Eg burde verta kokk

So var det tid for middag att, og kjøleskåpet er fullare enn nokon gong fyrr. I ymse glimt av arbeidsvilje og positive syn um framtida handlar eg stort inn på matvare etter matvare. Kaupar inn ting eg ikkje veit kva er til ein gong, men tenkjer eg kann sikkert bruka det på ein eller annan måte. Eg kann putta ting saman og eta sunt, som ein flink gut.

Eg må slutta med ferdigpizzaen innser eg for, eit kjøleskåp fullt av varor som ikkje er rørt på ei vìka lover ikkje bra. Maten må etast fyrr han vert dårleg. Og eg dreg jo til Kviteseid i morgon! Med rak vilje og stå-på mot fyrer eg jerngryta opp på steikjeplata. Etter ein stund ser eg TV-rommet byrjar verta røyklagt. Inne på kjøkkenet ser eg omtrent ikkje til andre veggen. Etter grytevask og dobbelsikring um at det ikkje er meir att nedi ho ringjer telefonen. Eg legg på då eg merkjer at det atter ein gong er litt vanskeleg å sjå. Ah vel, dei er vel berre slik desse grytone, seier eg medan eg tenkjer eg ikkje burde verta kokk.

I kjøleskåpet hev eg altslag rart. Ooo, sopp! So eksotisk! Ut med, hakk opp og putt i gryta som allereie er full av litt for mykje olivenolja.

Rein sopp er ingen middag

Må hava meir oppi. I kjøleskåpet ligg eit par laukar (jadå), eg tek ein og kappar han opp. So oppi gryta. Dansar lett rundt kjøkkenet medan eg rører rundt i gryta. Eg kjenner meg godt og veit med eitt at her må meir til. Dette gjeng jo som det susar! Eg tek oppi litt forskjelleg krydder eg ikkje veit kva er og kuttar opp nokre tomatar. Heller på litt meir olivenolja saman med tomatane.

Eg burde verta kokk

Eg luktar. Aaaahhh. So godt det luktar! Det ser godt ut òg. Eg vert kjempesvolten og tenkjer heilt bestemt at eg burde verta kokk. Ja, eg tenkte feil i stad, det er jo sant at eg burde verta kokk.

Eg dansar vidare og klarar ikkje stoppa, meir må i gryta! Eg skal laga supergod middag! Eg må òg få brukt opp meir av det eg hev kaupt. Eg opner ein boks med bønner og tek fleire tomatar oppi. Eg rører og rører. Rører og rører. Eg skreller ei potet. Eg lagar småterningar og puttar nokre få nedi, so finn eg ut at dei ikkje vil verta steikte ferdig på denne tida. For eigentleg var retten ferdig for lengje sidan.

Alt er steikt lengje nok. For lengje. Faktisk. Og eg hev rørt for mykje. No er det ikkje lenger ei lekker blanding som luktar godt. Det er ein brun graut. Det ser heilt forferdeleg ut. Det ser ut som most katt. Og smakar sikkert verre. … Hekkan.

Fram med tallerken og middag ferdig

Eg splæsjer litt av gugga yver på ein tallerk og legg ved mange blad ishavssalat på sida. Gusje.

Eg tok so absolutt feil, eg burde jo for all del ikkje verta kokk.

2 tankar om “Eg burde verta kokk

  1. Ola

    Kva tyder «(jadå)»? Eg tykkjer det er litt enklare å laga mat etter oppskrifter. Prøv det neste gong! Då skal du sjå at du sikkert kunne vorten kokk.

  2. Odin

    Ola: (jadå) kortform for (jadå, eg veit eg hev mange laukar for ein liten person).

    Faktisk so laug eg litt. For det ende ikkje slik, då eg skreiv dette åt eg. Maten var faktisk kjempegod sjølv um han såg ekkel ut. Og so var han næringsrik òg. So er vart ganske nøgd i slutten. Men eg sat meg ned for å skriva det eg skreiv, so difor vart det den slutten. Eg tenkjer det vart betre å slutta av med at alt var drit enn at det faktisk var godt ;-)

    Eg hev ikkje tolmod til å fylgja oppskriftar. Eg veit ikkje kva ting er for noko, kva dei heiter, og eg hatar å porsjonera «so mykje av ditt, so mykje av datt». Eg tek so mykje eg vil hava av kvar ting sjølv, takk!

    Når «eg lagar pannekaker»:http://www.velmont.net/2005/07/15/pannekakar/ plar eg berre taka so mykje eg kjenner eg treng. I dag trur eg at eg lagar omelett. Men sidan eg hev øydelagd omelettar tusen gongar, trur eg at eg finn ut korleis ein skal laga «grunnomeletten». Eg må bruka opp resten av det eg hev, so det vert nok ein rar omelett med altslag rart oppi. Men ost er alltid bra i omelett iallfall :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.