Korleis gjekk det med dagens gjerelista?

Tidlegare i dag (eigentleg i går), skreiv eg ei gjerelista for dagen. I morgon (eigentleg i dag) hev eg nemleg eksamen og det var ein del eg burde få gjort. No kom eg på ein ting eg burde hatt på lista: kaup togbillett til Stavanger. Jaja, får gjera det etter eksamen. Sidan berre Simon kom med innspel på innlegget er det truleg berre han som leste det; so difor fær han eitt innlegg til der eg skriv kort um korleis det gjekk (ohh, heldige Simon – dette er altso NMU-Simon, ikkje Stavanger-Simon).

So, kva fekk eg gjort? Er gjerelista følgd? Ja!

Eg fann ut at eg berre held på hybelen og gjeldar dei 5.000 kronone det vil kosta å halda på ein ubudd hybel i heile sumar. So vert det enklare for meg og Rebecca å skaffa parbustad på Kringsjå. Vil helst kaupa eigen bustad; men det er so stress og eg er so redd for å gjera det.

Eg fekk ringd Helene Stenhaug, som var sers moro. Ho er alltid moro å prata med, no skal ho visst verta journalist i Bermuda. Av alle ting. Dette hadde ho ordna i dag. Ho må vera den mest impulsive frie (og «galne») personen eg kjenner. Ho er betre enn meg på mitt aller beste (nokon vil seia verste), og ho er det heile tida. Ho er heilt fantastisk kul.

Alle skulegreione gjorde eg. So eg er litt betre rusta til eksamen i morgon. Skal til og med øva med Egil i morgon tidleg på PING. Kult! Eg spelte ikkje Wesnoth eitt minutt ein gong (Egil spelte ein time). Surfing vart det litt av, men mindre enn normalt. Eg ringde Rebecca som var ganske oppteken, ingen problem – ingen tok telefonen heime, so eg prøvde få tak i mamma men det gjekk ikkje.

So lat oss sjå på gjerelista

  1. Læra karnough-diagram
  2. Skriva ut maskininstruksjonlista
  3. Læra boolsk algebra
  4. Ringja Helene Stenhaug
  5. Vonleg ringja mamma og Rebecca
  6. Ikkje bruka heile dagen på å surfa og/eller spela Wesnoth
  7. Prata med SiO um hybel/parhybel

Wow! Eg veit kva du tenkjer. «Hekkan, Odin er superflink som klarte gjera alle punkti på lista». Du hev heilt rett. Eg er superflink. So no skal eg vera endå flinkare å leggja meg, slik at eg kann stå opp tidleg og øva INF2270 med Egil i morgon :]

5 tankar om “Korleis gjekk det med dagens gjerelista?

  1. Monique

    Superflink e du! Korleis gjekk det?

    Nå får me bare se om eg e like flink når eg ska øva t min fantastiske geografi-eksamen. Eg e den einaste jentå på heile trinnet som kom opp i geografi. Kor ufattelig kult e ikkje det?! Nå har eg ein heil bok å lesa ut på 4 dager. Eg glede meg faktisk, heilt ærlig. Det å øva på geografi e nesten som å lesa ei god bok, bare bedre.

  2. Tilbakeping: Korleis gjekk inf2270-eksamen, og kor er sekken min? - Velmont - Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.