Oceans 13 med mortehu, elles eksamen i morgon

I dag skulle eg øva til eksamen. So vart det ikkje. Eg åt middag 1600 med Egil, der vart me båe gira på å spela Wesnoth. Me gjorde det, Egil drog. Eg skulle på grilling med NUUG, men Wesnoth tok all tid. So spurde mortehu um eg ville på kino, det ville eg. So såg me Oceans 13. Rakk akkurat ikkje t-banen, so hang ein halvtime i byen. Til slutt måtte eg spurta for harde livet for å nå siste t-bane heim.

Eg hev det med å ikkje gjera kva eg bør. Og det hev eg gjort alt for mykje i det siste. I morgon hev eg eksamen i 2270. Eg fann ut han vil verta mykje vanskelegare enn eg hadde trudd. So i morgon hev eg fylgjande gjerelista:

Gjerelista for i morgon (onsdag 13. juni)

  1. Læra meg kardinaldiagram
  2. Skriva ut lista yver maskininstruksjonar for x86-prosessorar (inkludert float x87!)
  3. Læra meg boolsk algebra betre
  4. Ringja Helene Stenhaug (evt. epost/jabber – må få filmmanuset til sumaren no)
  5. Vonleg ringja mamma og Rebecca
  6. Ikkje bruka heile dagen på å surfa og/eller spela Wesnoth
  7. Prata med SiO Bolig um kva som skjer med hybel/parleiligheit til neste semester (la til denne etter publisering, kl 0300)

Lite nyttig døgning

Forresten draumde eg masse i dag. Eg la meg, sov, draumde, la meg, draumde i syklus fleire gongar. Eg skreiv ein tekst der eg prata um det eg hugsa – men det vart ganske teit, so det spørst um eg publiserer det.

Det var koseleg å gå på kino med mortehu. For tvo dagar sidan sat me på saman på PING til klokka var 06, då drog han. Eg drog heim 07. Då hadde eg døgna (utan grunn). Eg la meg 0800 og vakna seint på dagen. Prata med Rebecca og sat på datamaskini. So la eg meg att, og so var det dagen i dag. Var altso inne ein heil dag. Det var jævleg. Gjorde ingenting. Ugh.

Spring mot t-banen

Ja, etter kinoen var ferdig gjekk me seint til t-banen. Me kom på eit pessimalt tidspunkt (mortehu fortalde meg det var det motsette av optimal – fann ingenting i ordboki); banen hadde nett gått og det var 26 minutt til neste. So me gjekk heilt til Jernbanetorget, der fann me ut at det var framleis 15 minutt att, so me gjekk attende ein liten omveg. Mortehu heldt rekningi med tidi (eg hev ikkje peiling, eg gjev ofte uttrykk for at eg kann matte – men det er berre at eg innbiller meg sjølv um det, eigentleg vert eg forvirra av tal).

Me møtte på ein utanlanding som spurde um eit hotel, me gav han veg og mista dimed litt tid. Me gjekk treigare òg. Mortehu sjekka klokka og såg at ho var 2350; altso nett då t-banen kjem. Me var utfor Universitetet i Oslo si jus-avdeling; «no må du springja um du skal rekkja det» (eller noko), sa Morten. So eg spurta. Raskt. Var kjempemoro. Eg rakk toget akkurat. Såg det kom inn då eg var på utsida av Nasjonalteateret t-bane-stasjon. Eg kom meg akkurat inn i siste vogn fyrr dørene vart lukka. Sidan eg er i elendig form, pusta og pesa eg lengje etterpå.

Men no er klokka mykje, og eg lyt sova um eg skal få gjort den enorme gjerelista eg hev laga til i morgon. No er han på netet òg, so då er han endå viktigare. Natta! (0200… gah!)

Oppdatert: La til noko eg gløymde i gjerelista… :-)

8 tankar om “Oceans 13 med mortehu, elles eksamen i morgon

  1. Odin

    Eg hev gjort del ein no; Karnanugh map (Karnaughdiagram). No kann eg dette. Men det er allereie langt utpå dagen! Eg må hava noko å eta, skunda meg å gjera SiO-greia og koma meg til PING.

  2. Simon

    «Pessimal» har eg aldri høyrt før, men det stend i Oxford English Dictionary, så då er det vel eit ord. Same kva, eg trur ikkje eg treng sånt påfuglord for å seia «verst».

  3. Odin

    Simon: Hehe, sant. Det hev nok samanheng med at «optimalt» vert brukt sers mykje i datasamanheng; å gjera ting best mogleg. «Optimera funksjonen». Brukar ofte rare ord i forskjellege område, t.d. brukar me EDB og pratar mykje um «informasjonsteknologi». Det er ofte meint svakt ironisk/humoristisk. :-)

  4. Simon

    Vel, vel.

    Kan du tilrå Ocean’s 13? Eg er sjølvsagt ein sånn som tykkjer originalen er best – i dette tilfellet Ocean’s Eleven frå 1960 med «Rat Pack» (Frank Sinatra og co.), men eg tykte nyinnspelinga frå 2001 var underhaldande. Oppfølgjaren til denne bar preg av å vera ein kompisfilm, altså ein film der dei involverte (skodespelarane, regissøren og så bortetter) berre ynskte å laga endå ein film saman av di dei likte stunda dei hadde saman under den fyrste. Vurderer å ramla innom kinoen ein tur i løpet av veka.

  5. Odin

    Simon: Hum… Det var ein morosam film. Underhaldande. Eg fekk nett kva eg venta. Han var korkje betre eller dårlegare enn kva eg trudde på førehand. So eg likte han godt. Sjølvsagt (som den liksom-nerden eg er) var det ein god del usannsynlege ting eg vart litt irritert yver. Eg klarte ikkje heilt gjera som mortehu sa «Suspension of disbelief» (utset å vera kritisk og mistruande – tru på kva filmen fortel). Dessutan var han som mange filmar ganske opplagt, visste allereie kva som ville skje ganske godt i førevegen.

  6. Tilbakeping: Korleis gjekk det med dagens gjerelista? - Velmont - Odin Hørthe Omdal

  7. Skjalg

    Vonar det gjeng godt på eksamen Odin! Når du kjem heim til Schancheholen skal eg hjelpa deg med å få utførd planane du set deg for dagane…..

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.