Brua til Terabithia, fantastisk god barne(?!)film

Filmforsmakane fyrr sjølve filmen er utelukka for barnefilmar. Reklamen og filmplakatane viser òg at det er ein barnefilm. Dei hev tilogmed omsett tittelen til norsk, noko dei diverre(?) berre gjer for barnefilmar. So dei vil hava meg til å tru det er ein barnefilm. Likevel hadde eg lyst til å sjå han, nett i dag. Veldig rart. No hev eg sett han saman med Rebecca, og eg kan raskt seia; det er den beste filmen eg hev sett so langt i år.

Barnefilm i Noreg? Ungdomsfilm i USA?

Eg hev sett litt rundt og funni ut at folk hev vorte sinte av di det ikkje var ein typisk barnefilm. Dei hadde teke med seg ungane sine og trudde dei skulle sjå ein magisk film for ungar. Eg trur filmen er veldig god for ungar, men likevel synest eg han fortener å verta kalla ungdomsfilm. For han handlar um alvorlege emne, og eg vart veldig rørt av denne filmen. Eg grein som ein liten unge. Filmforsmaken (eg klarar ikkje finna eit godt norsk ord for «Trailer», må vel laga noko nytt og spenstig) viser det som ein barnefilm. Det forstår eg godt, for det er litt vanskeleg å visa kor ekstremt god rollebygging og kor trist denne filmen er i ein liten forsmak. So dei hev berre teke med dei overflatiske delane (som forsmakar plar gjera).

Den norsk-danske filmplakaten

Noko eg beit meg merke i, derimot, var dei forskjellege filmplakatane eg såg av denne filmen. I Noreg ser det ut som ein livleg film som er full av glede og morsomme påfunn:

Broa til Terabithia

«Broen», liksom. Og kva faen? «Ei heil ny verd ventar på deg»? Det er det dummaste eg hev høyrd! Hev me sett same film? Jodå, eg forstår kva dei meiner, men å hava noko so villeiande på ein plakat er berre slemt. Folk trur dei kjem til ei heilt ny verd då, ikkje tekniske detaljar ein kann sno seg rundt når ein allereie hev sett filmen (evt. lest boki). Sjølv um det er mogleg å skriva den teksten, so er det jo ikkje det filmen handlar um. Dei som trur og ventar det vert skuffa. Kvifor omsette dei ikkje berre det den engelske plakaten seier?

Den engelske/amerikanske(?) filmplakaten

Den amerikanske plakaten er meir vaksen og passar betre til filmen. Kvifor prøver me i Europa å selja filmen som noko han ikkje er?

Bridge to Terabithia

Forresten fann eg ein annan plakat på IMDB, som ser meir ut som ein typisk Disney barnefilm. Fann ikkje stor versjon:

Bridge to Terabithia

Kinosalen var nesten tom

Det kann henda av di det var sundag, og midt på dagen. Men filmen gjeng ikkje på kvelden, av di det visstnok er ein familiefilm. Piss og tullprat. Denne burde hatt meir grunn til å gå på kvelden enn det Narnia og Harry Potter-filmane hev. Dei vert vel kann henda sett på som familiefilmar og barnefilmar, men likevel fær dei mykje høgare status når dei vert marknadsført. Men «Brui til Terabithia» hev betre skodespel, ei meir alvorleg historie og mindre «woop-woop» barneunderhaldning enn Narnia og dei fyrste Harry Potter-filmane (dei hev vorte mørkare og meir vaksent).

Faktisk so er det ikkje ein magisk verd i det heile teke i denne filmen, dette er ei realistisk historie. Eg vart sers yverraska (og glad) då eg fann det. Kann henda det var grunnen til at eg vart so rive med og grein slik eg gjorde. Det er skikkeleg synd at fleire ikkje vil sjå denne filmen. Dei burde vore meir ærleg um kva han er for noko. Eg veit mange som ikkje vil lika han kjempegodt, men synest det var ein ganske god film; dei vil truleg aldri sjå han. Hadde eg sjølv sett på TV / sett forsmaken på filmen hadde eg truleg ikkje sett han. Eg såg ein plakat ein gong, tenkte filmen såg litt tåpeleg ut og so gløymd han.

Kvifor såg eg filmen lell?

