Det tok ikkje lange tidi, for ho var ekstremt god: Ferdig med å lesa siste Harry Potter-bok; Deathly Hallows
Då er eg ferdig med å lesa den siste Harry Potter-boki, Deathly Hallows. I går natt var meg, Rebecca, Tonje og ein haug andre i byen for å kaupa boki eitt minutt yver eitt då ho vart sluppe. Fredagen fyrr fekk eg ein utruleg hug til å lesa boki raskt. Ikkje la heile verdi få lest ho fyrr meg. Og no er eg altso ferdig, ikkje alt for lengje etter det var mogleg å få henne. Og du treng ikkje lesa med lukka augo, for eg vil ikkje spolera boki.
16 innspel






