Ping lyt skaffa seg blogg

Me hadde ein, men ingen skreiv noko – so han vart lagt ned. No sit Erik og speler gitar via Linux-boksen til mortehu og inn i MIDI-keyboadet til Erik. Korleis inni svarte natta gjeng dette an, spyrr du som kann litt um musikk. Jodå; det er ganske enkelt, gitaren hev vorte ein MIDI-gitar(!!) og mortehu sin boks cat-er /dev/midi1 (gitar) inn til /dev/midi2 (keyboard) medan han teikner opp kva strengane speler i fargerike strekar på skjermen.

Det hadde vore ein ganske stileg video, eller eit kjekt blogg-innlegg; men sidan ingen i Ping gidd halda ein slik blogg ved like (eg gidd ikkje skriva engelsk) vert det lite av. Hadde me hatt eit videokamera hadde det kann henda vore meir gjevande å laga ein videoblogg; på ein måte er det mindre stress.

Det er ganske moro å sjå Erik sitja å spela elgitar, men det er ikkje gitarljod me høyrer – men eit flygel (eller kva du vil) som spelar. Høyrest vel eigentleg ut som um det er tvo stykk som speler saman, piano og gitar. Feitt. ;-)

P2k med lås, døropnar, NAD-volum-kontroll og PMS

Det er mange prosjekt som burde vore fortald um her.

P2k4 med lås

P2k er eit kjøleskåp som er kobla til ein datamaskin; datamaskina held styr på kva som er i kjøleskåpet og kvar brukar hev pengar på kontoen sin der. Når ein kaupar noko vert det trukke frå kontoen, set ein noko inn fær ein det varone kosta. På den måten «tvinger» systemet folk til å halda kjøleskåpet fullt.

For ei tid sidan sat me inn lås i kjøleskåpet òg – slik at ein ikkje kann opna det med mindre ein loggar på datamaskini. Med «me» meiner eg altso at eg stod og såg på medan dei andre jobba. Men det skal nok gå greitt um eg set meg inn i det ein dag og prøver. :-)

Døropnar

Utanfor døri til Ping står ein skjerm som visar ASCII-video frå eit vevkamera. Veit du ikkje kva ASCII-video er, so er det video vist som tekst. Sjå på biletet for å forstå:

Ascii-webcam

Um du vil inn, kann du slå på Blåtann-mobilen din (Bluetooth) og døri opnar seg (um du er Ping-medlem). Hev du ikkje Blåtann-mobil, som meg, so skriv du berre inn brukarnamn og passord på tastaturet; so opnar døri seg. Fyrr nytta me ein CD-spelar på baksida av døri for å opna ho; men no nyttar me ein ekte elektronisk lås – visstnok veldig, veldig sikker og god. Moro å sjå korleis dei hev lodda det til for å få alt til å fungera. Sers moro :-)

PMS (for Playstation 3)

PMS er vel eigentleg berre programvare, so langt eg veit. Ping PS3-en (Zelda heiter han visst, mortehu fekk han av Sony) vert brukt til å spela musikk frå alle datamaskinone på PING, men òg for å sjå filmar (XviD, x264, Theora, DVD, Blueray(!)…) på prosjektoren. PS3-kontrollen brukast til å styra PMS; so faktisk måtte det til litt hardware òg. Sidan det ikkje fanst noko bra mediaskal for PS3 Linux laga nokon på Ping det (eg tenkjer meg mortehu utvikla det med hjelp frå diverse folk). PMS er vel òg laga for å integrera lett med resten av PING, som bringar meg vidare til:

NAD-link, volumkontroll direkte på forsterkar

Logg inn på ei maskin på PING, spel noko musikk og trykk Ctrl + +. Sjå burt på NAD-forsterkaren; kva er det du ser? Jo – volumhjulet på forsterkaren gjeng rundt! Det er supertøft og veldig bling-bling. Det finst ei sida på netet som forklarar formatet på NAD-linken, det måtte dei reverse engineera.

Og masse meir

Det er nok masse eg ikkje kjenner til og/eller hev gløymd. Men utanom dette so hev me ofte filmkveldar og gjer andre koselege ting; et saman, ordskiftast, speler osb, osb. So det hadde vore moro um Ping hadde hatt ein plass på veven for å visa kjekke ting me gjer. Me hev jo Ping si heimesida og wikien, men det vert ikkje til at det er oppdatert. Jaja, er nok ikkje so viktig so lengje me hev det moro her. :-)

Ein tanke om “Ping lyt skaffa seg blogg

  1. Egil

    Du sko jo mekka ny side Odin. E jo bare å mekka wordpress theme så har me statiske sider/blogg på sama siå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.