Meg og Rebecca såg ein morosam film i går «Ella the Enchanted» (Den fortrylla Ella) som eg vart positivt yverraska yver. Eg trudde han var megateit, men eg likte han. God underhaldning. Difor var eg meir villig til å sjå «Bridge to Terabithia» i dag. Det angrar eg slett ikkje på. Fantastisk, fantastisk film. Ahh. Eg kjenner meg (bitte)litt att i han frå då eg sjølv var liten.

Ho som spelte «Ella» i førnemde film var fantastisk herleg. Det same var dei tvo hovudskodespelerane i denne. Josh Hutcherson og AnnaSophia Robb imponerte meg verkeleg. Eg plar ikkje bry meg stort um skodespelarar, men hekkan so bra det var. Elska rolla til AnnaSophia.

Kva handlar filmen kort um då?

Jesse hev trent heile sumaren for å verta den raskaste sprintaren på skulen og få respekt. Når den nye eleven Leslie kjem og vinn yver alle vert han sint. Til slutt vert dei likevel gode vener, trass i at ho er rik, han fattig, ho kjem frå byen og han er bondegut. Saman lagar dei Terabithia, med monstre, troll, kjemper og farlege ekorn. Dei er konge og dronning. Denne venskapen hjelper Jess å takla tragedien som fær han til å innsjå kva Leslie hev lært han.

(Det er stole frå IMDB)

Høyrest kann henda ikkje best i verda ut. Men det er superherleg å sjå Jess og Leslie leika saman, og tragedien gjeng verkeleg sterkt inn på ein av di filmskaparane hev fengje oss til å bry oss so mykje um dei.

So um du hev litt tid og vil sjå ein film, ikkje ver redd for «Brui til Terabithia». Vurdér han saman med andre filmar, det er ingen barnefilm som utelukkar vaksne/ungdom.

Hev du sett han? Kva tykkjer du?

12 tankar om “Brua til Terabithia, fantastisk god barne(?!)film

  1. Hjorthen

    Det er en nydelig film, men markedsføringen av den er det all grunn til å stille spørsmål ved ja. Den amerikanske plakaten er nydelig og gir en umiddelbart lyst til å se filmen. Den norske utgaven avfeier hele prosjektet som nok en støyende Nanny McPhee? Håpløst!

    Min omtale av den: http://hjorthen.org/?p=2092 men i ettertid liker jeg den nok bedre enn jeg gir inntrykk av der.

  2. Monique

    Eg tror faktisk eg har lest bokå, handlingen ringe vertfall ein aldri så liten bjelle. Hvis det e den eg tror det e, så tippe eg du hadde god grunn t å grina:) Hadde tenkt meg på kino ein dag denne kommende uken, så kanskje eg ser denne.

  3. Odin

    Hjorten: Ja, sant. Godt innlegg, eg må få sitera litt for dei som ikkje sjekkar ut «heile omtala di»:http://hjorthen.org/?p=2092:

    bq. Sekvensene fra Terabithia er få, egentlig unødvendige, og preget av litt slufsete CGI. Dette er ikke fantasy, det er en hyllest til fantasien. Den handler om viktigheten av vennskap, og lekens betydning for mestring av hverdagen. Om dette hørtes kjedelig ut så er den ikke det altså, …

    Veldig sant. No fekk eg sett filmforsmaken til Terabithia. Eg vart heilt mållaus. Korleis kann dei gjera noko slik? Det er jo villeiing av verste sort!

    Litt av tema; korleis fann du innlegget (og so fort!)? Eg reklamerer jo ikkje stort for heimesida mi. Brukar ikkje dei norske pinge-tenestene lengre. «Børge»:http://blogg.forteller.net foreslo Technorati? Ganske imponerande i alle fall. Takk for innspel, alltid koseleg og moro med vitjing frå nettkjendisar ;-)

    Monique: Ja, du hev nok lese ho. Rebecca las berre byrjingi, av ein eller annan rar grunn. No hev me båe lyst å lesa boki ;-)

  4. Hjorthen

    Nettkjendis du liksom…eg fann innlegget fordi eg har deg i Bloglines-lista mi, så eg følgjer nok med på kva du driv på med sjølv om eg ikkje har kommentert her før nå. Men at eg var rimeleg kjapp var nok berre eit reint tilfelle.

