Hev innhaldet på sida mi endra seg?

Då eg kom heim sa Pappa at netsida mi hadde vorte mindre interessant, meir for spesielt interesserte. Eller noko slikt. Eg sa «Ahh, ja, det skjer» og tenkte at han meinte eg skreiv litt for mykje «dagbokinnlegg» der eg pratar um kva eg hadde gjort. Faktisk var det stikk motsett. Han meinte eg hadde vorte for teknisk og prata for mykje um ting som ikkje var i ålmenn interesse.

Forresten hev eg skrive noko liknande som dette fyrr. Av ein eller annan grunn kjenner eg for å seia det på ny (dumme meg).

Kvifor so lite teknisk/nerdete?

Kva eg skal skriva um er noko eg tenkjer mykje på. Dei fyrste 4 åri av netsida mi hev eg styrt unna for tekniske og nerdete emne. Eg lurer litt på kvifor eg gjer det no. Det er vel eit ynskje um å vera noko meir varig. Hmm. Eller, eg vil halda sida mi ganske rein. Likevel trur eg den største grunnen er leserane mine:

Då eg starta netsida, las ingen ho. So etter litt byrja pappa lesa ho, Tor Eirik og gjengen kom etterpå. Eg fekk stadig vita um fleire vener som las ho. Ingen av disse var so interesserte i det eg er interessert i. Vel, kann henda Egil og Jørgen, men det er langt i frå nok til å halda ei sida. Ein annan ting, kvifor skal eg skriva um noko so ekstremt mange andre skriv um? Ingen skriv um mitt liv og kva eg tenkjer på, men folk skriv um kva som skjer i Linux-verdi heile tidi. Eg tenkjer eigentleg berre kjentfolk les netsida mi; og eg brukar det sjølv som ein, ja, dagbok. Eg synest det er kjempemoro å lesa gamle innlegg frå Oxford. Mykje eg hev gløymd ligg att der. Eg vil fortsetja med å skriva slik. Det er ikkje serleg interessant å lesa um tips og triks til Gimp då; det må i so fall verta skild ut til ei eiga side.

Kva prøver eg skriva til sida?

Det er utruleg ofte eg hev lyst å skriva noko, men so tenkjer eg det ikkje passar inn – so vert det ingenting ut av det. Slike metainnlegg som dette er noko eg ikkje likar, og prøver å halda små i mengda. Eg vil so gjerne skriva noko bra når eg fyrst gjer det, difor vert dei fleste innleggi slutta allereie fyrr eg hev starta på dei. Innlegg som dette (ikkje korrekturlese eller gjort enkelt å lesa) er dei verste; diverre hev det vorte fleire av dei. Iallfall mentalt. Eg er sikker på at ein finn like mykje elendig um ein ser bak i arkivet, men nett no tenkjer eg at det er verre enn det hev vore fyrr. :p

Eg skriv t.d. ikkje um Amie Street eller andre kule ting eg driv med. Eg prøver å halda innhaldet utanfor netet.

Men kvifor meinte pappa eg skreiv so teknisk no?

Eg hev skrive ein del um PING og kva me gjer der. Eg skriv nok gjerne litt meir teknisk/nerdete no, av di folki eg heng rundt er interessert i det. Miljøet eg heng i når eg er i Oslo er ei data-miljø. Dei eg kjenner er genuint interesserte og me hev mange gode samtalar um det. So når eg ser at andre forstår og er interessert i slike ting so vert det meir «vanleg» inne i hovudet mitt, og so puttar eg det ut på netsida mi. Det er jo ein so naturleg del av livet mitt – og det skriv eg jo um. Alt er ikkje lengre i hovudet mitt; sidan det er «normalt» so hev eg ikkje noko problem um å skriva um det.

Heile skrivingi gjeng i perioder, som alle sikkert kjenner til sjølv. Nokre gonger skriv eg masse slikt piss som dette, andre gonger klarar eg skriva kvart-interessante greier. Nokon gongar er eg ikkje interessert i at folk skal synast det er noko spesielt (som no, dette er tankedump). Andre gongar skriv eg umtrent berre dagbok.

Pappa sa òg at mamma hadde slutta lesa av di det vart keisamt. Eller noko slikt. Det er sikkert sant – eg merkjer det er mindre aktivitet no; det er dei gamle innleggi mine som det stadig kjem folk til. Men det er ikkje so farleg, når livet mitt endrar seg og eg mistar kontakten med folk (eg er flink til det, veldig flink) so fær dei heller gløyma meg litt òg. Er vel naturleg at eg fokuserer innhald på det er driv med no, ikkje det eg hev drive med fyrr. So… alt i alt, eg let det flyta…

Framtidige meta-innlegg

Eg vil skriva eit innlegg um folk som kontaktar meg via (og grunna) netsida seinare. Det er litt morosamt. Elles må eg verkeleg finna ut kvifor eg skriv sida. Kva er grunnen min no? Eg kann seia «berre for å kunna lesa det når eg er gamal», men det er feil. For eg likar at folk les babbelet no òg. Kven vil eg skriva for, og kvifor? Er det berre yverdrive sjølvfokusering? Hmm. Ein viktug ting er at eg likar det då, so det er vel hovudargumentet for å fortsetja å skriva. :-)

Ja. Slutt. No.

2 tankar om “Hev innhaldet på sida mi endra seg?

  1. Nado

    eg syns du e flink å skriva Odin, sjøl om eg isje har vært innom bloggen like mye i d sista så sette eg alltid pris på den. Det e jo ingen grunn te at du isje kan skriva om nerdeting, bare ha begge? God variasjon skade aldri!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.