um eg ikkje hugsar feil. No kann eg kaupa eit D80-kamera med ei anna linsa (veit ikkje um ho er like god, men ho hev iallfall litt meir zoom) for under 10.000 trur eg. Likevel er det synd å bruka 10.000 på noko som ein i det heile teke ikkje burde hava trengt bruka meir pengar på. Eg lagde nett ein rekneskap yver 2007 so langt; det ser ikkje lovande ut. Nett no brukar eg omtrent 5.000–7.000 kr i månaden, det er yver kva eg kann bruka. Vil helst ikkje bruka lånet i lånekassa, vil helst berre hava dei pengane og so gjelda alt att når lånet krev renter.

Menmen, til kamera. Eg mista ein del bilete eg hadde teke av Moulin Rouge, eg hev framleis eit par då – men hev ikkje gidda lagt dei ut. Eg trur dei siste var betre (frå siste forestilling) + ein del frå festen. Vil ikkje kaupa kamera fyrr me treng det; eg venter nemleg på

  1. lavare prisar
  2. nyare modell

Men det er forsåvidt teit, for på dei åri me hadde D70-kamera so brukte me det sers mykje. Tok yver 14.000 bilete; og det å gjelda 1 kr per bilete er ikkje mykje. Eg hev hatt det veldig moro med kamera òg, so det hev absolutt lønt seg.

Film i sumar

Ahh, forresten, medan eg pratar um slike ting. I sumar hev eg tenkt å laga ein enkel film saman med Helene Stenhaug. Kamerat Espen (som òg hev skrivetilgang til sida mi, utan at han brukar ho lengre) hev òg sagt seg villig til å vera med. So med ein gong eg fær manus frå Helene (… ting tek tid :p) fær han det. So fær me sjå um eg kann halda dykk oppdatert med produksjonslogg. :D

7 tankar om “D70-kamera og linse er vekk

  1. Espen Aarhus Klausen

    Ta det me ro, Odin. Du kan få et rimelig KOMPAKT KAMERA hos meg. Eg ville anbefalt Samsung sin NV3. Det e ein mp3-spelår. Diktafon. Videokamera me heile 20 bilder i sekunde me oppløsning 720×480. 7,2 megapiksler! Og den har advanced shake reduction! Eg ville og anbefalt å tegnt ein forsikring me på dette supre kjøpet! Ein Happy Care-løsning. Ekstra trygghet for ein ekstra andel me penger. Ja, det kalle me ein trygghed for deg og meg! PS: Minnekort medfølge ikkje.

    Hvis du vil framkalla bilder – kan du og gjør det hos oss!! Heile 79 øre per bilde! Det e ikkje mye når det står om minner for livet!

    På ein aen fotnote har eg tenkt å ta opp dristige leddsetninger på siå igjen. Ting tar bare tid. Og ser fram te ein koselig sommer me mangel på DV-kassetter/system på DV-kassetter :)

    (Ja, me har og DV-kassetter)

  2. Odin

    ESPEN!!! :D:D:D <3

    Eg er so glad for å sjå deg! :D Wohoo! Du må skriva um jobben din; du gjorde jo det nett no – men i eit innlegg. Du hev jo eit flott innlegg um at du ikkje klarte få deg jobb her allereie; dette kann vera fortsetjingi :]

    Hihihi. Forresten let eg meg ikkje lura av deg, og det veit du ;-) Du tenkjer vel berre på alle dei andre som kann henda les innspelet ditt og tenkjer «Å, Espen var ein hyggeleg fyr – han må eg kaupa kamera av». Du veit eg vil hava eit speilrefleks… :-)

  3. Skjalg

    Det er mitt kamera Odin skal erstatta. Eg vil ha eit speilrefleks som eg hadde før. Eg kan ikke forsdra desse små kompakte utan skikkeleg søkar. Ein D80 m 18-135 zoom kostar 7-8000 dei sel det på Lefdal og Expert trur eg. Så Espen – eg trur ikke dykk har Nikon sitt som eg vil ha. Eller tek eg feil?

  4. Synnøve

    Ein grunn til å kaupa nytt kamera no, er at då kann du vera fotoandsvarleg på sumarlægret til NMU!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.