  5. børge

    Hey, jeg foreslo nå også at han muligens abonnerer. Aldri undervurder Hjorthens evne til å sluke feeds fra norske blogger.. :)

  6. Rebecca

    Jupp, den filmen var bare så nydelig. Jeg nøt den virkelig. Jeg kan’ke fatte hva som fikk meg fra å lese hele boka! Tror det var noe med at vi var i USA og det var så mye å gjøre at jeg glemte det. Men gjett om jeg skal lese’n nå! Fantastisk gode skuespillere, jeg blir så glad når det faktisk er det! For som alle vet er jeg en stor Harry Potter-fan, og det er litt kjipt at ikke alle skuespillerne i de filmene er helt på topp. Herlig å se en filmatisering av en bok, med troverdige og passende skuespillere. Kjente igjen AnnaSophia Robb fra «Charlie and the Chocolate factory,» så jeg hadde litt forhåpninger der. Kan’ke si jeg blei skuffa! Wee! Jeg vil ha den filmen!

    Odin, bestem deg; «broi» eller «brui.» Og det er «Ella Enchanted,» ikke «the Enchanted.» ;) Sorry, kunne ikke la være å kommentere det.

  7. Synnøve

    Eg fekk boki ein gong då eg var lita, og las henne upp att i påsken. (Ho heiter forresten «Alene på den andre siden» i den umsetjingi.) Eg likte filmen særs godt; han tok vare på alle dei viktige elementi frå boki, so som tilhøvet mellom Jess og far hans, korleis May Belle ser upp til bror sin og ikkje minst evna Jess og Leslie hev til å forstå einannan, jamvel om ingen forstår dei. Ein annan ting eg var glad for at dei tok med, var underhandlingi med mobbaren Janice Avery. Eg var på førehand litt redd for at dei kom til å kutta det frå filmen.

    Du hev kann henda rett i at det er villeidande med dei fantastiske innslagi, sidan det er ein realistisk film, men han handlar jo mellom anna um den makti fantasien hev, og for Jess og Leslie er Terabithia ekte. Eg klarar ikkje å sjå noko gale med det, i grunnen.

    Det einaste viktige dei hev endra på, er tidsalderen. Boka er skriven (og gjeng fyrre seg) på sekstitalet, her hev dei uppdatert handlingi til i dag. Eg er ikkje viss på um det gjer noko. Sikkert ikkje.

    • Synnøve (som lurar på um ho skal kutta ut praksisen sin med å skriva høgnorsk til høgnorskingar, sidan det fær henne til å kjenna seg inkonsekvent…)
  8. Odin

    Børge: Ja, men eg tenkte det var lite sannsynleg at folk hadde so mange straumar i nyhendelesarane deira. :-)

    Rebecca: Eg skreiv «Broi» fyrst, men so retta eg det til «Brui», trudde eg fann alle plassane, men gjorde visst ikkje det. Forresten skreiv i «Brua» i yverskriften med vilje. Eg hev skrive tittelen på mange måtar, lurte på um nokon ville seia noko um det ;-)

    Jaja, småpirk på deg.

  9. Monica

    Høyrest ut som det er ein film det er verd å få med seg, dette. Må sjå om eg ikkje greier å få han med meg før eg fer av garde på ein liten tur.

    Men kvifor filmen vert marknadsført som barnefilm; det er vel med filmane som med bøkene: Er det noko innslag av fantasy eller noko eventyrleg, så er det per definisjon for born. Så får ein heller omklassifisere ein del tydlege unnatak.

    Litt på spissen kanskje, men eg har lest nokre hjartesukk om det der tidlegare, både på norsk og framandlandsk, så det må no vera noko i det…

  10. Odin

    bq. …sidan det er ein realistisk film, men han handlar jo mellom anna um den makti fantasien hev, og for Jess og Leslie er Terabithia ekte. Eg klarar ikkje å sjå noko gale med det, i grunnen.

    Synn0ve: Jadaa, eg trur ikkje eg sa at det ikkje burde vore med i filmen. Hehe, det er ekte for dei – og ein sers stor del av filmen. Men det er ikkje ein fantasifilm. Filmen krev ikkje at me trur på ei anna verd; han krev berre at me trur på at Jess, Leslie og May Belle kann tru på det (heh). Eg syntest det var heilt fantastisk.

    Elles elskar eg når du skriv høgnorsk, eg synest ikkje du virkar serleg inkonsekvent ;-)

    Monica: Ja, få han med deg. So kann du sjå um du vert like rørt som meg :p Hmm, ja, kann henda. Men eg synest det er for vondt at dei i det heile teke prøver å seia dette er ein vanleg fantasi-film.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.